Ein nåde å flytte inn i

I fjor haust starta vi opp Vårt Lands bokbilag, Bøker. Her er nokre av høgdepunkta frå halvåret som gjekk.

Å lese den kanadiske poeten Anne Carson kan vere irriterande, på den friske måten, skreiv Ulla Svalheim i essayet «Vil motvirke den late forståelsen».
Å lese den kanadiske poeten Anne Carson kan vere irriterande, på den friske måten, skreiv Ulla Svalheim i essayet «Vil motvirke den late forståelsen».
Er det typisk norsk å elske Peer Gynt, spurde Karen Frøsland Nystøyl i essayet «Angsten for løken». I dette nummeret skreiv vi også om den kinesiske forfattaren Yan Lianke.
Er det typisk norsk å elske Peer Gynt, spurde Karen Frøsland Nystøyl i essayet «Angsten for løken». I dette nummeret skreiv vi også om den kinesiske forfattaren Yan Lianke.
Den amerikanske litteraturforskaren Stephen Greenblatt gir ei spennande og innsiktsfull framstilling av Adam og Evas nedslag i europeisk kulturhistorie, skreiv Rolv Nøtvik Jakobsen i eit essay.
Den amerikanske litteraturforskaren Stephen Greenblatt gir ei spennande og innsiktsfull framstilling av Adam og Evas nedslag i europeisk kulturhistorie, skreiv Rolv Nøtvik Jakobsen i eit essay.
Poeten Eldrid Lunden (50 år som forfattar i fjor) trur ikkje ho nokon gong kjem fram til ei absolutt sanning. Men ho er pukka nøydd til å velje ei retning, sa ho i Live Lundhs intervju.
Poeten Eldrid Lunden (50 år som forfattar i fjor) trur ikkje ho nokon gong kjem fram til ei absolutt sanning. Men ho er pukka nøydd til å velje ei retning, sa ho i Live Lundhs intervju.
Margit Sandemo er kanskje Noregs mest leste forfattar. Men ho vart òg klaga for å vere satanist, og Sagaen om Isfolket vart kasta på bokbål, skreiv Lars Petter Sveen i artikkelen «Sagaen om Margit».
Margit Sandemo er kanskje Noregs mest leste forfattar. Men ho vart òg klaga for å vere satanist, og Sagaen om Isfolket vart kasta på bokbål, skreiv Lars Petter Sveen i artikkelen «Sagaen om Margit».
Ole Asbjørn Ness trur at alle ærlege menneske, særlig viss dei vil være litterære, må ha ei religiøs grunnstemning. Litteraturen stikk djupare enn ditt eige eg, sa han i Arne Guttormsens intervju.
Ole Asbjørn Ness trur at alle ærlege menneske, særlig viss dei vil være litterære, må ha ei religiøs grunnstemning. Litteraturen stikk djupare enn ditt eige eg, sa han i Arne Guttormsens intervju.
Ikkje snakk så mykje om kristenlivet, gjer det i staden. Stian Kilde Aarebrot og Oskar Skarsaune vil følgje Jesus sjølv når han er på det mest radikale.
Ikkje snakk så mykje om kristenlivet, gjer det i staden. Stian Kilde Aarebrot og Oskar Skarsaune vil følgje Jesus sjølv når han er på det mest radikale.
Det ligg ei religiøs livskjensle i Amalie Skrams verk. Det er underkommunisert at ho på slutten av livet var eit djupt religiøst menneske, sa Merete Morken Andersen til Lars Petter Sveen.
Det ligg ei religiøs livskjensle i Amalie Skrams verk. Det er underkommunisert at ho på slutten av livet var eit djupt religiøst menneske, sa Merete Morken Andersen til Lars Petter Sveen.
Gud har ein misunningsverdig posisjon som forteljar, sa Gunnhild Øyehaug til Live Lundh i forfattarintervjuet «Stemmen bak maskene».
Gud har ein misunningsverdig posisjon som forteljar, sa Gunnhild Øyehaug til Live Lundh i forfattarintervjuet «Stemmen bak maskene».
Eit stort mål er nådd når vi for første gong har heile den økumeniske bibelen tilgjengeleg på nynorsk, sa Bibelselskapets Hans-Olav Mørk i Arne Guttormsens artikkel om apokryfane.
Eit stort mål er nådd når vi for første gong har heile den økumeniske bibelen tilgjengeleg på nynorsk, sa Bibelselskapets Hans-Olav Mørk i Arne Guttormsens artikkel om apokryfane.
Per Arne Dahl skreiv eit essay om poeten Hans Børli, som ville fylt 100 år i fjor. Adelheid Seyfarth Gulbrandsen sa i eit intervju: «Hos diktaren Hans Børli tek naturen imot oss alle, akkurat som Gud.»

Anne Karin Elstad bar med seg formødrenes historie og slektas gang i lang tid før stoffet tvang seg fram i romanform, skreiv Turid Barth Pettersen i meldinga «Mødrenes byrder».
Anne Karin Elstad bar med seg formødrenes historie og slektas gang i lang tid før stoffet tvang seg fram i romanform, skreiv Turid Barth Pettersen i meldinga «Mødrenes byrder».
Dette nummeret av Bøker var via dei norske skjønnlitterære debutantane. Vi trykte ei rekke intervju med og meldingar av nokre av dei nye interessante stemmene.
Dette nummeret av Bøker var via dei norske skjønnlitterære debutantane. Vi trykte ei rekke intervju med og meldingar av nokre av dei nye interessante stemmene.
I dette nummeret presenterte vi årets bokfavorittar til Vårt Lands litteraturkritikarar. 
Jan Grue og Per Petterson trona på toppen.
I dette nummeret presenterte vi årets bokfavorittar til Vårt Lands litteraturkritikarar. 
Jan Grue og Per Petterson trona på toppen.
Det handlar om å vere medmenneske. Det handlar om å halde seg sjølv og dei rundt seg flytande, sa Inger Bråtveit til Lars Petter Sveen.
Det handlar om å vere medmenneske. Det handlar om å halde seg sjølv og dei rundt seg flytande, sa Inger Bråtveit til Lars Petter Sveen.
Om ikkje vi vender tilbake til nytestamentleg kristendom, går det galt, sa Truls Øhra, aktuell med , til Arne Guttormsen.
Om ikkje vi vender tilbake til nytestamentleg kristendom, går det galt, sa Truls Øhra, aktuell med , til Arne Guttormsen.
Gjennom store delar av forfattarskapen er Karl Ove Knausgård i samtale med Bibelen og kristen tru. Han tek ut avstand, men stirer mysteriet i kvitauget, skreiv Alf Kjetil Walgermo i essayet «Knausgårds kamp med Gud».

Publisert Sist oppdatert

Hausten 2018 har Vårt Land stått for nokre av dei finaste avisframsidene i Noreg. Kvar fredag har det nystarta bokbilaget vårt, Bøker, hatt ein illustrasjon av Stian Hole på framsida. (Med eitt unntak: Då hadde vi Caravaggio.) I dette vesle årsoppgjeret presenterer vi alle illustrasjon­ane på eitt brett, saman med ei kortfatta oppsummering av intervju, essay og bokmeldingar vi har hatt på trykk. Vi kan ikkje rekne dei alle. Men gode påminningar kan vi gi.

Det første nummeret Bøker kom ut 31. august i fjor, morosamt nok same publiseringsdato som det første nummeret av Vårt Land i 1945. Vi trykte eit stort essay om den kanadiske samtidspoeten Anne Carson. Vi starta dei nye spaltane Teo­logisk bibliotek, der vi gjennom hausten har presentert viktige teologiske bøker frå oldkyrkja og fram til i dag, og Helt gresk, der vi forklarer greske og hebraiske ord og uttrykk frå Bibelen. Og vi intervjua Mona Høvring, som kom med boka fleire bokmeldarar meiner var ei av dei beste i fjor, Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg blei født. Tittelen på min eigen bokleiar var inspirert av Høvrings forfattarskap, «Ein nåde å flytte inn i», der eg fortalde om kvifor vi held litteraturen så høgt i Vårt Land.

Viktig bidrag

Ikkje minst har vi sett det som viktig å bygge ut, og ikkje bygge­ ned, litteraturkritikken. Den gode og ­reflekterte vurderinga av nye bøker er eit viktig bidrag til den opne og opplyste offentlege samtalen i landet vårt. I det første nummeret meldte vi bøker av Hanne Ørstavik, Anne Helene Guddal, ­pater Ellert Dahl og svenske Agneta Pleijel. Kombinasjonen av aktuelle norske bøker, internasjonalt utsyn og bøker med ein trusdimensjon prega bokbilaget gjennom hausten.

Den kinesiske forfattaren Yan Liankes roman De fire bøkene er verdt å minne om i så måte. Boka som kom på norsk i fjor, er rik på bibelreferansar samtidig som ho også er i samtale med konfutsiansk tradisjon. Vi både meldte boka og gjorde intervju med forfattaren, ei av dei mest spennande stemmene internasjonalt.

Mange meldingar

Det vil naturlegvis føre for langt i eit kortfatta årsoppgjer å trekke fram igjen alle bøkene vi meldte i fjor. Somme av tekstane har stått på trykk i papiravisa, dei fleste er blitt publiserte digitalt. Alt stoffet er framleis tilgjengeleg for abonnentane våre gjennom Vårt Lands nettsider og e-avis.

Ikkje minst har vi følgd den norske skjønnlitterære bokhausten tett, og frå ulike kantar: Vigdis Hjorth og Karl Ove Knausgård, Eldrid Lunden og Per Petterson, Gro Dahle og Levi Henriksen – berre eit lite knippe av eit stort utval meldingar. I eitt av nummera brukte vi alle plassen på debutantane, med nye namn som Kristin Hauge, Martin Tesli og Tharaniga Rajah. Og vi har jamleg skrive om barne- og ungdomslitteratur og poesi. Det utvida bokbilaget vårt i november hadde ein lengre seksjon via Hans Børli.

I tillegg til meldingar og essay har vi også hatt regelmessige forfattarintervju, som Eldrid Lunden, Gaute Heivoll, Tine Jarmila-Sir, Ole Asbjørn Ness, Gunnhild Øyehaug, Tore Kvæven og Inger Bråtveit.

Kristne forlag

Av norsk sakprosa har vi blant anna trekt fram Truls Øhras Maktens historie, Marte Michelets Hva visste hjemmefronten? og biografiane om Margit Sandemo og Amalie Skram. Vi har følgd med på bøkene frå dei kristne forlaga, som Oskar Skarsaunes Etterlyst: Bergprekenens Jesus og Stian Kilde Aarebrots Kunsten å forme livet – plastisk teologi. Vi har skrive lengre saker om poeten Trygve Bjerkrheims forfattarskap (Lunde forlag), om Bibelselskapet si nye omsetting av dei gammaltestamentlege apokryfane og den nye «kvardagsbibelen» på Hermon forlag, ein bibel med forenkla språk.

Vi har også prøvd å trekke inn fleire internasjonale utgivingar. Vi har meld aktuell nordisk litteratur, og vi har blant anna trykt større tekstar om Stephen Greenblatts The rise and fall of Adam and Eve, John Grays Seven Types of Atheism og Fiona Sampsons biografi In Search of Mary Shelley, The Girl Who Wrote Frankenstein.

Hausten 2018 ligg allereie bak oss. Men bøkene som kom ut i fjor, er ikkje gått ut på dato. Mykje av bokstoffet vårt er framleis relevant for den interesserte lesar. Likevel: No kjem våren, med nye titlar og diskusjonar. Sjølv skal eg ha nokre månaders pappapermisjon før eg vender attende over sommaren. I mellomtida: God lesing!