Bøker

Ein nåde å flytte inn i

I fjor haust starta vi opp Vårt Lands bokbilag, Bøker. Her er nokre av høgdepunkta frå halvåret som gjekk.

Bilde 1 av 17

Hausten 2018 har Vårt Land stått for nokre av dei finaste avisframsidene i Noreg. Kvar fredag har det nystarta bokbilaget vårt, Bøker, hatt ein illustrasjon av Stian Hole på framsida. (Med eitt unntak: Då hadde vi Caravaggio.) I dette vesle årsoppgjeret presenterer vi alle illustrasjon­ane på eitt brett, saman med ei kortfatta oppsummering av intervju, essay og bokmeldingar vi har hatt på trykk. Vi kan ikkje rekne dei alle. Men gode påminningar kan vi gi.

Det første nummeret Bøker kom ut 31. august i fjor, morosamt nok same publiseringsdato som det første nummeret av Vårt Land i 1945. Vi trykte eit stort essay om den kanadiske samtidspoeten Anne Carson. Vi starta dei nye spaltane Teo­logisk bibliotek, der vi gjennom hausten har presentert viktige teologiske bøker frå oldkyrkja og fram til i dag, og Helt gresk, der vi forklarer greske og hebraiske ord og uttrykk frå Bibelen. Og vi intervjua Mona Høvring, som kom med boka fleire bokmeldarar meiner var ei av dei beste i fjor, Fordi Venus passerte en alpefiol den dagen jeg blei født. Tittelen på min eigen bokleiar var inspirert av Høvrings forfattarskap, «Ein nåde å flytte inn i», der eg fortalde om kvifor vi held litteraturen så høgt i Vårt Land.

Viktig bidrag

Ikkje minst har vi sett det som viktig å bygge ut, og ikkje bygge­ ned, litteraturkritikken. Den gode og ­reflekterte vurderinga av nye bøker er eit viktig bidrag til den opne og opplyste offentlege samtalen i landet vårt. I det første nummeret meldte vi bøker av Hanne Ørstavik, Anne Helene Guddal, ­pater Ellert Dahl og svenske Agneta Pleijel. Kombinasjonen av aktuelle norske bøker, internasjonalt utsyn og bøker med ein trusdimensjon prega bokbilaget gjennom hausten.

Den kinesiske forfattaren Yan Liankes roman De fire bøkene er verdt å minne om i så måte. Boka som kom på norsk i fjor, er rik på bibelreferansar samtidig som ho også er i samtale med konfutsiansk tradisjon. Vi både meldte boka og gjorde intervju med forfattaren, ei av dei mest spennande stemmene internasjonalt.

Mange meldingar

Det vil naturlegvis føre for langt i eit kortfatta årsoppgjer å trekke fram igjen alle bøkene vi meldte i fjor. Somme av tekstane har stått på trykk i papiravisa, dei fleste er blitt publiserte digitalt. Alt stoffet er framleis tilgjengeleg for abonnentane våre gjennom Vårt Lands nettsider og e-avis.

Ikkje minst har vi følgd den norske skjønnlitterære bokhausten tett, og frå ulike kantar: Vigdis Hjorth og Karl Ove Knausgård, Eldrid Lunden og Per Petterson, Gro Dahle og Levi Henriksen – berre eit lite knippe av eit stort utval meldingar. I eitt av nummera brukte vi alle plassen på debutantane, med nye namn som Kristin Hauge, Martin Tesli og Tharaniga Rajah. Og vi har jamleg skrive om barne- og ungdomslitteratur og poesi. Det utvida bokbilaget vårt i november hadde ein lengre seksjon via Hans Børli.

I tillegg til meldingar og essay har vi også hatt regelmessige forfattarintervju, som Eldrid Lunden, Gaute Heivoll, Tine Jarmila-Sir, Ole Asbjørn Ness, Gunnhild Øyehaug, Tore Kvæven og Inger Bråtveit.

Kristne forlag

Av norsk sakprosa har vi blant anna trekt fram Truls Øhras Maktens historie, Marte Michelets Hva visste hjemmefronten? og biografiane om Margit Sandemo og Amalie Skram. Vi har følgd med på bøkene frå dei kristne forlaga, som Oskar Skarsaunes Etterlyst: Bergprekenens Jesus og Stian Kilde Aarebrots Kunsten å forme livet – plastisk teologi. Vi har skrive lengre saker om poeten Trygve Bjerkrheims forfattarskap (Lunde forlag), om Bibelselskapet si nye omsetting av dei gammaltestamentlege apokryfane og den nye «kvardagsbibelen» på Hermon forlag, ein bibel med forenkla språk.

Vi har også prøvd å trekke inn fleire internasjonale utgivingar. Vi har meld aktuell nordisk litteratur, og vi har blant anna trykt større tekstar om Stephen Greenblatts The rise and fall of Adam and Eve, John Grays Seven Types of Atheism og Fiona Sampsons biografi In Search of Mary Shelley, The Girl Who Wrote Frankenstein.

Hausten 2018 ligg allereie bak oss. Men bøkene som kom ut i fjor, er ikkje gått ut på dato. Mykje av bokstoffet vårt er framleis relevant for den interesserte lesar. Likevel: No kjem våren, med nye titlar og diskusjonar. Sjølv skal eg ha nokre månaders pappapermisjon før eg vender attende over sommaren. I mellomtida: God lesing!

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Bøker