Kultur

Vi har mykje å lære om slaveriet og raseriet i USA

Lurer du på kva du skal lese i sommar? Leit etter bøker som kan hjelpe deg å forstå kva som skjer i USA.

Eg trudde eg kunne meir enn nok om slaveriet og politivalden i USA. Men etter å ha lese bøkene til Ta–Nehisi Coates og Colson Whitehead, skjønte eg at det var feil.

Eit betent sår

Etter drapet på George Floyd, eksploderte demonstrasjonane på gatene i USA. Floyd vart kvelt av ein politimann, det siste i ei altfor lang rekke av drap på svarte menn av den amerikanske ordensmakta.

Under raseriet vi ser no hos mange amerikanarar, ligg slaveriet som eit betent sår.

Den amerikanske populærkulturen har alltid vore redd for å røre ved slaveriet. Og når det har skjedd, har det ofte vore altfor mildt. Som nordmann har eg slukt amerikanske filmar og musikk sidan eg var liten. Og eg har fått stor kunnskap om, og empati med, den kvite kulturen i sørstatane og såra etter borgarkrigen. Kva dei svarte levde med av terror og undertrykking i hundre år før og etter borgarkrigen, har vore lite undersøkt.

Filmar som Mississippi Burning eller songar som The Day The Drove Old Dixie Down av The Band har fått klassikarstatus. Dei er gode eksempel på at det er dei kvite sin versjon av historia som blir fortalt.

LES MER: Antirasisme krev handling. Me kan ikkje gøyma oss bak korrekt språkbruk

Å vekse opp i USA

Derfor er det bra at fleire norske forlag det siste året har utgitt fleire romanar som fortel om dei svarte si erfaring frå USA. Både Claudia Rankine, Ta–Nehisi Coates, Jesmyn Ward, Colson Whitehead, og Angie Thomas er ute med aktuelle bøker på norsk.

Alle deira bøker er å anbefale, men spesielt Mellom verden og meg av Ta–Nehisi Coates burde vere obligatorisk vaksenopplæring for oss alle. Ho kom på norsk allereie i 2016, mens hans siste roman, Vanndanseren, kom no i vår.

I Mellom verden og meg går Coates rett inn i det betente politisk klimaet i USA ved å la boka vere forma som eit brev til sin eigen son. Med utgangspunkt i eigne erfaringar, prøver Coates å forklare korleis det er å vekse opp som svart i det amerikanske samfunnet. Boka er rasande, men like mykje handlar ho om å overleve på trass av rasismen og valden.

LEST DENNE? Den som ikke får puste, får ikke snakke

Hårreisande lesing

Også den historiske romanen Den underjordiske jernbanen av Colson Whitehead handlar om å overleve. Men da er vi i ei anna tid. Boka fortel historia til Cora, som er slave på ein plantasje i USA. Ho flyktar, men blir jaga kvar enn ho kjem. Skildringar med tortur, avretting, og mobbar som dreg barn og kvinner ut på gata for å bli lynsja, er hårreisande lesing.

Kvifor er ikkje fleire historier frå denne tida blitt fortalt så rett fram og ærleg? Og korleis kan eit slikt sår bli lega, når USA aldri tek eit skikkeleg oppgjer med denne grufulle perioden i si historie?

Det uuthaldelege

På kultursidene i fredagens papiravis, kan du lese eit intervju med Øyvind Berg om Paul Celan, ein poet som vitna frå Holocaust. Du finn òg ei melding av den nye boka til Karin Haugane, som handlar om evna litteraturen har til å romme det uuthaldelege. Dei nye amerikanske romanane som er omsett til norsk, er gode eksempel på akkurat det.

Og dei er gode eksempel på at vi har mykje å lære om slaveriet og raseriet i USA.

LES MER:

USA har tatt avskjed med egen historie, skriver Marilynne Robinson

Bok om Shakespeare er nesten profetisk aktuell om eit splitta og delt USA

Strømmestiftelsen følger internasjonal trend – boikotter Facebook

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Kultur