Bøker

Bok om Shakespeare er nesten profetisk aktuell om eit splitta og delt USA

Shakespeare fungerer som eit fininnstilt måle-instrument for å få auge på kva som er i spel i eit USA som alltid har vore, men stadig meir framstår som delt og splitta.

ANMELDT AV ROLV NØTVIK JAKOBSEN.

Fjernsynsreportasjane frå USA den siste veka, er nesten ikkje til å forstå. Ein svart mann blir drept av fire politimenn og sinte demonstrantar gjentek dei siste orda hans: «I can't breathe». Den kvite presidenten overgår seg sjølv i å helle olje på elden, ved kompromisslause twitter-meldingar og også ved teatrale gester som å halde opp ein bibel framfor ei kyrkje som står for heilt andre verdiar enn han sjølv. Korleis skal vi forstå dette oppdemte sinnet og aggresjonen og disse bilda av eit USA som er i ferd med å revne i to?

Une Bratberg kommenterer: – Kirken blir redusert til et bakteppe for Donald Trump. Det ser ikke bra ut.

Tilspissa splittelse

Det er umogleg utan grunnleggjande kunnskap om historia: Den systematiske forskjellsbehandlinga mellom kvite og folk av farger har røter tilbake til slavetida og den valdelege koloniseringa av dette enorme landet. I tillegg har fleire av oss blitt overbevist om at dramatiske tekstar som var skrive og oppført lenge før USA var påtenkt, kan gjere det mogleg å forstå meir av kva som skjer i USA akkurat no. James Shapiro si bok om Shakespeare i USA utkom i mars i år, før koronapandemien altså og lenge før dei siste ukenes rasande prostbølgjer. Boka har den nesten profetisk aktuelle tittelen Shakespeare in a Divided America. For det er akkurat det vi ser at USA er no: delt og splitta. Det er del av ein lang ei lang historie, men det har spissa seg merkbart til etter presidentvalet for snart fire år sidan.

Politisk autoritet

James Shapiro prøvde å bearbeide det sjokkerande president-valet ved å vere konsulent for ei oppsetjing av Shakespeares klassikar Julius Cæsar i Central Park i 2017. Dette vart ei av dei mest omdiskuterte teateroppsetjingane i nyare tid i USA. Rolla som Cæsar, statsleiaren som i stykket vert myrda tidleg i tredje akt, vart spela i moderne klede av ein skodespelar med gulrotfarga hår. Han både såg ut og snakka som den nyvalde amerikanske presidenten. Shapiros innsidar-skildring av denne på alle måtar dramatiske oppsetjinga utgjer rammeforteljinga i den rykande ferske boka om den viktige rolla Shakespeare har spelt gjennom heile USAs historie.

Den engelske dramatikaren vart sett opp og lese og over heile det mangfaldige landet og han var ein ubestridd autoritet for politikarar over heile den politiske fargeskalaen. Heilt til det siste. For Shapiro framstår Trump nemleg som den første amerikanske presidenten som ikkje er oppteken av Shakespeare i det heile.

Drepen i teateret

Gjennom nokre spennande stikkprøver frå USAs historie viser Shapiro korleis Shakespeares tekstar har gjort underliggande konfliktar i samfunnet tydeleg. Og konfliktar om det ein i USA kallar rase, ligg ofte rett under over overflata.

USAs sjette president John Quincy Adams var til dømes motstandar av slaveriet. Men i 1835 viste den tidlegare presidenten at han var djupt uroa av Shakespeares skildring av heltinna Desdemona i tragedien om Othello. At ei kvit kvinne kunne forelske seg og tilmed gifte seg med ein som var svart, var for Adams både unaturleg og umoralsk. I 1865, rett etter at borgarkrigen som førte til oppheving av slaveriet nettopp var avslutta, vart USAs sekstande president Abraham Lincoln drepen i teateret av ein frustrert Shakespeare-skodespelar.

Kastar skuggar

Shapiro viser at ved å sjå amerikansk historie gjennom Shakespeare-linser blir sentrale konfliktar tydelege: Shakespeare fungerer både som ein katalysator og eit fininnstilt måle-instrument for å få auge på kva som er i spel på den større scena, i eit USA som alltid har vore, men stadig meir framstår som delt og splitta. Den same Shakespeare som gav ekspresident Adams høve til å vise motstand mot ekteskap mellom kvite og svarte, fungerte i følgje Shapiro gjentekne gonger som kanarifuglen i kullgruva, som varsel og indikator på at noko trugande sto på spel. Mest urovekkande i så måte er bokas rammeforteljing om oppsetjinga av Julius Cæsar i Central Park i New York i 2017. Det er ei oppsetjing som kastar skuggar over det som skjer akkurat no.

Politisk kunst

Noko av det viktige for regissøren Oskar Eustis og medarbeidarane hans var å vise fleirtalet av newyorkarar som var sjokkerte og skuffa over valet av ny president, at vald og attentat ikkje løyser noko problem. Dette er jo heilt i tråd med Shakespeares tragedie, som i stor grad handlar om korleis Brutus og dei andre attentatmennene blir nedkjempa. Under ei prøveførestilling tok ei frå publikum eit ulovleg opptak av scena der ein Trump-liknande Cæsar blir drepen av skodespelarar med ulik etnisk bakgrunn. Opptaket vart spreidd i sosiale media og gjennom Fox News over heile landet. Mange vart sinte og handla for å hindre at offentlege pengar i framtida skulle støtte slik misbruk av ytringsfridomen. Flyselskap og bankar som hadde sponsa førestillinga vart pressa til å ta avstand frå stykket. Både skodespelarar og stab fekk dødstruslar. Trumps støttespelarar og nærmaste var tydelege i å ta avstand frå stykket og frå politisk teater i det heile. Sonen Donald junior sa til dømes at han lurte både på kor mykje av slik «kunst» som er betalt av skattebetalaranes pengar og når «kunst» blir politiske ytringar?

For norske lesarar som synst det er noko kjent med ordbruken her, er parallellen til det som skjedde då ein sambuar av den norske justisministaren i november 2018, filma frå oppsetjinga av Pia Maria Rolls Ways of Seeing på Black Box i Oslo tydeleg.

Nødvendig teater

Da Shapiro avslutta manuset, kunne han umogleg sjå for seg dei dramatiske hendingane som har ryste verda dei siste månadene. No i starten på juni 2020 framstår tittelen med vektlegginga på eit splitta Amerika som om mogleg meir aktuell enn nokon gong. Teateroppsetjingar av Shakespeares stykke kjem ikkje utanom å vise korleis framstillingane av tyrannar og vanstyre stadig er aktuelle og nødvendige, dersom ein vil vise kva som står på spel. At ein då vil kome til å bli kritisert for å drive med politikk og ikkje «kunst», tilmed for skattebetalarane sine pengar, er sannsynleg og ikkje noko historisk nytt. Shapiros bok viser at slike historiske informerte teateroppsetjingar kan vise seg å vere nødvendig samtidsteater.

LES OGSÅ: Hvis du ikke har lest grunnteksten, hvem vet om ikke det er Steve Bannons versjon av Shakespeare du blir servert?

Korona­krisen har sendt Tore Rem i selvpålagt ­isolasjon. Nå vender han seg mot Dickens, ­Shakespeare og Tolstoj

Shakespeare fant et nytt språk for tilgivelse: – Langt på vei et mirakel

---

Bok Sakprosa

  • James Shapiro
  • Shakespeare in a Divided America
  • Faber 2020

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Bøker