– Vi treng ikkje biskopar
ØKONOMI: Einar Gelius meiner Den norske kyrkja må tole dei same krava til effektivisering som resten av det offentlege. Harald Hegstad seier dei har gjort historisk nedbemanning.
VIL KUTTE: Gelius meiner at kyrkja treng berre éin biskop.
Privat, Den norske kirke
I eit innlegg i Nettavisen peikar sokneprest Einar Gelius på at effektivisering er blitt eit nøkkelord i valkampen.
– Det er valkamp, og alle snakkar om korleis vi brukar offentlege pengar og korleis vi kan effektivisere og bli meir produktive. Men ingen stiller dei same krava til kyrkja, seier han til Vårt Land.
Han minner om at kyrkja i stor grad er finansiert av skattebetalane sine pengar, og at mykje av det som gjeld staten, òg bør gjelde kyrkja.
Bestill abonnement her
KJØP