Kultur

Ny tids tale

Antirasisme krev handling. Me kan ikkje gøyma oss bak korrekt språkbruk.

Endeleg snakkar me om rasisme. Mobilopptaka av politimannen med eit kne mot nakken til George 
Floyd kveika eit raseri. Raseriet la grunnlag for ein nødvendig diskusjon om rasisme. Ei rekke nordmenn har stått fram og fortalt om korleis det er å vera brun i landet vårt. Ap-varaordførar Kamzy Gunaratnam fortel VG at ho hata hudfargen sin så mykje som barn, at ho om kvelden ba til Gud om å kunna vakna opp som kvit. Journalist Sandeep Singh seier til VG at protestane mot rasisme minnar om metoo-rørsla.

Singh sin analyse er presis. Dette er eit metoo for nordmenn med minoritetsbakgrunn. Som i metoo blir personlege minne og opplevingar løfta fram så storsamfunnet ikkje kan snu seg vekk. Det personlege blir politisk. Her bør kvite nordmenn ta same rolla som menn under metoo: Me bør halda kjeft og 
lytta.

Me kan snubla på vegen til politisk endring

Men det kjem også ei tid etter, der dei personlege historiene bør får konsekvensar. På vegen til politisk endring er det mange snublesteinar. Rasismedebatten kan enda opp i eit spor der ein berre diskuterer ord og symbol. Me er på veg der allereie, for me diskuterer ting som: Kva skal bydelen heita? Kva kulturelle symbol skal me riva ned? Skal det heite svart, brun eller melaninrik? Bør alle kvite kalla seg rasistar?

LES OGSÅ: Danskar vil ikkje be om orsaking for slavehandelen.

Men ord får ikkje alltid konsekvensar. La meg fortelja om ein forunderleg mann eg kom over for nokre år tilbake. Han heitte 
Engebret Hesselberg og levde på 1700-talet. Han dukka opp då eg arbeidde med ei mastergrad om nordmenn i slavehandelen. Hesselberg vaks opp her på bjerget, i Norderhov i Ringerike. Han tok utdanning i juss og teologi i København før han enda opp som embedsmann og slaveeigar i Karibia.

Orda frå ein slags humanist

På denne tida var Danmark-Noreg ein liten, men ambisiøs aktør i slaveøkonomien. Me hadde fleire slavefort langs Gullkysten, 
i det som i dag heiter Ghana. Me eigde fleire plantasjeøyer i 
Karibia der slavar arbeidde seg til døde for dansk rikdom frå sukkerproduksjon. Hesselberg var blant fleire nordmenn som var involvert i slaveøkonomien, som byfogd på den dansk-norske slaveøya St. Croix.

Det urovekkande ved Hesselberg, er at han på ein måte var humanist. Då han kom til slaveøya St. Croix, hadde han med seg nye, progressive idear frå universitetet. Opplyste idear om menneskeverd og likskap. Som desse setningane, som Hesselberg skreiv ned rundt 1760:

Den største deel af slaverne paa saa nye dyrkede colonier som St. Croix ere fødte frie og have altsaa lige saa god adkomst til deres friehed, som vi har vor (...) Lyst til friehed, som er saa uadskillelig fra den menneskelige natur, har altid født og vil nødvendigvis altid føde rebellioner af sig.

Ein progressiv bøddel

Det høyres så flott ut. Hesselberg 
ser på dei afrikanske slavane som medmenneske, født frie og med ein naturleg trong til å gjera opprør mot slaveriet. Men så kjem konteksten for desse velvalde orda: Hesselberg hadde dømt 13 slavar til tortur og død. Dei var mistenkte for å planlegga eit slaveopprør, og vart dømt av Hesselberg til gruvfulle straffar. Dei heldige vart brent levande. Andre vart radbrekt - ein middelaldersk torturmetode der knoklane blir knust og offeret lagt på eit hjul for å døy.

Hesselberg såg på nært hald alt dette. Han noterte ned kor mange dagar, timar og minutt det tok for slavane å døy. Opplysningane sendte han tilbake til styresmaktene i Danmark. For Hesselberg gjorde jobben sin. Han måtte knusa opptøya ved rota for å sikra profitten frå slavedrifta.

Dei rette orda

Grunnen til at eg nemner Hesselberg, er at eg er redd for at rasismedebatten skal parkerast i ein diskusjon om ord og symbol. Då kan dei mest ressurssterke læra seg dei rette orda og rydda vekk uakseptable kulturelle symbol. Dei kan sjå ned på andre som ikkje klarar tilpassa seg det antirasistiske språket. Så kan me slå oss til ro med det. Men hugs ein mann som Hesselberg, som kunne alle dei rette orda og vendingane, men som til slutt enda med å påføra så mange så mykje smerte.

Heller enn ord, ønsker eg meg at me innser at me lever i ei verd prega av rasistiske strukturar som krev konsekvent mothandling, kvar einaste dag. Kva handlingar hjelper då, i kampen mot rasisme? Ei handling kan vera å slutta å kjøpa klede laga under slaveliknande forhold. Ei anna er å spørja styret i burettslaget eller sjefen på jobben om dei som vaskar trappene eller kontora har arbeidskontrakt og tener nok til å leva. Me kan protestera mot nykolonialistiske krigar og våpeneksport. Eller me kan ringa ned redaksjonar som driv slett utanriksdekning som spreier stereotypiar om andre land, eller gjev uforholdsmessig mykje dekning av land med europeiskætta befolkning. Dette er nokre idear. Me må saman jobba fram nye handlingar mot rasisme.

Vårt Land har skrive mykje om dansk-norsk slavehandel. Les meir her:

* Danmark-Norge bygde seks handelsfort på Gullkysten. Nordmenn la afrikanarar i lenkjer.

* Danskane reiser monument som heidrar opprørske slavar.

* Anders Totland tek opp ei mørk skandinavisk for­historie i barneboka «Den norske slavehandelen». Vårt Land har meld boka.

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur