Lanserer KI-preikeverktøy: – Blir ikkje forkynna med sjel og ande
KUNSTIG INTELLIGENS: I Danmark har presteforeininga lansert eit KI-verktøy som kan skrive heile preiker. No åtvarar Knut Grønvik og Brage Molteberg Midtsund om å la KI forkynne.
FORMIDLING: – KI kan aldri representere det ei preike skal vere, nemleg formidlinga av evangeliet frå ein som sjølv er rørt av det, seier Knut Grønvik.
Sindre Deschington
Den danske Præsteforeningen lanserte «Prædikenhjælperen» – eit digitalt verktøy som kan lage ferdige preiker, gravferdstalar og bryllaupstalar på nokre sekund.
Ifølgje Nettavisen har verktøyet skapt sterk debatt i Danmark. Kritikarar meiner preikene mistar sitt menneskelege preg, medan Præsteforeningen forsvarar KI som eit hjelpemiddel – på same måte som bøker og oppslagsverk.
Direktør Lars Qvistgaard har likevel innrømt at organisasjonen har vore for konkrete i rettleiingane for korleis ein kan lage ferdige preiker, og lover å stramme inn til hausten.
Bestill abonnement her
KJØP