Religion

Trur på karismatikk-comeback i norske kyrkjelydar

PINSEKYRKJE: Svensk forskning viser at det er mindre karismatikk i svenske pinsekyrkjer. Pastor i IMI-kirken Kollektivet trur pendelen i Noreg er i ferd med å snu.

– Eg skulle ynskje me som pinsevenner hadde turt å med eit kritisk blikk leite etter skattane i eigen historie. Eg trur me over tid har hatt eit veldig edelt ynskje om å ikkje bli innovervendte: kanskje me har slått ut ting med badevannet?, spør Lars Christian Gjerlaug (40).

Han går motvillig med på å bli titulert som pastor i pinsekyrkja «IMI-kirken Kollektivet» i Oslo.

Sjølv føretrekkjer han, «kaptein på laget», eller andre kreative omskrivingar.

Uansett tittel er han ein livslang pinseven, med god kjenskap til pinserørsla. Og no meiner han han ser at folk i større grad er opne for, og til og med lengtar etter det han kallar pinsearven.

I svenske pinemenigheter har den klassiske pinsearven fått mindre å seie. Det viser forskinga til den franske sosialantropologen Émir Mahieddin, kjem det fram i den svenske avisa Dagen.

Mindre karismatikk

Han studert svenske pinsekyrkjelydar i ti år, mellom anna gjennom ei rekkje intervju med pinsevener. Mahieddin deltok også på mange gudstenester og møtte pastorer og andre. Han meiner å sjå ei utvikling mot mindre karismatikk.

– I Sverige snakkar ein no berre i tunger privat, eller i små grupper. Nokon snakkar kun i tunger inni seg. Det profetiske har også blitt dempa, seier Mahieddin, til svenske Dagen.

Émir Mahieddin. Den franske sosialantropologen har i ti år studert svenske pinsekyrkjelydar.

Sidan den såkalla pinsevekkinga på byrjinga av 1900-talet, har særpreget til pinsevener vore erfaringa av Den heilage ande. Under vekkinga fortalte menneske at dei blei fylt med kraft av Den heilage ande, og at dei erfarte det Paulus i Det nye testamentet refererer til som nådegåver.

For eksempel ved at dei talte i tunger, altså å be på eit ukjent språk under innflyting frå Den heilage ande, og at de hevdet å motta ord og profetiar frå Gud.

Mahieddin har ynskt å skildre korleis pinserørsla i Sverige har endra seg dei siste 30-40 åra. Han meiner kyrkjelydane i landet har blitt «smitta av avkristninga», og omtalar Sverige som eit sekularisert land.

Tungetala har forsvunne

Ut frå sine undersøkingar meiner han å sjå at tanken om at tungetale og profetiske bodskap er gåver frå Den heilage ande meir eller mindre har forsvunne frå dei fleste pinsekyrkjene i Sverige.

– Å snakke om trua di er veldig privat. Viss ein skal be til Gud høgt saman med andre, så må ein vera familie, eller ha kjent kvarandre lenge for å vera trygg, viste intervjua eg gjorde. Du er truande og sekularist på same tid, seier sosialantropologen.

– Det massive fokuset dei siste åra hjå pinsekyrkjer har vore å vera relevante for dei som ikkje trur.

Det trur pastoren gjer at ein også har mista verdifulle tradisjonar.

Ikkje komfortabel med å bli kalla karismatisk

Kyrkja Gjerlaug leier er innmeldt i Pinsebevegelsen, men er også med i IMI-rørsla som er ein del av misjonsorganisasjonen Normisjon. Kyrkja er relativt ny, og ifylgje kapteinen er dei «i overraskande stor vekst».

Det kjem menneske frå ei rekkje ulike bakgrunnar hit, men Gjerlaug ser eit fellestrekk hjå mange.

– Me er den frimodige veslebroren i Oslo, og me tiltrekkjer oss dei som har sakna det.

– Kva legg du i frimodig?

– Me ynskjer å forkynne heile evangeliet. Hjå oss kan du høyre taler om synd og omvending, om me er frimodige med å dela vitnesbyrd med vener og kjente. Me tørr å vera i bøn saman, og me er ikkje livredde for å gå nokre minutt over tida på gudstenestene.

Lars Christian Gjerlaug. Pastor i pinsekyrkja «IMI-kirken Kollektivet»

Likevel er ikkje pastoren heilt komfortabel med merkelappen «karismatisk».

– Eg har aldri sett på meg sjølv som ein karismatiker, og eg definerer heller ikkje kyrkja som karismatisk. Men det er ikkje viktig for meg å motbevise det. Min draum er at me skal vera ein frimodig og spiss kyrkjelyd, men som samstundes evnar å vera brei.

– Me knelar under nattverda og brukar den apostoliske trusvedkjeninga, seier han, for å forklare utypiske trekk for ei karismatisk kyrkje.

Den kjipe pastoren

Uviklinga ein ser i den svenske forskinga kan Gjerlaug kjenne seg att i, i alle fall fram til relativt nyleg.

– Nokre tiår tilbake så trur eg ein del misforstod gåver frå Den heilage ande som ein premie for dei mest andelege. Det førte til djup smerte og ei kjensle av nederlag for dei som ikkje opplevde å ha desse gåvene.

Han nemner tungetale som eit døme.

Den tidlegare Korsets Seier-redaktøren trur generasjonen som har kjent på denne smerta sjølve har vore forsiktige med å ta i det karismatiske, noko som har ført til at også generasjonen etter har fått lite undervisning og erfaring med det.

– Så får eg lov å leie ein ung kyrkjelyd som ikkje har opplevde dette. Men pinserørsla haustar nok frukter av ein slik tankegang, trur Gjerlaug.

Lars Christian Gjerlaug. Pastor i pinsekyrkja «IMI-kirken Kollektivet»

Han sjølv held også litt att.

– Eg er han kjipe pastoren som av og til må setje grenser, for at me ikkje sklir ut i ein innovervendt karismatikk som ikkje byggjer kyrkja, seier pastoren, som trur det alltid vil vera dei som ynskjer meir karismatikk i ein kyrkjelyd og dei som blir skremte av det.

Likevel er han ikkje framand for å oppmode kristne samanhengar til å ta nådegåver på alvor.

– Det er verktøy til å bygge Guds rike.

Rart med bøn

Sosialantropologen Mahieddin valgte å studere pinsevener akkurat i Sverige fordi han var nysgjerrig på korleis pinsevener handterer dagleglivet i eit så sekulært samfunn.

Også Gjerlaug ser at samfunnet rundt påverkar dei indre praksisane i kyrkja.

– Når me forheld oss til eit strengt rasjonelt og sekulært verdsbilete blir ting som forbøn meir og meir «rart». Det passar ikkje inn. Eg trur alle kristne, både i Sverige og Noreg står i fare for å miste det bibelske verdsbiletet.






Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion