Med kraftfull innestemme

Seks år gamle Birte kan ikkje tru det.

På asfalten, rett der framfor henne, ligg han. Tingen ho har lengta etter. Det forlokkande symbolet ho har sett på TV og jakkeslag i byen.

Ho har leita etter ein slik, men ikkje visst kor ho skal starte. No har han altså hamna på bakken – som til henne.

Ho plukkar han opp. Raud og svart med nål bakpå. Det yrer inni henne.

– Det er nok den lukkelegaste dagen i livet mitt til då.

I handflata held ho manifestasjonen av noko ho så smått har begynt å forstå. Øvst ein sirkel, ein strek ned frå botnen av den, så ein kryssande strek på tvers.

Ein pin, omtrent like stor som ein femmer.

«Feminist», står det under.

Ei hemmelegheit

I ei lysegrøn dagbok med sommarfugl og hengelås på fann ho heidersplass til kvinnesymbolet. Så skjulte ho tre nøklar på tre hemmelege stader.

No er det berre merka som er igjen etter nåla i dagboka. Sjølve pin-en har for lengst falt ut.

– Frå veldig ung alder appellerte det feministiske arbeidet innmari til meg. At feministane kunne skape ei så stor endring med så fredelege verkemiddel imponerte meg, fortel Nordahl.

Birte Nordahl

Då Birte på seks plukka denne symboltunge skatten opp frå bakken, var det med ei boblande begeistring. Men det var òg med ei visse om at ho var relativt aleine om denne begeistringa der ho høyrde til.

– Det var ei oppleving av at «sånn er det ikkje her». Dei miljøa eg vaks opp i hadde ikkje rom for dette.

– Men eg syntest det var sjukt spennande.

For på 80-talet var foreldra til Birte, Arne Nordahl og Ragnhild Utgaard Nordahl, framståande i Ungdom i oppdrag (UIO). Sine første år budde ho og familien på fire på Grimerud gård på Hamar, basen til UIO-rørsla.

Til middag var dei ofte femti, opp mot hundre personar. Kvar måndag kveld sto fisk på bordet.

– Eg byrja å ta blokkfløytetimar kvar måndag kveld, seier Nordahl og ler lunt.

---

Fakta: Birte Nordahl

  • Tittel: Avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon i Oslo (avtroppande)
  • Alder: 44
  • Bakgrunn: Utdanna ved Teologisk Fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo. Har forska på på 22. juli og kjærleik
  • Sivilstatus: Bur saman med Halvor (51), Edvard (18), August (14) og Anneli (3)
  • Aktuell som: Ny generalsekretær i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL)

---

Noko stort på spel

Mange av barndommens føremiddagar spelte seg ut i baksetet av bilen, på veg til ein leir eller ein konferanse, ei kyrkje eller eit telt kor foreldra skulle tale.

Birte trekte pusten, lukka munnen og byrja å telje. Ein, to, tre, fire, fem.

– Eg talde Volvoar og bjørketre, rekna summen på fartsskilta og kor lenge eg klarte å halde pusten gjennom tunnelar. Eg blei rå på bil-leikar.

Frå benkeradene rundt om i frelsesrørsla, såg Birte dei vaksne tale i tunger, løfte hendene, gråte, rope og overgi seg til Gud.

Birte Nordahl

– Forstod du kva foreldra dine dreiv med?

– Eg forstod at dei dreiv med… noko alvorleg.

– Menneska oppførte seg som om dette var ekstremt betydningsfullt. Og eg skjønte at det var knytt til Gud.

– Korleis merka du det?

– Meir enn kva som konkret blei sagt og gjort, var eg opptatt av effekten det hadde på folk. Dette var livsviktig for dei.

Ei sjølvstendig tru

Som barn var det ein følelse. I vaksen alder har ho funne nokre fleire ord for å fange det.

Ubehag, for eksempel.

– Det låg frelse og fortaping i undertonane. Det var innanfor og utanfor, rett og gale, liv og død, sterke fiendebilde. Og sjølv om eg ikkje forstod teologien heilt då, så forstod eg alvoret.

I straumen av alt barne-Birte høyrde frå teltscenane, var det likevel to sanningar som festa seg. Dei har aldri forlate henne.

Den eine er at «Gud er god». Den andre er at «Gud er kjærleik». Og ho har navigert livet ut frå desse sidan.

Fem-seks-sjuåringen fann ikkje Gud med løfta hender eller i inderlege uttrykk. Men Birte visste at Gud fanst likevel.

– Eg kjente Gud i streif av godheit og kjærleik. Og eg erfarte Gud i musikk.

– Mormor spelte Mahalia Jackson for meg. Og eg tenkte: Dette er mogleg!

– Det var ei oppleving av å kjenne på kroppen at noko er… forløysande. Eg blei allereie i fire-femårsalderen opptatt av den afroamerikanske musikktradisjonen, som har ei veldig frigjeringskraft i seg.

Den stille trongen til å bryte fri frå forventningar og fordommar byrjar å ulme. Ho kjenner det på sitt eige liv, som jente, og skjønar at andre òg kan trenge det.

Kart og terreng

Året er 1986 og Gro er statsminister i verdas første «kvinneregjering». Arbeidarpartileiaren er rå, klok og skarp, synest sju år gamle Birte, som allereie har beundra henne frå andre sida av skjermen ei stund.

Men det er få som henne. Den ivrige barneskuleeleven troppar opp framfor bibliotekskranken. Ho spør og grev om damer som Gro – og dei tilsette kjem henne i møte.

Lista veks. Marie Curie. Maria Montessori. Patti Smith. Nina Simone. Aretha Franklin.

Gro Harlem Brundtland og "Kvinneregjeringen", mai 1986.
Fra v. Helen Bøsterud, Gunhild Øiangen, Kirsti Kolle Grøndahl, Anne Lise Bakken, Vesla Vetlesen, Sissel Rønbeck, Tove Strand Gerhardsen

Jo fleire kvinner ho les om, slike som har brote med normene, som har tatt plass på arenaar som motarbeidde dei, jo lenger blir rekka av menneske ho ser opp til.

Slik skal verda vere, kjenner Birte. Rundt henne har ho høyrt andre ting.

– Eg huskar jo korleis eg høyrde kvinner bli omtalt, også skeive og muslimar. Det var ikkje rettferdig. Det kunne ikkje stemme.

Birte følgjer med så snart slike spørsmål blir nemnt. Ho har auga og øyra opne.

Diskusjonane om at kvinner skal tie i forsamlinga, at dei blir haldne borte frå leiarverv og alt snakket om at mannen er familiens overhovud…

– I mitt barnesinn så gav det berre ikkje meining. Eg såg at ho er meir velartikulert enn han. Då er det jo betre at det er ho som formidlar? Han er meir omsorgsfull enn ho, kvifor er det ho som skal ha den typen oppgåver?

– Kart og terreng matcha ikkje i denne «gudeskapte» ordninga. For meg var det opplagt: Her er det noko gærent. Det å underkjenne andre, er ikkje greitt.

Birte Nordahl

STL rundt kjøkkenbordet

Birte er ei «kraftfull» jente, ei med behov for å markere sin eigne, sjølvstendige posisjon. Ei slik foreldre – også hennar – kan kalle krevjande.

– I vår familie har vi… Kva skal ein seie… Brei erfaring på ueinigheitsfellesskap, seier ho og ler.

Frå august får Nordahl ueinigheitsfellesskap som fulltidsjobb, som leiar i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL).

– Syntest foreldra dine at opprøret, eller opposisjonen, var problematisk?

– Nei. Men eg trur dei syntest det var vanskeleg. Sårt og vanskeleg.

– Dei var jo overtydde om at noko anna var best for meg. Det forhandla vi hardt om, og var i djupt ueinigheitsfellesskap i – fram til dei ikkje hadde rett til å bestemme over det lenger.

Samtidig merka dottera at foreldra respekterte sjølvstendet hennar.

– Parallelt med at dette var krevjande for mamma, var ho god til å heie på krafta i sjølvstendet mitt. Det tenker eg er forbiletleg i ein så vanskeleg posisjon som ho stod i. Med å få ei dotter som ville noko anna.

Dette andre var eit anna menneskesyn, ein annan teologi. Foreldra har bevega seg i sidan den gong, understrekar Nordahl.

Så, midt i tenåra, skjer noko som kunne gjort ende på henne og mamma Ragnhild Utgaard Nordahl.

Livsrevyen

Dei sit i framsetet, mora og Birte, no 15 år, på veg til ei venninne sin konfirmasjon i Kristiansand. Oppi taket er det noko som kravlar over henne.

«Ein edderkopp!» rekk Birte å rope før den kryp over på sjåførsida. Idet mora strekker handa mot taket, så fell den svarte, seksbeinte kravlaren ned i ansiktet hennar.

Ein kort augeblink, eit sekund kanskje, mistar mora kontroll over rattet. Bilen skeiner til sida, 90 kilometer i timen, rett inn i ein fjellvegg.

I realiteten skjer det på ein augeblink. I hovudet til Birte rekker heile livet å spele seg ut i det tidsrommet.

Å sjå livet i revy er for dei fleste av oss eit verkemiddel i filmar. For Birte er revyen eit sterkt og ekte minne, eit ho kan kalle fram att framleis.

Eit bad i havet. Den turen i skogen. Berg-og-dalbane-køyring. Første skuledag.

Før fjellveggen var centimeter frå kroppen hennar, passerte glimt etter glimt frå hennar 15 år lange liv.

Birte Nordahl

Kva gjer ein med livet «i gåve»?

Mor og dotter blir klippa ut frå kvar si side av bilen. Ragnhild Utgaard Nordahl har sett kor livstrugande nær fjellveggen kom på Birte, men ingen har fått fortalt henne at dottera er i live.

– Hylet hennar. Det sette seg i margen min, på ein måte som er umogleg å gløyme. Det var skjellsettande.

Dei overlever, begge to.

I tida som følgjer har tenåringsjenta smerter, brot og skader i musklar og vev. Etter frontruta som knuste over henne, har ho splintrar av glas i heile kroppen.

Framleis kan ho finne glasskår under huda. Nordahl drar opp ermet på dongeriskjorta og peiker på ei sårskorpe. Nyleg fann ho nok ein bit.

Men meir enn noko anna gav bilulukka – eller snarare å vere i live etter ho – 15-åringen ei kjensle av å vere udødeleg.

– Det var ei veldig sterk oppleving av å overleve utan å ha fortent det.

– Mange fortalde oss at det var eit mirakel at vi overlevde. Eg trudde kanskje ikkje at eg var spart på magisk vis. Men eg følte at eg var veldig heldig – og eg visste ikkje korleis eg skulle forvalte det. Kva må eg gjere med dette?

Birte Nordahl

Fann glød i tekstane

17 år seinare sto ho framfor Oslo Domkirke og blei ordinert til prest i Den norske kyrkja (DNK).

Sitt eige kall var ho blant dei siste til å legge merke til. På Blindern skulle ho berre ta nokre fag i engelsk litteratur ved sida av musikkarrieren. Ei lovande såleis:

«Forrige gang jeg fikk samme følelse var når vi mottok Susanne Sundfør sine demoer», sa Nina Lauritzen i Head of Promotion til media.

På relativ slump hamna 26-åringen på eit emne i etikk. Ein del av teologigraden, viste det seg. Nordahl hadde ikkje vore ein del av noko indrekyrkjeleg miljø sidan barndommen.

I teologien opna seg ei ny verd.

– Det var ein måte å få språk på. Eg fekk sett erfaringar frå barndommen i system, og sortert dei på nye måtar.

– Og kor inspirerande og gøy eg syntest faget var å lese, blei eg overraska over.

Ho listar opp: Den eldgamle arva, visdommen i tekstane, det politiske, det historiske, det litterære, den store breidda – og det uforløyste i den feministiske teologien.

– Eg trur dei såg kor gløda eg blei av å studere teologi, og såg at det kom til å utvikle seg. Mens for meg var ikkje eit kall enno.

---

4 raske

  • Gud er: Kjærleik
  • Eg klarar meg ikkje utan: Havet
  • I gravferda mi vil eg ha denne songen: «This little light of mine, I’m gonna let it shine»
  • Boka alle må lese: Herrene sendte oss hit av Elin Anna Labba

---

Der ho manglar ord

Ein skarpt innstilt rettferdssans sette tenårings-Birte i opposisjon til foreldra og oppvekstmiljøet.

Som fersk prest gav den henne – og trua og prestegjerninga – derimot fleire prøvingar. «Korleis kan eg stå inne for dette?» spurde ho seg sjølv.

Nordahl var blitt ordinert i ei kyrkje, og med ein teologisk bagasje, med undertrykking på samvitet, meinte ho å sjå.

Men i teologien ho hadde lært å kjenne, fanst det ein veg. Der fanst òg ein rettferdssans ho kunne navigere med.

– Eg landa på at kvar gong eg skal fortolke ein heilag tekst, forvalte ein tradisjon, ein liturgi eller ein praksis – eller svare eit menneske som kjem til meg med spørsmål – så har eg moglegheit til å gjere det på eit frigjerande vis.

Hun var ledende domkirkeprest ved Oslo domkirke i 2013–2015, men har vært tilknyttet Oslo domkirke siden 2009, også i ukene etter terrorangrepene i Norge 22. juli 2011.[4][5] [6]

I trongen til rettferd og fridom traska Nordahl gatelangs i fleire år som gateprest i Kirkens Bymisjon. Viss nokon på ein dårleg dag spurde henne korleis det var å jobbe med «dei svakaste» i samfunnet, kunne ho ta fyr. Desse menneska var blant dei sterkaste ho visste om.

– Eg trur at vi glimtvis kan ane Gud i kvarandre. Eg oppsøker det aktivt, og ser etter det. Både i dei menneska vi ser på som helgenar og dei vi ser på som mest forkastelege. Vi kan finne streif av lys hos alle.

Når alle menneske er skapt i Guds bilde, kan vi søke Gud så mange stader, meiner Nordahl. Eit privilegium, kallar ho det.

– For meg har aldri dei personifiserte, menneskeliknande gudsbilda gitt så stor meining. Men leiter alltid etter dei streifa av Gud som finst i alle menneske – og i skaparverket.

Til vanleg er Nordahl ordrik. Når ho skal fange Gud, strekk ikkje orda til.

– Den djupe kjærleiken... Du veit det når du står ovanfor den.

– Den handa du får i din av ein venn når du ikkje trudde at du trengde det.

– Den manifesterer seg i godheit mellom menneske, i omsorg for alt levande og skaparverket, i rettferdskamp – og i håpet som gjer at du overlever det du ikkje trur er mogleg.

Kunne ho stå i det?

Ein føremiddag i februar kjem telefonen med tilbodet ho har venta spent på: Birte Nordahl får generalsekretærjobben i STL.

Ein time etterpå kjem ein beskjed som skal prege dei kommande vekene hennar enno meir.

Tommy Karlsen Sandum er død. Nordahl sin ungdomskjærast, eksmann og nære venn – og for offentlegheita kjent i rolla som «Proffen» i mellom anna Døden på Oslo S.

23. februar kler ho på seg alba og stola og stiller seg framfor i ei full Paulus kirke. Kan ho bere det?

Tommy Karlsen Sandum blir fredag bisatt i Paulus Kirke i Oslo. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / POOL

Nordahl har sjeldan hatt for vane å seie ja når venner eller familie har spurt henne om å halde bryllaup eller gravferd.

– Der er vi prestar forskjellige. Eg har ofte hatt behov for å vere venn eller familie eller pårørande sjølv.

Denne gongen kjennest det annleis. Ho vil leie seremonien, og kan kanskje klare det.

Presten mobiliserer alt ho har, i ei kraftanstrenging av ei gravferd ho aldri før har opplevd. Orda finn vegen ut av munnen.

– Det var blytungt. Det er det ingen grunn til å pynte på. Blodsmak-innimellom-tungt.

– Men eg opplevde at det var mogleg å stå i det. Og at det var meiningsfullt.

Birte Nordahl

Det ho trong som mest

Døden har skrapa på Birte Nordahl si eiga dør også, to gonger. Det er nærmast så ho har høyrt det klart og tydeleg. Først i bilulukka. Så igjen for tre år sidan.

Kroppen var drenert for krefter. Alvorlege komplikasjonar etter korona gjorde Nordahl livstruande sjuk, på ein slik måte at ho førebudde seg å ikkje overleve. Familien òg.

Så nærme døden som i denne sjukdommen har ho har aldri kjent seg, verken før eller sidan.

– Det var ei djup kroppsleg erfaring av at det ikkje var sikkert at eg, som i kroppen min, hadde meir liv. Heile systemet mitt berre slutta å virke.

Så ho bad. Det var ei essensiell nød, ei erfaring av at det ikkje går an å leve utan det ho knapt hadde igjen. Det sto om livet.

– Ei bønn om kraft har aldri vore aktuell for meg før. Eg har hatt det, og tatt det for gitt. No trygla eg om meir krefter, eg var nedbroten og sliten.

Kvar dag bad ho om ny kraft. Sidan har bønna følgt henne. Fleire gonger om dagen, kanskje fem til ti gonger, gjentek ho setninga inni seg, sjølv om ho no er frisk.

Birte Nordahl

«Takk for dei kreftene eg har. Må nye krefter finne meg» går som i ein slags loop.

– Den trur eg eg kjem til å ha med meg til grava.

Ein raud tråd

I 2024 er Nordahl på beina, i august klar for leiarjobben i STL. Ho kallar stillinga eit «samsvar» med alt ho har brent for heile livet: Likebehandling, likeverd og likestilling.

STL er ei samling aktørar på trus- og livssynsfeltet, og organisasjonen jobbar for gjennomslag og likebehandling for aktørane – i politikken og samfunnet.

– I eit samfunn som har hatt dramatiske endringar i ordskiftet, med skarpe frontar, ekkokammer, hatefulle uttrykk og polarisering, så har STL – med innestemme – hatt merkverdige resultat, peiker Nordahl på.

– Kva har du sett, og beundra?

– Så vidt vi veit, er det ingen andre land som har ein så stor del av befolkninga under ein slik paraply: Åtte av ti. STL favnar både minoritetar og majoriteten.

– Organisasjonen er heilt unik i internasjonal samanheng. I staden for at minoritetane finn saman mot majoriteten, så har vi i Norge funne saman, og halde saman, i snart 30 år. Det er utan sidestykke!

At også Human-Etisk Forbund er med i arbeidet for likebehandling i livssyns-Norge, veit Nordahl at vekker oppsikt utanfor landegrensene våre.

– Vi treng slike forbiletlege institusjonar med innestemme, kor ikkje debatt, men dialog, står i sentrum.

Det var også denne fredfulle, ikkje-valdelege, slagkrafta i feminismen som gav barneskoleeleven Birte stjerner i auga.

– Det er lett å vere retrospektiv når ein er vaksen, seier 44-åringen og ler.

– Men for meg så går det ein lang raud tråd gjennom livet. Gudstrua mi har alltid vore knytt til kampen for likeverd og likestilling.