Kommentar

Ikkje la dei knekke deg

Livet går ikkje i grus berre fordi nokon på internett har stole bileta dine. Saman må vi knuse stigmaet ved å bli fråstole og utpressa for private bilete.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Handballspelaren Nora Mørk, bloggaren Sophie Elise og danske Emma Holten har alle opplevd at nokon har stole dei private bileta deira og delt dei på internett.

Dei siste to åra har 100.000 nordmenn opplevd ID-tjuveri. Mange av unge menneske opplever at folk stel bileta deira, og får kjenne på den intense skamkjensla som har fått fleire av dei til å ta livet av seg.

Denne veka fekk eg ubehageleg nær innsikt i problemet.

Berre eitt våpen

Det er ikkje vanskeleg å forstå den kjensla som trugar med å rive livet i stykke når du oppdagar at private bilete på telefonen – bilete som av mange kan bli opplevd som intime – er stolne, og at kriminelle brukar dei til å presse deg. For pengar, makt og sjølvkjensle.

Utpressaren, hackaren og den kriminelle har berre eitt våpen: Skamkjensla.

Måndag kveld skjedde det meg òg. Eg fekk meldinga på meldingstenesta WhatsApp, frå ein framand som heilt openbert sat på private bilete av meg – video og bilete som eg ikkje ønska at uvedkomande skulle sjå. No truga han med å øydelegge livet mitt om eg ikkje betalte 30.000 kroner.

Heldig

Det kan gje ei lammande frykt. Det er som å bli slått hardt i magen, som å miste fotfestet, som å kjenne at grunnen under forsvinn – og falle langt ned i eit mørkt hol. Handballspelaren Nora Mørk skildra i retten korleis ho vart deprimert, fekk angst og vart innlagt på sjukehus etter at nokon delte hennar private bilete.

Eg har vore heldigare.

I dag sender spesielt unge menneske kvarandre intime bilete heile tida. Hos mange er det like kvardagsleg og romantisk som å kjøpe ein bukett med roser på butikken

—  Emil André Erstad, kommentator

Mange opplever falske trugsmål. Overgriparen sende meg bevis på at han hadde private bilete og video av meg.

Deretter kom utpressinga: Viss eg ikkje betalte løysepengane, ville vedkommande byrje å sende til alle vener, kollegaer, familiemedlemer og kjentfolk eg hadde som Facebook-vener. Han kom også til å publisere det på YouTube, Instagram, Twitter og alle andre stader.

Nedteljing som på film

Då eg ikkje svara, byrja vedkommande å sende bileta og videoane – akkurat sånn nedteljing som skurkane gjer på film. Første mottakar var søstera mi. Då eg heller ikkje responderte på overgrepet, følgde skurken opp med å sei «I will ruin your life».

Heile poenget med å stele dei private bileta, for deretter å presse for pengar ved å truge med å publisere dei, er å skape frykt. Frykt for latterleggjering, folkesnakk og invadering av dei inste grensene.

Eg reagerte med å vere open, fordi eg hadde eit stort nettverk, vener og familie som eg stolte på at ville meg godt. Ikkje alle er like heldige.

Alle har noko privat

Det som skjedde er kriminelt og etisk overgrep som kvart år rammar tusenvis av menneske i Norge. I takt med at liva våre blir meir digitale, har dei aller fleste av oss innhald på telefonane våre som vi ikkje ønsker at uvedkomande skal sjå.

Å bryte seg inn og stele dette, for deretter å true med å publisere det, er ein form for terror av folk sine privatliv.

Ein kan kjenne det som å bli invadert av ein fiende du ikkje kan forsvare deg mot – i di eiga intimsone.

---

Råd viss du er utsett for biletedeling

  • Anmeld til politiet
  • Lagre skjermdump av video eller bilete som blir spreidd
  • Snakk med nokon du stoler på
  • Ikkje betal utpressaren (det kjem berre høgare krav)
  • Varsle jobben din (viss utpressaren trugar med det)
  • Bryt kontakten med utpressaren
  • Gjer Instagram og Facebook privat


Kjelde: Mia Landsem

---

Skal Nora Mørk, Sophie Elise, Emma Holten skamme seg over bileta overgriparane fekk tak i – og dreiv utpressing for?

Ikkje tale om. Den tid er forbi.

Overgriparen har ansvaret

I dag sender spesielt unge menneske kvarandre intime bilete heile tida. Hos mange er det like kvardagsleg og romantisk som å kjøpe ein bukett med roser på butikken. Generasjonskløfta er tydeleg, så fenomenet er ikkje like lett å forstå for alle som gifta seg før mobilkameraet fans.

Tale Maria Krohn Engvik, som er heile Noregs helsesøster på sosiale medium gjennom profilen Helsesista, seier at ho aldri rådgir ungdom om å unngå å sende intime bilete. «For kva skjer om dei gjer det likevel? Korleis trur dei då at det blir for dei å komme etterpå og fortelje det?»

Politiet, teknologiekspertane og sikkerheitsfolk har lenge åtvara mot å lagre bilete du ikkje vil at andre skal sjå, på telefonen. Det er eit forståeleg og pragmatisk råd.

Men er det eigentleg riktig – etisk og moralsk – å leggje ansvaret på offera framfor overgriparen? Det er aldri nokon si skuld at dei vert utsett for overgrep. Like lite er det aldri nokon si skuld at kriminelle stel dei private bileta – i mange tilfelle særs intime – for deretter å truge med å spreie dei.

Det er overgriparane som skal kjenne frykt, skam og utryggleik for at politiet og rettsvesenet skal få tak i dei.

Saka vart lagt bort

Problemet er at dei som stel bileta og driv med utpressing sjeldan blir tatt.

Då eg gjekk til politiet for å melde saka, møtte eg forståing og sympati. Men politidama bak skranken sat nesten like makteslaus som meg. Med ressursane politiet har er det lite dei kan gjere. Dei fleste overgriparane slepp unna med det.

Til deg som har private bilete på telefonen som nokon har stole: Du har ingenting å skamme deg for

—  Emil André Erstad, kommentator

I dag fekk eg beskjed av politiet om at dei hadde lagt bort saka mi, på grunn av mangel på ressursar.

Vi kan ikkje tole at kyniske kriminelle som står bak denne intimitets-terroren, slepp unna med det, trygt plassert framfor PC-skjermen sin.

Fleire tar livet sitt

Eg er heldig og privilegert, for eg er ein vaksen mann som kan sei ifrå. Alle moglege folk sende meg sympati i sosiale media, fordi eg kunne sei kva som hadde skjedd. Advokatar sende meg private meldingar der dei opplyste om kva rettar eg hadde. Godhjarta hackarar tilbydde seg å hjelpe med å ta den som stod bak. Nokon leiter etter denne akkurat no.

Men kva viss eg var 17, 16 eller 15 år då dette skjedde? Då kunne det tatt frå meg heile sjølvkjensla, tryggleiken og kanskje delar av framtida. Den etiske hackaren Mia Landsem fortalde meg at ho har sett ein auke i slike angrep dei siste vekene, og at fleire unge menn i Norge har tatt livet sitt etter utpressinga.

I mellomtida får vi alle gjere det vi kan for å motverke stigmaet ved å sei høgt og tydeleg at dei som opplever å bli fråstole bileta ikkje har noko å skamme seg over. Og så kan vi presse på for at dei som står bak djevelskapen blir stilt til ansvar – og ikkje leggje skuld på dei som lagrar intime bilete på telefonen sin.

Til deg som har private bilete på telefonen som nokon har stole: Du har ingenting å skamme deg for.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar