– Eg høyrer om eldre som gruar seg til straumrekninga og om studentar som kvir seg for å setja på varmen. Mange som bur her i Valle, har store hus som er vanskelege å varma opp.
Det fortel Margit Dale, lokalpolitikar for Senterpartiet i Valle kommune i Setesdal. Dette er den største kraftkommunen i Aust-Agder.
I haust har ho sett kommunekassen bli fylt opp av ekstra millionar frå høge straumprisar. Då fekk ho ein ide.
– Eg tenkte me kunne gje litt tilbake, så inntektene skulle koma alle til gode.
Siste veka i oktober fekk ho gjennomslag for forslaget om å gje alle husstandar rundt 2500 kroner til å dekka straumrekninga. Det var lokalavisa Setesdølen som først omtala vedtaket.
– Støtta skal hjelpa folk å koma over den største kneika. Den er eit lite plaster på såret for mange.
Fleire tek til orde for kontantstøtte
Løysinga i Setesdal-kommunen kan også bli nasjonal politikk.
For medan staten håvar inn pengar på avgifter og ekstraordinære strauminntekter, tek fleire parti til orde for ein modell som liknar den i Valle:
- Frp vil gje 4.000 kroner i straumstøtte til kvar husstand i Noreg.
- Venstre, Høgre og KrF vil gje studentar 1.000 kroner ekstra i stipend.
- Rødt vil gje dei ekstra momsinntektene og det auka utbytet frå Statkraft til befolkninga.
- SV har også teke orde for kontantstøtte. Dei har no gått saman med Sp og Ap på Stortinget for å be regjeringa koma med tiltak.
[ Straum-aktivist skuffa over budsjettforlik med SV ]
Ber Vedum sjå til Valle
– Eg synest det er fint at fleire parti foreslår dette med kontantstøtte. Slik det er no, er det vanskeleg å gjera noko med sjølve straumprisen, for den blir sett i marknaden. Då må ein sjå på andre løysingar som kan kompensera, seier Margit Dale.
Sp-politikaren har ei klar bønn til partifelle og finansminister Trygve Slagsvold Vedum:
– Han må finna ei løysing på desse høge straumprisane. Så håpar eg han blir inspirert av det me får til i Valle.
Ap/Sp-regjeringa har lova å kutta el-avgifta med nesten 50 prosent i januar, februar og mars. Tiltaket er venta å kosta 2,9 milliardar kroner og vil kutta straumrekninga med 10 øre per kilowattime.
Margit Dale meiner dette er langt frå nok.
– Slike kutt er ikkje nok, for no er situasjonen såpass ekstrem.
Har hus frå 1600-talet
Sp-politikaren fortel om mange positive tilbakemeldingar på vedtaket. Andre har kritisert vedtaket fordi støtta kan gå til dei som ikkje treng det. Dale understreker at det er frivillig å søka.
Administrasjonen i kommunen opplyser til Vårt Land at til no har 408 av 650 husstandar i kommunen registrert seg som mottakarar for å få denne støtta. Frista for å søka går eigentleg ut denne helga. Den kan bli utvida til ut året.
Straum er jo ikkje alkohol og tobakk, som skader helsa til folk. Straum er noko du treng.
— Knut Olav Uppstad, organist og setesdøl
Margit Dale er mellom dei som har søkt om støtta. Ho bur i eit stort, gamalt hus frå 1600-talet.
– Eg fyrer mykje med ved, slik får eg ned straumprisen. Eg driv også eit galleri og ein campingplass. Eg tippar straumutgiftene mine er tredobla i vinter. Så desse pengane kjem godt med.
Organist ønsker seg kutt i avgifter og moms
Organist og setesdøl Knut Olav Uppstad er mellom dei som har søkt om kontantstøtte til straum.
– Eg synest dette er ei grei ordning. Det kom ein lapp i posten med informasjon, og eg har fylt ut eit digitalt skjema. Det var enkelt å fylla ut.
Han har vedomn som held utgiftene nede, men merkar at straumrekninga er nokre hundrelappar dyrare i månaden enn vanleg.
– Sidan eg fyrer med ved, kjem eg nok til å gå i pluss på ordninga. For dei som varmar med straum, blir nok støtta meir viktig.
Han synest nasjonale politikarar burde gjera meir for å få ned straumrekninga.
– Å kutta i avgifter og moms på straum, synest eg høyrer musikalsk ut. Straum er jo ikkje alkohol og tobakk, som skader helsa til folk. Straum er noko du treng.
Denne artikkelen vart endra fredag 3. desember, med opplysninga om at lokalavisa Setesdølen først omtalte vedtaket. I første versjon av artikkelen stod det at det var Fædrelandsvennen som var først ute.
---
Vedtaket i Valle
- 27. oktober vedtok kommunestyret i Valle å dela ut opptil 1,5 millionar kroner i straum-støtte til alle husstandane.
- Pengane hentar kommunen frå dei ekstra konsesjonsavgiftene dei får grunna dei høge straumprisane.
- Vedtaket tek eit atterhald: at representantskapet i Konsesjonskraftfondet IKS vedtek å ta ut overskotet. Dei har møte fredag denne veka, men vedtaket er venta å vera ein formalitet.
---