Med misjon som brekkstong

Som lita såg Torunn Haukvik Minnesjord ut vindauget på barna i 17.-maitoget ho ikkje var med i fordi familien var del av Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn. 15 år seinare skulle ho bli sentral i å opne det lukka kyrkjesamfunnet opp mot verda.

Gradestokken har bikka 20 grader denne siste maidagen i 1982. Misjonsaulaen i Akersgaten i Oslo er stappfull. Kjensla av at noko stort skal skje heng i lufta. For ein av hovudpersonane, 25 år gamle Torunn Haukvik, blandar forventing, spenning og kjensla av høgtid seg til ei høgare eining.

Ho har på seg sin finaste stas, Aust-Telemark-bunaden. I salen sit familie, vener og fleire hundre andre. Fleire av desse, både kjente og ukjente, har vore tydeleg kritiske til tenesta ho snart skal bli innvia til. Visse har ho til tider ikkje vore på talefot med.

Når Torunn Haukvik og ekteparet Rolf og Beate Vollsnes Ekenes i løpet av gudstenesta kneler ned ved alteret i misjonsstorstoga i Oslo sentrum, er det historiske skiftet eit faktum.

Generalsekretæren i Det Norske Misjonsselskap (NMS), Odd Bondevik, set ord på det til forsamlinga:

– Det er ikkje berre tre misjonærar som er innvia i dag, men Det evangelisk lutherske kyrkjesamfunn er også innvia til misjonsgjerninga, les ein i Misjonstidende nummer 20 frå same året.

Å opne for misjonsteneste i det konservative kyrkjesamfunnet har ikkje skjedd over natta og ikkje utan motstand. Vegen til dei tre misjonspionerane har gått gjennom styrerom, avstemmingar, krasse ordskifte og bøn.

Men no er dei klare til teneste, og for fyrste gong skal kyrkjesamfunnet som er skulda både for å vera lukka og ha sekteriske trekk opne døra mot verda.

Misjon skal vise seg å bli ei sentral brikke også i den langt større prosessen med å opne kyrkja mot storsamfunnet på heimlege breiddegrader.

Eit sjarmerande opprør

No, tjue år etter er det neste generasjon sin tur.

– Det er utruleg sjarmerande at 68-ar opprøret i Delk tok form som eit misjonsengasjement, seier Kristoffer Hansen-Ekenes med eit smil.

Han sit ved matbordet saman med kona Sigrid i ein leilegheit på Lambertseter i Oslo. Ho er teiknspråktolk, han er prest i Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (Delk), nærmare bestemt i Ryenberget kyrkjelyd.

20.06.22 Oslo, Norge. Familien Hansen Ekenes skal til Madagaskar for å drive misjon

På veggane i heimen deira er det stort sett berre tomme bildekrokar og det står kasser stabla rundt omkring. Rundt beina deira flyg tre små ljoshåra Hansen-Ekenesar. Elise er seks år, Mari er tre og eit halvt år og minstemann Anna er halvtanna.

Når sommaren er på hell er familien på fem på veg til det kanskje mest stereotypiske norske misjonsfeltet du finn, den afrikanske øynasjonen Madagaskar, nesten nøyaktig førti år etter dei fyrste misjonærane blei sendt ut for kyrkjesamfunnet.

Skeptiske til TV, orgel og landbruksmaskiner

Ein kan kanskje tenkje at det er eit prektig «ungdomsopprør» å ville bli misjonær.

Men i eit kyrkjesamfunn der ein fyrst tok i bruk orgel på 70-talet, der ein fram til byrjinga av 1900-talet var skeptisk til landbruksmaskiner og der fjernsyn fyrst blei stovereine rundt 90-talet, var det faktisk ganske oppsiktsvekkjande å ta til orde for å sende ut misjonærar for førti år sidan.

26.06.22 DELK markerer 150 år

Sigrid forklarar med stor innleving:

– Når eit kyrkjesamfunn har vore veldig lukka, og alt handlar om det som skjer innanfor, og for all del å halde all påverknad frå samfunnet utanfor unna ...

Ho knyter begge nevane saman til ein tett ball før ho fullfører setninga:

– Då er det ganske radikalt å plutseleg berre: «HEI verda! Me skal ut dit!»

---

Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn

  • Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn (Delk) blei etablert i 1872 i Jarlsberg.
  • Det eldste lutherske frikyrkjesamfunnet i Noreg.
  • Starta som eit opprør mot avkristning i skulen. Sidan starten har skulearbeid vore ein av kyrkjesamfunnet sine hovudoppgåver. I dag driv dei fem grunnskular på Austlandet.
  • Har om lag 3.200 medlemmar fordelt på 14 kyrkjelydar.

Kjelde: Delk.no

---

Bibelen på teiknspråk

Begge skal jobbe med bibelomsetjing på Madagaskar, og er sjølverklærte språk-nerdar. Sigrid skal vera med på oppstarten av eit team som skal omsetje bibelen til gassisk teiknspråk. Kristoffer er teolog og skal inn i rolla som omsetjingskonsulent. Kva for språk det er snakk om veit han ikkje endå.

Men det var også ein annan kompetanse som gjorde ekteparet Hansen-Ekenes eigna til misjonærpostane på Madagaskar, nemleg kjennskap til språk og kultur.

26.06.22 Gjennestad, Norge. DELK markerer 150 år

For den observante lesar delar ekteparet nemleg halve etternamnet med to av dei aller fyrste Delk-misjonærane. Sigrid er eit av dei fyrste misjonærbarna i kyrkjesamfunnet, og flytta fyrst til Noreg som 15-åring.

Foreldra Rolf og Beate Vollsnes Ekenes reiste ut i 1982 og blei verande på øya på austkysten av Afrika i om lag tjue år.

Misjon handlar ofte om å vinne, mens Delk-skulane handla om å bevare.

—  Kristoffer Hansen-Ekenes

Medan Kristoffer har vakse opp i det som no heiter Misjonskirken Norge har Sigrid har høyrt til i Delk heile livet. Men med sine 34 år er ho for ung til å hugse misjonsmotstanden og eit kyrkjesamfunn der medlemmane skilte seg markant frå storsamfunnet i både livsførsel og tankesett.

Skepsis til nye ting

Delk er det eldste lutherske frikyrkjesamfunnet i Noreg, og vart oppretta i Jarlsberg i Vestfold i 1872 som ein protest mot delar av forkynninga og undervisninga barna fekk i regi av skule og statskyrkja.

Ei sekularisering av skulen der ein gjekk frå å skulle føre borna fram til konfirmasjonen, til å skulle vera ein allmenndannande skule med fag som naturkunnskap og historie, opprørte mange.

Delk: Sankthansstevne i Solberg kirke i Ramnes i 1920-årene. Så vidt vi vet var det bare ett Sankthansstevne i kirkesamfunnet. Det gikk over to dager, søndag og mandag. Dette kan ha vært mandagen, da var det færre folk. Men Solberg kirke lå langt fra allfarvei, samt at å reise fra Oslo eller Telemark til indre Vestfold var et stort prosjekt på den tida; fortsatt like mye hest som bil.

Ei gruppe haugianarar ville opprette eigen skule, og fann ut at det enklaste var å gjera det i rammene av eit nytt kyrkjesamfunn. Delk blei født.

– Det var tidlegare ein sterk kultur for skepsis mot det nye og ukjente. Det er ein del av grunnen til at dei var isolerte så lenge.

Det seier Jostein Bendiksen. Til vanleg er han rektor ved ein offentleg grunnskule i Skien. Dei siste fem åra har han på oppdrag frå Delk skrive ei bok om kyrkja sin historie frå 1940-talet og fram til i dag, som blir gjeven ut i forbindelse med at kyrkja fyller 150 år i år.

I tillegg til ein tanke om at ein måtte verne seg frå nye tankar som kunne føre ein av den smale stig, var særleg eitt argument bruka mot å engasjere seg i misjon, fortel Bendiksen:

Skuledrift var Delk sitt kall. Misjonsarbeid fekk andre ta seg av.

26.06.22 Gjennestad, Norge. DELK markerer 150 år

Eller som kommande misjonær Kristoffer forklarar det:

– «Vinne folk til tru» og «bevare folk i trua» er på ein måte dei to polane i kristent arbeid. Misjon handlar ofte om å vinne, mens Delk-skulane handla om å bevare.

I dag er Delk kjent for å vera teologisk konservativ, og ein meiner mellom anna at kvinner ikkje skal vera prestar og at seksualitet skal levast ut i livslange ekteskap mellom éin mann og éi kvinne. Det gjer dei kanskje annleis enn storsamfunnet, men kan knapt kvalifisere dei til å vera «utskot».

Situasjonen var ein annan berre nokre tiår tilbake.

– Blei sett på som særingar

Me møter Torunn Haukvik Minnesjord på det tradisjonsrike Sankthansstevnet. Dei siste åra har det funne stad på Gjennestad vidaregåande skule i Stokke kommune i Vestfold.

Nøye friserte uteareal med bugnande blomsterbed lovar godt for neste generasjon gartnarar som blir utdanna på skulen eigd av Normisjon.

26.06.22 Gjennestad, Norge. DELK markerer 150 år

I dag har om lag fem hundre frå kyrkjesamfunnet tatt turen frå rundt om i landet. For mange er dette kanskje den einaste gongen i løpet av året dei ser med-Delkarar frå andre delar av Noreg. For Torunn er det ekstra lenge sidan ho har møtt mange av menneska her.

For berre tre dagar sidan kom ho heim frå Etiopia etter å ha fullført eit toårig opphald der saman med ektemannen. Denne gongen har ho vore «stedlig representant», altså leiar for arbeidet Misjonssambandet har i landet, men framleis som utsending frå Delk.

Telemarkingen merkar godt forskjell på måten folk ser på Delk-arar no og før.

– Den gongen var me veldig lukka. Me blei sett på som nokre særingar.

Blei ropa etter på gata som barn

I Skien blei dei kalla «tørklemenigheten», fortel ho. Kvifor veit ho ikkje sikkert, men truleg fordi kvinnene tilbake i tid dekte hovuda med tørkle. Heile barneskulen gjekk Torunn på ein av skulane til kyrkja.

Andre ungar kunne rope «tørkleee» etter Torunn og dei andre Delk-borna når dei gjekk på gata. Dei var lette å få auga på, jentene med lange fletter og skjørt.

26.06.22 Gjennestad, Norge. DELK markerer 150 år

På 17. mai gjekk folketoget rett forbi huset til Torunn og familien. Ho hugsar at ho kikka ut på dei frå vindauge. Kyrkjemedlemmane blei heller bussa vekk frå den offentlege feiringa, til eigne arrangement.

Heilt frå oppstarten av Delk hadde grunnlovsfeiringa blitt sett på som eit teikn på verdsleg sjølvgodskap. Fyrst i 1994 blei det «gjeve høve til å delta i barnetoget 17.-mai», vel å merkje så lenge deltakinga «skjer slik det sømer seg for kristne».

– Ein følte seg litt annleis. For det var ein jau. Me fekk ikkje lov til dei same tinga. Som å gå på kino. Eller organisert idrett. Men stort sett gjekk det greitt. Når ein er liten tenkjer ein ikkje alltid over kvifor ting er som det er. Ein gjer som ein blir fortalt av foreldre og lærarar.

Og når klassekameratar og vener levde under liknande reglar var ein i alle fall saman om det.

– Me fekk inntrykk av dei som ikkje var ein del av Delk, dei var ikkje fullt …

Ho dreg på det.

– Det er vanskeleg å setje ord på. Me skulle i alle fall ikkje ha så mykje kontakt med dei. Me var liksom oss sjølve nok. Det var nok litt slik at me tenkte at me hadde den rette læra.

Sneik seg ut

Det var fyrst då Torunn byrja på Kvitsund i 10. klasse, ein skule eigd av Misjonssambandet, at ho ikkje lenger trong å leve under like strenge reglar. Det var her ho høyrde ordet misjonær for fyrste gong.

Rundt oss har det trykkjande, men varme vêret sakte men sikkert utarta seg til faretrugande mørke skyer. Me sit på ein benk under open himmel, og eit illevarslande drønn i det fjerne får ein på tankar om å trekkje inn under tak.

26.06.22 Gjennestad, Norge. DELK markerer 150 år

Torunn fortel vidare om korleis vegen etter Kvitsund gjekk til Oslo og studie for å bli bioingeniør. Det var eit Delk-ungdomsmiljø der, og sjølv om det ikkje var akseptert å oppsøkje andre kristne samanhengar var endring på veg. På lik linje med fleire andre «sneik ho seg ut» på møte og undervisning i regi av både Laget, Misjonssambandet og andre.

Her møtte ho ei anna type forkynning enn den ho var vane med.

– Her var det meir vekt på nåden. Nåden var litt godt gøymt i Delk, seier ho og ler litt.

Det største vendepunktet kom for ho på ein sommarbibelskule i regi av Misjonssambandet i løpet av studietida. Det var her misjonsgløden for alvor blei tent for Torunn. Då Jesaja kapittel seks blei lest frå talarstolen fekk ho ei kjensle at orda «Kven skal eg senda, og kven vil gå» var retta mot ho.

Det blei klart for Torunn at det var meininga at ho skulle vie livet sitt til teneste for Gud.

Nåden var litt godt gøymt i Delk.

—  Torunn Haukvik Minnesjord

Fotfolket ville opne opp

Eit nytt, usedvanleg høglydt drønn rullar rett over hovudet vårt. Små dropar fell mot bakken. Fotografen påpeikar at det er ein benk litt lenger borte som står under tak.

– Oi, ja. Eg er så vane med torevêr frå Etiopia at eg nesten ikkje registrerer det lenger, forklarar bioingeniøren.

Me rekk så vidt å søkje ly før dropane blir store og mange.

Torunn Haukvik Minnesjord på laben i Arba Minch.

Etter kvart starta ho den fyrste misjonsforeininga i kyrkjesamfunnet, utan å spørje nokon om lov. Rundt same tida slepp ein av dei fyrste talarane som ikkje sjølv er Delk-er til på eit møte i regi av kyrkja. Og dei fyrste Delk-arane utdannar seg til teologar, noko som ville vore utenkjeleg tidlegare. Alt dette skjer i det unge Oslo-miljøet.

Og i den siste månaden av 70-talet sender Rolf Ekenes eit brev til kyrkjelydsstyret i Delk med spørsmål om dei ville stå som sendarkyrkje for han og kona Beate.

Det som no skjer, reknar rektor Bendiksen som det demokratiske gjennombrotet i Delk. Fram til no har dei fleste store saker blitt avgjort på styrerommet bak lukka dører.

Hadde ein halde fram med å leve i isolasjon, ville kyrkja truleg etter kvart ha forsvunne.

—  Rolf Ekenes

Denne gongen set det øvste styret i kyrkja i gang ein turné saman med misjonsspirene for at over 600 menneske skulle få seie meininga si, og stemme over om Delk no skulle bli ei kyrkje som dreiv med misjon.

Fotfolket svarte eit rungande ja. Over to tredjedelar var positive, pluss eit nesten samrøystes toppstyre.

– Dette viser at ein var klar for å bli opnare. Både med å ville sende misjonærar ut i verda, men også fordi alle fekk seie si meining, seier Bendiksen.

Dessutan skal dei tre misjonærane bli sendt ut gjennom dei erfarne misjonsorganisasjonane Misjonssambandet og NMS, noko som kravde eit formalisert samarbeid med andre kristne. Og at ein i tillegg ville samarbeide med NMS som blei sett på som mindre teologisk konservativ kallar rektoren for oppsiktsvekkjande.

Ein dag fylt med kjensler

Folk er ikkje berre samla denne junidagen fordi det er sankthans. Ein skal også feire 150-årsjubileum, og høgdepunktet er ifølgje fleire me snakkar med, gudstenesta med misjonærinnviing av Kristoffer og Sigrid.

26.06.22 Gjennestad, Norge. DELK markerer 150 år

Me møter ekteparet i inngangspartiet til bygget på Gjennestad der gudstenesta skal finne stad. Sigrid står der med store, blanke augo.

Det er ein stor dag for dei, fylt med mange kjensler.

Vemod over å seie hade til mange dei ikkje vil sjå att på ei god stund. Takksemd for alle gode ord, kort, gåver og helsingar. Ærefrykt for oppgåvene som ligg framom.

Gymsalen er tettpakka med folk. Mange sit på gangen og fylgjer med på skjermar, sidan det ikkje er plass til dei i det som i dag skal fungere som kyrkjerom. Over scenen er ei basketballkorg heisa opp mot taket.

Det er ingen teikn til tørkle-kledde hovud, men om lag knelange, småmønstera kjolar ser ut til å stå høgt i kurs hjå damene. Hjå menn ser korterma skjorter med ruter ut til å vera ein vinnar.

Tilsynsmannen, den øvste leiaren i kyrkjesamfunnet, talar. Hadde han ikkje hatt det tydeleg svensk-klingande namnet Bertil Andersson, kunne ein sete ei god stund før ein klarte å plassere den svakt merkbare aksenten i nabolandet.

26.06.22 Gjennestad, Norge. DELK markerer 150 år

Han talar om korleis ein skal ta imot Guds rike som eit lite barn.

På eit tidspunkt blir Kristoffer og Sigrid bedt om å koma opp på scenen for å bli bedne for. Minstemann Anna på eitt og eitt halvt år blir med opp. Men då ein av dei sju forbedarane skal leggje handa på skuldra Sigrid for å be føysar dottera handa vekk frå mora. Løysingsorientert blir handa umerkeleg flytta til hovudet hennar, og innviinga går vidare.

Mista dottera

Etter gudstenesta har det danna seg små køar for å snakke med og gratulere dei nyaste misjonsutsendingane til Delk. Sigrid introduserer oss for faren, Rolf. Han var den øvste leiaren i Delk i åtte år, fram til svenske Bertil Andersson overtok.

Men i dag er han ikkje tidlegare leiar eller misjonspioner. I dag er han stolt far.

– Me er fylte med stor glede, stor takksemd og stor fryd. Og med eit hint av sorg, sjølvsagt. Dei tre små nøsta som fer rundt omkring her, dei får me ikkje bølle med, kile og frese rundt med.

Blikket leitar etter dei tre små barnebarna.

Han har tidlegare vore open om kva misjonsopphaldet på Madagaskar kosta familien hans. Storesystera til Sigrid omkom i ei tragisk flyulukke i 1989.

Også åra barna hans var på internat under opphaldet har vore gjenstand for samtaler i familien, sjølv om dei ifølgje Rolf stort sett har sloppe dei verste kjenslene av sakn og smerte som andre misjonærbarn har meldt om.

At Sigrid og familien er nummer to av syskena som har valt å reise ut som misjonærar synest Rolf er sterkt. Storebror Torkel og familien var ein periode i Japan.

26.06.22 Gjennestad, Norge. DELK markerer 150 år

Å ha vore med på å bane veg for neste generasjon misjonærar er fint, men det kanskje viktigaste var det større vegskiljet han meiner Delk stod i tidleg på 80-talet.

– Gjennom vegen mot misjon opna me oss også opp både innanfor kyrkjesamfunnet, og ut mot Kyrkje-Noreg. Slik såg me at det finst engasjerte kristne også andre stadar, og at det trass i forskjellar er meir som samlar oss.

– Du nemner eit vegskilje. Kva stod på spel?

I verste fall kunne kyrkja blitt sekterisk og tenkje om seg sjølv at det er berre me som har den einaste rette læra. Hadde ein halde fram med å leve i isolasjon, ville kyrkja truleg etter kvart ha forsvunne, meiner presten.

Betalar meir

Forbi oss går ei ung jente tidsriktig kledd i svart sykkelshorts og ei T-skjorte frå rockebandet Kiss. Ei anna har basert på si T-skjorte greidd å skvise inn det tverrkyrkjelege misjonsarrangementet The Send og Sankthansstevnet til Delk inn på ei helg.

Sigrid ser ljost på framtida. Ho føler dei er del av ei ny bølgje med menneske engasjerte i misjon. Kyrkjesamfunnet med om lag 3.200 medlemmar har med Kristoffer og Sigrid sju vaksne misjonærar ute. Aldri før har dei vore så mange.

Ekteparet fortel at det vekte engasjement i Delk då dei ville reise ut som misjonærar. Dei fleste kyrkjelydane har sagt at dei vil auke bidraget til misjon for å gjera det mogleg, fortel Sigrid.

26.06.22 Gjennestad, Norge. DELK markerer 150 år

For Torunn er det flott å sjå at den yngre generasjonen har ein enklare veg til misjonsteneste enn ho hadde. Ho meiner Delk er på rett spor no, men at det framleis skjer endring. Berre dei siste ti åra har ting forandra seg, ho trekkjer fram musikken som eit døme.

Ho tenkjer tilbake på yngre år då ho opplevde at ting var meir fastlåste. Sjølv om ho er oppteken av å halde kyrkja si lære på bibelsk grunn trur ho endring er sunt.

– Det hadde stoppa litt opp. Men no er me i rørsle. Og det er slik det bør vera.


Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Religion