Religion

Den kristne fjernsynskanalen fekk kritikk av Innsamlingskontrollen. No har dei tatt grep

KANAL 10: For to år sidan fekk den kristne fjernsynskanalen Kanal 10 krass kritikk frå både Innsamlingskontrollen og ein gjevar som kjente seg svindla. No har dei gjort éi stor endring.

– Eg blei skulda for å ville berike meg sjølv. No er ikkje det argumentet i vegen for dei som vil støtte oss økonomisk.

Det seier styreleiar og dagleg leiar i Kanal 10, Øyvind Rygg.

I sommar blei Stiftelsen Kanal 10 oppretta. Stiftinga eig no alle aksjane i Kanal 10 Norge AS.

Det er Innsamlingskontrollen er svært positive til.

– Ei stifting er ein av dei tryggaste organisasjonsformene ein kan gje til. Her er det rekneskapsplikt, revisorplikt og svært avgrensa høve til vedtektsendringar, seier dagleg leiar i Innsamlingskontrollen, Per Kristian Haugen.

For to år sidan skreiv Vårt Land om at Innsamlingskontrollen førte fjernsynskanalen Kanal 10 opp på si OBS-liste, som er ei liste over organisasjonar der det har komme fram negative opplysningar av ulik grad. Dei åtvara mot å støtte den kristne kanalen.

Per Kristian Haugen Innsamlingskontrollen

Innsamlingskontrollen meinte at pengegåver frå sjåarar hadde gått til å betre eigaren av Kanal 10 sin økonomiske situasjon, ved at midlane blei bruka til å betale ned gjeld etter oppkjøpet av kanalen.

Haugen presiserte den gongen at det ikkje ville vore ulovleg eller gale å gjera dette hadde ein vore open overfor gjevarane om det.

Avviste kritikk

Øyvind Rygg, eigaren av Kanal 10, avviste kritikken, og meinte det ikkje var noko gale i å bruke innsamla midlar for å betale for kanalen.

– Eg får ikkje noko pengar eller berikelse av at kanalen går godt, eg har mi løn som andre som jobbar der. Eg kan ikkje ta utbytte. Det står i statuttane våre at me ikkje kan ta utbytte, så Rygg til Vårt Land den gong.

Per Ivar Birkeland var ein av dei som reagerte sterkt på kva pengane han hadde gitt til fjernsynskanalen, gjekk til.

– Eg kjenner meg svindla. Eg gav ikkje pengane for at eigaren si formue skulle vekse, fortalde han til Vårt Land, etter å ha gitt i overkant av 600.000 kroner i gåver til Kanal 10.

---

Kanal 10 Norge

  • Kristen fjernsynskanal som blei etablert i Noreg i 2010 av Kanal 10 Sverige.
  • Kanalen blei kjøpt opp av Øyvind Rygg sitt selskap Ryggs Tv tjenester AS i 2018.
  • Sommaren 2023 blei aksjeselskapet Kanal 10 lagt ned, og alle aksjane i kanalen er no eigd av Stiftelsen Kanal 10.
  • Fylgje Dagen viser tal frå Kantar at Kanal 10 har hatt mellom 10.000 og 20.000 vekentlege sjåarar i 2023.
  • Kanalen har som formål å spreie den kristne bodskapen på ulike måtar og frå ulike medieplattformer i Norge og andre land.

Kjelder: Bizweb, Brønnøysundregistera, Dagen og Kanal 10.

---

Betalte tilbake 600.000 kroner

Birkeland påpeikte at Rygg som eigar når som helst sjølv kunne endre statuttane og ta ut utbytte, eller at han kunne selje kanalen og dermed sitje att med stor forteneste.

Både Birkeland, Innsamlingskontrollen og Kanal 10 sin eigen advokat og revisor råda Rygg til å organisere eigarselskapet for fjernsynskanalen som foreining, lag eller ideell organisasjon i staden for aksjeselskap. Fleire påpeika at ein på den måten ville sikra at det ikkje blei tatt ut utbytte.

Nokon har stilt spørsmål ved korleis me har forvalta pengane då eg var eigar. Men no slepp eg å bli mistenkjeleggjort

—  Øyvind Rygg, dagleg leiar i Kanal 10

Men for to år sidan var Rygg skeptisk til å gjera ei slik endring, og argumenterte for at det å vera organisert som aksjeselskap gav større fridom.

Kanalen enda til slutt opp med å betale tilbake dei over 600.000 kronene til den misnøgde gjevaren, som sette endra organisasjonsform som kriterium for at dei skulle få behalde gåva.

Men no har altså ting endra seg.

Fekk ikkje skattefritak

Rygg seier til Vårt Land at han ikkje veit om fleire som har vore direkte skeptiske til å gje pengar til fjernsynskanalen på grunn av organisasjonsforma, men at fleire, mellom anna advokatar har råda dei til å gå over til å bli ei stifting.

– Dei råda har me følgt. Nokon har stilt spørsmål ved korleis me har forvalta pengane då eg var eigar. Men no slepp eg å bli mistenkjeleggjort, seier Rygg.

Ein kan ikkje ta ut utbytte frå ei stifting.

Rygg fortel også at dei kort tid etter kritikken frå Innsamlingskontrollen for to år sidan informerte via nettsider og kanalen om korleis dei var organiserte og korleis dei bruka pengegåver.

Dette gjorde at Kanal 10 blei tatt vekk frå OBS-lista til Innsamlingskontrollen i oktober 2021, opplyser Haugen.

Rundt dei same tidene fekk også Kanal 10 beskjed om at dei ikkje lenger ville få skattefritak på inntektene til kanalen, så lenge dei var organiserte som ei aksjeselskap og at det berre var ein aksjeeigar.

– Me søkte då om ei bunden utsegn om at skattefritaket ville koma tilbake om me la eigarselskapet i ei stifting, og dette blei stadfesta, opplyser Rygg.

– Då kunne me ikkje sjå nokon grunn til å halde fram som aksjeselskap, legg han til.

Haugen i Innsamlingskontrollen seier at all deira tidlegare kritikk no er handtert på ein god måte av Kanal 10.

– Me har ingen grunn til å åtvare gjevarar mot å gje til organisasjonen.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion