Religion

– Føler meg misbrukt

KRISTEN-TV: Per Ivar Birkeland meinte Kanal 10 sitt prosjekt var prisverdig, og støtta kanalen med store summar. – Eg kjenner meg svindla. Eg gav ikkje pengane for at eigaren si formue skulle vekse.

Etter å ha gitt fleire store gåver til Kanal 10 i løpet av 2019, byrja Per Ivar Birkeland frå Sandnes å mistenke at noko ikkje stemte. Han stoppa gåvene og fekk mellom anna reknskapsføraren sin til å kikke gjennom reknskapa deira og måten dei var organiserte på.

– Dei står på tv-skjermen og skal spreie den gode bodskapen, og så lurar dei deg. Eg gav 630.000 kroner i løpet av 2019 og i etterkant har eg brukt fleire titals tusen på å finne ut av korleis alt heng saman, og eg føler meg skikkeleg misbrukt, seier Birkeland, som meinte Noreg trong ein betre kristen fjernsynskanal, og difor ville støtte Kanal 10.

Eigaren av Kanal 10 held fast på at det ikkje har skjedd noko kritikkverdig, og svarer på skuldingane seinare i saka.

Betalar gjeld med gåver

Tidlegare denne månaden skreiv Vårt Land at Innsamlingskontrollen førte den kristne fjernsynskanalen opp på si OBS-liste, som er ei liste over organisasjoner der det har kome fram negative opplysningar av ulik grad.

Bakgrunnen for dette var at Kanal 10, som er organisert i aksjeselskapet Kristen TV i Norge, i 2018 blei kjøpt av aksjeselskapet Ryggs TV-tjenester AS for 15 millionar svenske kroner. Den tidligare eigaren var svenske Kanal 10. Kjøpet blei finansiert ved at den svenske kanalen gav eit lån til Ryggs TV-tjenester AS med løpetid på sju år. Året etter gav norske Kanal 10 eit lån på to millionar norske kroner til eigaren Rygg TV-tjenester. Lånet vart nedskrive same år. Innsamlingskontrollen seier pengane har blitt bruka til å nedbetale gjelda til den tidlegare svenske eigaren.

– Gjevarane har blitt fortalt at alle gåvene deira skal gå til evangelisering og innkjøp av utstyr, noko som heilt klart ikkje er tilfellet. Store delar har gått til å betale ned gjeld etter oppkjøp av kanalen. Sjølv om det ikkje er pengar rett i lomma er det vanskeleg å kalle dette noko anna enn utbytte for eigar. Ved å betale ned gjelda til morselskapet aukar verdiane til eigaren, seier Per Kristian Haugen, daglig leiar i Innsamlingskontrollen.

– Eg gav ikkje pengane for at eigaren si formue skulle vekse, og då eg spurte korleis ting hang i saman tåkela og laug dei for meg. Eg kjenner meg svindla, meiner Birkeland.

No vurderar han å melde forholdet til politiet og å gå til rettslege skritt for å krevje pengane tilbake.

Per Kristian Haugen Innsamlingskontrollen

Hevda utleige av buss dekte lånet

Vårt Land har sett epost-korrespondanse mellom Øyvind Rygg og Per Ivar Birkeland. Om kjøpet av fjernsynskanalen skriv Rygg den 10. januar 2020 at «kjøpesummen betales med det Ryggs-TV tjenester AS mottar av leieinntekter fra Kristen TV i Norge AS for utleie av en TV buss i full tid».

I regnskapet til Kristen TV i Norge AS står det at utgiftene knytt til leige av utstyr mellom dei to selskapa var på 110.000 kroner i 2019 og 180.000 kroner i 2020, noko som på langt nær dekker dei rundt 2 millionane Ryggs TV tjenester AS årleg skal betale til den tidlegare svenske eigaren.

– Øyvind Rygg lyg, svart på kvitt, men han ser ikkje ut til å gå i seg sjølv når han blir konfrontert med det, seier Haugen i Innsamlingskontrollen.

– Per Ivar Birkeland kjenner seg misbrukt og svindla. Har han grunn til det?

– Mottakar har loge om kva pengane går til. Om det er juridisk tilstrekkeleg til å kalle det svindel er ikkje sikkert, men på folkemunne er det det. Eg forstår godt at Birkeland kjenner seg svindla, og eg synest han har gjort ein kjempejobb med å finne ut kva som har blitt sagt og gjort, og han har tatt tak i det på ein ordentleg måte. Det er det få som greier.

– Ingenting her er lureri

Øyvind Rygg seier han ikkje har snakka usant.

– Det er ingenting her som er lureri. Bussen blei seld i april 2020, fleire månadar etter at eg sa til Birkeland at det var utleige av denne som finansierte lånet, seier Rygg.

– Men reknskapet viser at utgiftene knytt til leige av utstyr mellom dei to selskapa var på langt nær nok til å dekkje avdraga på lånet?

– Dei to millionane som står som finansutgifter i reknskapet er ikkje eigentleg eit lån, men betaling for utleige av TV-bussen, seier Rygg.

– Kva tenkjer du om at ein stor gjevar som Per Ivar Birkeland kjenner seg misbrukt og svindla?

– Det forstår eg ikkje. Han gav oss store summar, og me er veldig takksame for det. Me har vore veldig opne med han, og eg har berre gode ting å seie om han. Eg er veldig lei meg for at han har tatt det slik.

– Ikkje gjort noko gale

Sjølv kjenner han seg trygg på at han ikkje har gjort noko gale. Han seier at dei i tillegg til inntekter frå utleige av TV-bussen har overført pengar mellom dei to selskapa for å betale lånet, men meiner det ikkje er noko kritikkverdig i det. Han seier også at dette har blitt kommunisert til gjevarane.

– Me har vore tydelege på at me har bruka gjevarpengar til å finanisere kjøpet.

I skriftleg korrespondanse mellom partane kjem det fram at både Kanal 10 sin advokat og revisor, i tillegg til Birkeland og hans reknskapsførar, tilrår Rygg å organisere eigarselskapet for fjernsynskanalen som foreining, lag eller ideell organisasjon i stadenfor aksjeselskap. Fleire grunngjev det med at ein på den måten sikrar at det ikkje blir tatt ut utbytte. Men Rygg sjølv er skeptisk.

– For oss er det viktig at ting er sikkert. Men i eit aksjeselskap har du ein heilt annan fridom. Spør kva forretningsmann som helst. Og me har statutter som seier at eg ikkje kan ta utbytte, og at ved eit eventuelt sal skal verdiane i selskapet gå til liknande arbeid, seier Rygg.

– Men kva garanti har gjevarar for at du ikkje endrar statuttane?

– Me er heilt avhengige av tillit og respekt. Hadde eg gjort noko slik hadde truverdet vårt vore heilt vekke, og då er me ferdige.

Rygg seier dei aldri har lurt nokon og at det Birkeland siktar til når han seier at gjevarar er blitt lurte, er måten han har betalt for kanalen på, noko Rygg sjølv meiner er ein heilt lovleg og rett måte å gjera det på.

INNSAMLING: Programleder Erik Lindquist (t.v.) sammen med daglig leder Øyvind Rygg, under Kanal 10s innsamlingsuke i januar.

Ikkje nok

For Birkeland er ikkje dette nok.

– Rygg seier dei har vedtekter som hindrar han i å ta ut utbytte, men i praksis har han tatt utbytte, men kamuflert det som eit lån som blei nedskrive med ein gong. Og vedtektene kan han endre når som helst. Rygg kan selge kanalen når som helst og når han døyr står arvingane fritt til å selge kanalen. Då kan ein stor del av gjevarar sine gåver gå rett i hendane på dei, meiner Birkeland.

For han er det viktig å få fram at han ikkje ynskte å gå til media i utgangspunktet, men sidan han ikkje opplever at det skjer endring vil han at andre gjevarar får informasjon om saka.

Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion