For ei tid tilbake skreiv Vårt Land om Per Ivar Birkeland som hadde gitt i overkant av 630.000 kroner til den kristne fjernsynskanalen Kanal 10, og følte seg lurt. Han vurderte å melde forholdet til politiet og å gå til rettslege skritt for å krevje pengane tilbake.
No har han fått tilbake alle pengane han gav til kanalen.
Birkeland seier føresetnaden for gåvene hans var at dei gjekk til TV-produksjon, men meiner dei i staden for har gått til å betale gjeld i eit privateigd selskap.
Same dag som saka med Birkeland var på trykk i Vårt Land fekk han ein e-post frå eigaren av Kanal 10, Øyvind Rygg, med tilbod om å få tilbake alle pengane han har gitt kanalen. Den ikkje så glade gjevaren meiner tidspunktet for tilbodet ikkje er tilfeldig.
[ Innsamlingskontrollen åtvarar mot å støtte Kanal 10: – Gjevarane er blitt lurt ]
– Vil dysse det ned
– Eg trur han vil dysse ned saka slik at han ikkje mistar framtidige gåveinntekter. Dessutan ser eg på det som at han innrømmer at han ville hatt ei dårleg sak dersom det gjekk til retten, seier Birkeland.
Rygg seier grunnen til at dei betalte tilbake pengane er at Birkeland vurderte å melde saka til politiet, men han er ikkje einig i at dei med det innrømmer feil.
– Me i styret vurderte at det ikkje er verdt å ta dette så langt som til politiet, og me ser at me må velje våre kampar. Dessutan blir det feil for oss å bygge Guds rike med pengar som gjevaren ikkje har gitt oss med glede, seier Rygg.
Birkeland svarte på tilbodet om tilbakebetaling med at Kanal 10 kunne behalde pengane han gav om dei omorganiserte kanalen frå eit aksjeselskap til ei organisasjonsform som forhindrar at det blir tatt utbytte, som til dømes stifting eller foreining, innan tre månadar.
Dette ville ikkje Rygg gå med på, og har difor betalt tilbake dei 632.000 kronene.
[ Innsamlingskontrollen: Kanal 10 har sviktet sine givere ]
OBS-liste
Bakgrunnen for usemja er at Kanal 10, som er organisert i aksjeselskapet Kristen TV i Norge, i 2018 blei kjøpt av aksjeselskapet Ryggs TV-tjenester AS for 15 millionar svenske kroner. Den tidlegare eigaren var svenske Kanal 10. Kjøpet blei finansiert ved at den svenske kanalen gav eit lån til Ryggs TV-tjenester AS med løpetid på sju år. Året etter gav norske Kanal 10 eit lån på to millionar norske kroner til eigaren Rygg TV-tjenester. Lånet vart nedskrive same år. Innsamlingskontrollen seier pengane har blitt bruka til å nedbetale gjelda til den tidlegare svenske eigaren.
Det som har drive meg er å få rydda opp i dette og få orden. Ikkje å få tilbake pengane.
— Per Ivar Birkeland
Dette førte mellom anna til at Innsamlingskontrollen førte Kanal 10 opp på si OBS-liste, som er ei liste over organisasjonar der det har kome fram negative opplysningar av ulik grad.
– Det som skulle gå til drift av kanalen er i staden bruka til å betre eigars økonomiske situasjon ved å nedbetale gjeld, sa Per Kristian Haugen, dagleg leiar i Innsamlingskontrollen til Vårt Land tidlegare i år.
Han påpeika at dette ikkje i seg sjølv er ulovleg, men meiner det ikkje er det gjevarane er blitt førespegla.

Ikkje godt nok
Rygg ser ikkje noko gale i å bruka innsamla midlar til å betale for kanalen, og meiner det seier seg sjølv at dette blir gjort, og at ein derfor ikkje treng å informere spesifikt om dette til gjevarane. Han har likevel gjort det etter at saka blei omtalt i Vårt Land.
– Me har ikkje gjort noko gale, og statuttane i Kanal 10 gjer at eg ikkje kan ta ut utbytte.
Birkeland meiner dette ikkje er godt nok.
– Det som har drive meg er å få rydda opp i dette og få orden. Ikkje å få tilbake pengane. Ingenting er endra, så lenge Øyvind Rygg sit som eineeigar av Kanal 10 kan han endre statuttane når han vil, og dermed ta ut utbytte, eller selje kanalen og sitje att med millionar i forteneste. Han snakkar om å betale ned vår gjeld i Kanal 10, men det er hans gjeld, seier Birkeland.
I skriftleg korrespondanse mellom fleire partar kjem det fram at Kanal 10 sin advokat og revisor, i tillegg til Birkeland og hans rekneskapsførar, tilrår Rygg å organisere eigarselskapet for fjernsynskanalen som foreining, lag eller ideell organisasjon i staden for aksjeselskap. Fleire grunngjev det med at ein på den måten sikrar at det ikkje blir tatt ut utbytte.

– Kvifor ikkje velje ei anna organisasjonsform, noko som potensielt kunne fått dykk av innsamlingskontrollen si liste og gjort at de kunne behalde dei over 600.000 kronene frå Birkeland?
– Me set pris på fridomen me har som aksjeselskap, men me er ikkje låste til det. I styret vurder me fortløpande kva som er mest tenleg, og eg utelukkar ikkje at det skjer på eit seinare tidspunkt, men eg reagerer på at Birkeland bruker pengegåvene som eit pressmiddel. Det er heilt utelukkande å la han styre våre val., svarer Rygg.
[ HEF-pressesjef pensjonerer seg: – Jeg forstår at mange har sett på oss som grinebitere ]