Verdidebatt

Erdogan kastar ut kristne

Det går gal veg i Tyrkia. Tyrkias president gjer Hagia Sofia om til moské, kastar ut utanlandske misjonærar som har budd i landet i årevis og fyller på med farleg retorikk.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Johannes Morken

Redaktør i Stefanusalliansen

Tyrkias president Erdogans konvertering av Hagia Sofia i Istanbul til moské er ei farleg handling for Tyrkia og for landets religiøse minoritetar, ikkje minst dei kristne.

Landemerket i Istanbul var i 900 år kyrkje og symbol i det austromerske Bysants før dei muslimske osmanarane erobra Konstantinopel og gjorde kyrkja om til moské i 1453. Sidan 1935 har bygget vore museum over både den kristne og den muslimske historia til Tyrkia. Men Erdogan kastar no vrak på den sekulære republikken Kemal Atatürk grunnla. Erdogan politiserer islam og gjer endå ein gong Hagia Sofia til maktsymbol. Det er djupt urovekkjande.

###

Giftig retorikk

Ekstra urovekkjande er den giftige retorikken som no vert nytta for å rettferdiggjera maktgrepet. Då Erdogan kunngjorde avgjerda, sa han at å gjera Hagia Sofia om til moské, tilfredsstilte «erobringsånda» til sultan Mehmet II – som erobra Konstantinopel og Hagia Sofia-kyrkja i 1453.

Erdogans ultranasjonalistiske partner Devlet Bahçeli, leder av Det nasjonale aksjonspartiet, har hevda at det juridiske grunnlaget for å gjera Hagia Sofia til moské, byggjer på «sverdets rett» – som Mehmet II lente seg på då han knuste Bysants.

Dette gjer minoritetar i Tyrkia endå meir utsette mål for hatprat og -kriminalitet, åtvarar dei tyrkiske akademikarane Aykan Erdemir og Tugba Tanbyeri-Erdemir i magasinet Providence.

LES OGSÅ: Ole Christian Kvarme: «Min sorg handler mindre om bygningen og mer om våre kristne søsken i Tyrkia»

Kastar ut misjonærar

Men det skjer meir illevarslande. I det stille går kampanjen til Erdogan for å kasta ut utanlandske kristne som i årevis har budd i Tyrkia i årevis og arbeidd i små protestantiske kyrkjer. Desse kyrkjene veks fram fordi tyrkarar med muslimsk bakgrunn søkjer seg dit. Dei protestantiske kyrkjene samlar nokre tusen.

Fordi desse ikkje får registrera seg som kyrkjesamfunn, får dei ikkje utdanna pastorar og er avhengige av utanlandsk hjelp.

Kring 50 utanlandske kristne har i fjor og så langt i år fått vita at Tyrkia vil bli kvitt dei. Nokre har fått den mest dramatiske koden i offentlege register: «Trussel mot den nasjonale tryggleiken» og har fått nokre dagar på seg til å dra.

Dei fleste har fått ein litt mildare variant: «Trussel mot offentleg ro og orden». Dei får ikkje fornya opphaldsløyvet. Eller dei får vita at dersom dei dreg ut, får dei aldri venda tilbake. Nokre har ikkje fått noko varsel og fått denne sjokkarta meldinga på flyplassen ved retur frå reise. I Tyrkia kan dei ha familie og alt dei eig, men på flyplassen er det stopp. For alltid.

Vekst etter Brunson

Det vart ein kraftig vekst i utkasting etter prosessen mot den amerikanske pastoren Andrew Brunson som hausten 2016 vart arrestert og skulda for terrorisme og spionasje. Han og kona hadde budd i Tyrkia i 23 år. Brunson sat to år i fengsel og husarrest og risikerte 35 år bak murane. Etter hardt press frå president Trump slapp Brunson fri i oktober 2018. Vitne la bort falske vitnemål.

Det kan vera at Erdogan let det amerikanske presset gå ut over andre. Men som europearen «Paul», som har fått vita at han ikkje slepp inn igjen i Tyrkia dersom han dreg ut, seier til Magasinet Stefanus: «Vi har ingen politisk agenda. Vi elskar Tyrkia, vi elskar folket, vi elskar Jesus og vi ber for landet og leiarane.»

Kyrkja han og kona er med i, evangeliserer ikkje i gatene. Dei tek imot folk som kjem. Ekteparet må snart dra fordi opphaldsløyvet går ut. Han vil prøva saka for retten, men reknar med å tapa. Dei er i praksis makteslause.

Tyrkias president president Recep Tayyip Erdogan, i midten, leser fra Koranen under fredagsbønnen i Hagia Sofia. Dette er den første muslimske bønnen i Hagia Sofia, etter at den ble omgjort til moské etter 86 år som museum.

LES OGSÅ: Enorme folkemengder under Hagia Sofias første fredagsbønn på 86 år

Leiarar kasta ut

Ein kyrkjelyd vi i Stefanusalliansen støttar i Antalya i Tyrkia, har mista to utlendingar. Pastor Ramazan Arkan trur utestenginga vert gjort for å hindra kyrkjevekst.

Lenge ramma praksisen berre reint utanlandske familiar. Men nyleg fekk den utanlandske ektefella til ein tyrkisk pastor ti dagar på seg til å forlata landet. Dei har tre barn.

Den protestantiske alliansen i Tyrkia (TEK) har valt å gå offentleg ut med sterk kritikk av det dei kallar deportasjon og spør: «Vil det neste vera at tyrkiske statsborgarar som er protestantiske kristne, blir kasta ut?»

«Spionar»

Den tyrkiske advokaten Orhan Kemal Cengiz skriv i ein fersk rapport om religiøse minoritetar i Tyrkia at det er påfallande at slike grove brot på fleire menneskerettar får gå føre seg i det stille. Det er, skriv han, brot på trusfridomen at folk vert stengde ute på grunn av si tru. Ingen muslimar er ramma fordi dei har spreidd islam. Det splittar familiar, og folk har ingen rettstryggleik.

Den tyrkiske akademikaren Aykan Erdemir, som arbeider i Foundation for Defence of Democracies i Washington, seier til Magasinet Stefanus at sidan kuppforsøket mot Erdogan i 2016 har regjeringa dytta framfor seg konspirasjonsteoriar som framstiller kyrkjearbeidarar som «spionar». Den hatefulle retorikken i statlege og regjeringsvenlege media framstiller altfor ofte kristne som «femtekolonnistar» som svik nasjonen.

No blir også dei alle som opponerer mot Hagia Sofia-vedtaket i delar av retorikken framstilte som farlege svikarar. Dette lovar ikkje godt for Tyrkia som fellesskap på tvers av religiøse grenser.

LES MER OM HAGIA SOFIA:

Kristen forstander: – Kulturarv som én gang ikke var deres. Imam: – Avhenger av brillene man har på

Professor: «Hagia Sofia er blitt moské. Men det var de kristne som startet kampen om helligdommene»

Erstad om Hagia Sofia: – Like mye et maktsymbol som et religiøst symbol

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt