Arita varsla mot sjefen. Så blei ho sagt opp
Det tikkar inn meldingar til ein Vårt
Land-journalist.
Personen som tek kontakt, peikar Vårt Land mot Kirkens Hus, der sentraladministrasjonen til Den norske kyrkja sit. Nærmare bestemt til ein liten seksjon i Kyrkjerådet, dei som jobbar med HR.
Vårt Land har sendt ei rekkje innsynsførespurnadar til Den norske kyrkja og har hatt mange titals telefonsamtaler, e-post- og meldingsutvekslingar med ei rekkje menneske som har vore tett på situasjonen. Gjennom dette blir det teikna eit bilete av det varslaren vil ha fram i ljoset:
Eit arbeidsmiljø prega av uro. Sjukemeldingar. Hyppig utskifting av tilsette. Varslingar mot leiinga. Folk som seier opp, eller blir sparka: med eller utan sluttavtalar. Og fleire som blir bundne eller forsøkt bundne til å halde tett om det dei har opplevd, gjennom teieklausular i sluttavtalar.
Bestill abonnement her
KJØP