Kommentar

Å nå klimamåla vil gjere vondt. Det bør vi få høyre

KLIMA: Politikarane må tørre å snakke meir om kva konsekvensar klimatiltaka vil få.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Det er 2033 og du er på veg i bil nordover langs kysten.

Ferien er over og du skal på jobb i byen på den andre sidan av fjorden. Ferja går framleis, det er fleire år sidan det store bruprosjektet vart skrinlagt. Den nye elektriske ferja, som går med minimalt mannskap, har hatt enkelte barnesjukdomar sidan den vart sett i drift.

Også nå er ferja forseinka, og det passar bra for du er snart tom for bensin. Ja, bilen din går framleis på bensin.

Du kjøpte den i 2023 og ti år etterpå går den som ei klokke, sjølv om den er rådyr å bruke. Bensinprisen er på 50 kroner literen etter at klimaavgiftene vart skrudd opp kraftig. Du vurderer å kjøpe elbil, men du har usikker jobb i batterifabrikken, bustadlån til over pipa og strever med å betale renta.

Dessutan er straumprisen også skyhøg og bompengane har gått kraftig opp for å stoppe trafikkveksten i byane.

Det er ikkje flyskam som for alvor får ned utsleppa

Framtida blir neppe slik. Men alt er ikkje tatt ut av lufta. Me har forplikta oss til å kutte 55 prosent av utsleppa våre innan 2030. For å få dette til, må vi snu kvar stein. Kva for steinar som skal snuast mest effektivt, har Miljødirektoratet og andre aktørar jobba mykje med dei siste åra. Kampen for klima må påverka korleis vi reiser, kva for hus vi kan byggje, kva for båtar vi kan køyre rundt med om sommaren, kva for mat vi et.

Klimatiltaka kjem i aukande grad til å gripe inn i både lommeboka og kjøkkenet til folk.

Hetebølgjene og skogbrannane i Sør-Europa i sommar burde vore ein vekkjar om kva vi har i vente. Det er naivt å tru at vi kan leve som før.

Å velje å leve klimavenleg er vel og bra, men å kutte utsleppe kan ikkje vere eit livsstilsval den enkelte gjer. Det er ikkje flyskam som for alvor vil få ned utslepp frå lufttransporten. Det er kraftfulle tiltak som gjer utsleppstunge flyreiser uaktuelt der det finst alternativ.

Ein ting er sikkert, effekten av klimatiltak vil ikkje vere populære.

11 store samferdsleprosjekt mister samfunnsnytte

Før sommaren fekk vi eit lite innblikk i korleis klimatiltak kan endre samferdselssektoren i Norge. For å nå måla, må alle sektorar redusere utsleppa sine. Derfor er det utvikla såkalla referansebanar. Det er den forventa effekten av ulike tiltak, der ein tek høgde for vekst i folketal, økonomisk vekst og andre faktorar.

For transportsektoren kan dette blant anna vere ein drivstoffpris på 50 kroner literen, reduserte prisar på kollektivtrafikk med 25 prosent og ingen trafikkvekst i byane. Flyprisane vert auka med 25 prosent.

Dette kjem fram i notatet «Klimabaner – føresetnader og resultat» utferda av dei store transportaktørane i Norge, Statens vegvesen, Avinor, Nye Veier, Kystverket og Jernbanedirektoratet.

Statens vegvesen har vurdert konsekvensar av dette på lønsemda til 11 store samferdsleprosjekt, melde NRK før sommaren. Klimatiltak fører til færre bilar, og dermed redusert såkalla trafikknytte. Det fører til at fleire prosjekt, som til dømes Hordfast i Vestland ikkje lenger er samfunnsøkonomisk lønsam.

---

HORDFAST:

  • Hordfast skal binde saman Stord og Bergen.
  • Det består av ei nye bru frå Stord til Tysnes, eit nytt vegstykke over Reksteren og ei gigantisk bru over Bjørnafjorden.
  • Det vil gjere det mogleg å køyre ferjefritt mellom Stavanger og Bergen.

---

Ekstreme føresetnader?

Reaksjonane etter at NRK publiserte saka, var kraftige: – Dette er ein klassisk «shit in, shit out»-rapport. Føresetnadane er så ekstreme at samfunnsnytten sjølvsagt blir påverka, sa stortingsrepresentant Helge-André Njåstad (Frp) til NRK.

– At me skal ta klima- og miljøomsyn på alvor, er udiskutabelt. Men svaret er ikkje 50 kroner per liter og å skru bompengane kraftig opp. Skal me få dette landet til å fungera, må me ha mobilitet. Det er jo derfor me byggjer vegar og ønsker Hordfast, seier Stortingsrepresentant og tidlegare Stord-ordførar Liv-Kari Eskeland (H).

Nils Kristian Sandtrøen i Arbeidarpartiet seier det slik til NRK: – Me prioriterer ut frå heilskapen i politikken: Klima og natur, næring og eksport, trafikktryggleik, liv og helse. SV, Rødt og MDG er alle imot Hordfast-utbygginga.

Neste år vil regjeringa ta stilling til om Hordfast skal prioriterast. Forkjemparane meiner vegprosjekt har positiv verknad for klimaet då landstransporten i framtida vil vere elektrifisert.

På ein måte har Njåstad rett. Føresetnadane blir nok opplevd som ekstreme. Derfor er det lite truleg at vi denne valkampen vil få høyre politikarar frå dei store partia snakke om drivstoffprisar på 50 kroner literen og bompengevekst. For mange vil det vere politisk sjølvmord å fortelje veljarane at dei må ta smertefulle kutt i dag for å nå mål som ligg to valperiodar unna.

Mindre avokado, meir kål

Det er sjølvsagt regjeringa som har laga politikken som byråkratane sett i verk. Den forsvarer også vedtak som folk merker direkte, som auka avgifter.

Men i dag møter veljarane eit mylder av strenge, men heilt naudsynte, klima- og miljøtiltak gjennom byråkratiet. Det kan vere krav til korleis du skal byggje huset ditt. Eller miljøkrav som gjer at kommunen ikkje kan utbetra den gamle skulevegen fordi det inneber drenering av ei myr.

Miljødirektoratet har utarbeidd tiltaksplanar dei meiner er naudsynte for å nå klimamåla i mange sektorar. Dei klimavenlege kosthaldsråda går langt inn i kjøleskapet ditt, og det er slett ikkje nok at vi et mindre raudt kjøt. Også avokadoen må ut. Me må ete grønsaker som kan produserast i Noreg i stort omfang. Det betyr belgvekstar, korn og meir basisgrønsaker som gulrot, hovudkål, kålrot og lauk.

Eg kan forstå at det er vanskeleg for politikarane å få oss til å ete meir kål og lauk.

Eg kan forstå at det er vanskeleg for politikarane å få oss til å ete meir kål og lauk. Men for å nå klimamåla kan vi faktisk ikkje ignorere detaljråda.

Naivt å tru at vi kan leve som før

Det er fylkesmenn, kommunedirektørar og etatar som tar støyten medan politikarane helst snakkar om moglegheitene som det grøne skiftet gir. Det er å skrive frå seg ansvar for kva dei politiske vedtekne måla faktisk vil innebere.

Me treng fleire politikarar som tek ansvar og fortel veljarane at klimatiltaka vil bli smertefulle. Som vil endre klimatiltak som råkar fattige hardare enn rike, utan å redusere effekten. Og ikkje minst: som vil samarbeide bredt med andre parti for å sikre at desse upopulære vedtaka blir ståande etter eit nytt fleirtal er på plass.

Hetebølgjene og skogbrannane i Sør-Europa i sommar burde vere ein vekkjar om kva vi har i vente. Det er naivt å tru at vi kan leve som før.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland

Lars Inge Staveland har vært nyhetsredaktør i Vårt Land siden august 2022. Han har ansvar for nyhet- og publiseringsavdelingen.

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar