Ung skribent - skriv kronikk
Vårt Lands debattredaksjon utlyser med dette ein kronikk-konkurranse som skal inspirere unge deltakarar i den verdi- og religionsorienterte delen av samfunnsdebatten.
Verdidebatt søker ung skribent. Søk før 20. november 2015.
Alexander Raths, iStockphoto
Vi er ute etter unge debattantar som kan setje verdispørsmål på dagsorden og utfordre vante førestellingar. Ein kronikk er naturleg nok faktabasert. Vi føreset gode kunnskapar. Men stemma må gjerne vere personleg, og meiningane tydelege.
25 år eller yngre
Kronikken må kaste lys over eit spørsmål i debatten om politikk, etikk og verdiar – eller i skjeringsfeltet der religion og samfunn møtest.