Slik forklarar dei krig og urett til barn
NYHEITER FOR BARN: Redaktør i Aftenposten Junior fortel at dei ikkje klarer å konkurrere mot sosiale medium.
SPEKULERER IKKJE: Mari Midtstigen, redaktør i Aftenposten Junior, seier det er viktig at dei ikkje spekulerer når dei skriv alvorlege nyheiter, for å unngå å skremme unge lesarar.
Erlend Berge
– Vi skal forklare verda for barn – utan å skremme.
Det seier redaktør i Aftenposten Junior, Mari Midtstigen. I ei tid der nyheitsbilde er prega av krigen i Ukraina og på Gaza, er utfordringa stor. Korleis formidlar aviser og nettstader slike nyheiter til barn?
Midtstigen legg vekt på at det for Aftenposten Junior ikkje handlar om å filtrere vekk det alvorlege, men å gi barn verktøy til å forstå det – på ein trygg og tillitsfull måte.
Bestill abonnement her
KJØP