For meg handlar dødshjelp først og fremst om kontroll over eigen livssituasjon
Som liberalar er eg oppteken av at ikkje alle etiske val verken kan eller bør avgjerast av fleirtalet på vegner av mindretalet.
Debatten om assistert livsavslutning byr på krevjande etiske dilemma og ei rekkje motstridande omsyn som ikkje er enkle å vege mot kvarandre. Vi kan ikkje dukke unna diskusjonen av den grunn.
Nokre tema er openbert vanskelegare å snakke om enn andre. Likevel har vi som politikarar eit ansvar for å tørre å ta desse debattane. I alle fall når eit stort fleirtal i folket ønsker endring, slik det har vore tydeleg fleirtal for over tid når det gjeld å tillate assistert livsavslutning. Venstre har opna for å utgreie spørsmålet, og fleire parti har debattar om det same.
Gode argument på begge sider
Bestill abonnement her
KJØP