– Eg vil jobbe for at kyrkja skal vere eit trygt rom

PRIDE: Preses Olav Fykse Tveit vil dagleg bli minna om verdiane i regnbogeflagget.

FLAGGAR: Preses Olav Fykse Tveit har regnbogeflagget på kontorpulten i juni.
Publisert

– For meg handlar flagget om at skeive tilsette og andre fortel at regnbogeflagget verkar som ein markør på at dette er eit trygt rom, der ein kan komme som skeiv. Eg vil jobbe for at kyrkja skal vere eit trygt rom og ein god arbeidsplass, noko vi alle har ansvar for. Det gjer eg mellom anna ved å setje fram flagget i juni, fortel sjefbiskop i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

Onsdag 25. juni var det tre år sidan terror råka Oslo Pride. To menn blei drepne, og ti alvorleg skadde.

Zaniar Matapour blei i tingretten dømt til 30 års forvaring, med ei minstetid på 20 år. Dommen blei nyleg rettskraftig då Matapour trekte anken til lagmannsretten.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP