Stridens landskap

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Denne saka vart fyrste gong publisert 26. mars 2022.

REPPARFJORDEN, KVALSUND, HAMMERFEST, TVERRELVDALEN: To bjørkepinnar surra saman, eit kors, støtta opp med steinar, pynta med reingevir.

Eit varsel?

På Markoppneset vest i Finnmark rår stilla. Landskapet ligg i dvale, under det kvite teppet som blei breia ut.

På toppen av ei naken bjørk blafrar raudt, grønt, gult, blått. Det samiske flagget fortel kven som brukar området når landskapet blir grønt.

Ei revirmarkering?

Korset og flagget står langs vegen, brei og nyasfaltert, men som endar i ingenting. Demonstrantar hindra i fjor sommar gruveselskapet Nussir å starte arbeidet med industriområdet, som skal bli utskipingshamn.

Når gruva kjem i drift.

Om gruva kjem i drift.

Det planlegges gruvedrift i fjellmassivet Nussir, som ligger på sørsiden av Repparfjorden, mellom Kvalsund tettsted og Fægfjord. Planene møter protester fra lokalbefolkningen og miljøbevegelsen mot planer om utslipp av gruveavfall i Repparfjorden.

Gruvedrift mot reindrift

Det er stille før stormen. Fire interesser står steilt mot kvarandre på Markoppneset ved Repparfjorden ved foten av fjella Nussir og Gumpenjunni.

  • Bilparken skal bli grøn, straum skal erstatte fossilt brensel. Batteriprodusentane treng kopar.
  • Urfolket har hevdvunne rettar. Konvensjonar vernar den samiske reindrifta, som sikrar urfolkskulturen.
  • Bygdene i distrikta blir tømde for folk. Lokalsamfunn treng arbeidsplassar, det kan bli lys i glasa.
  • Gyteplassar for torsk og lakseelva må vernast. Havet kan ikkje bli dumpingplass for tonn med miljøskadeleg gruvemasse.

Nokon vil vinne. Nokon må tape.

Drivstoff til det grøne skiftet

Me er i koparland. I hundreår har ein leita etter det brune metallet. I 1902 blei det meldt: «Nylig lestes på kirkebakken etter søndagsgudstjeneste i Kvalsund ikke mindre enn 50 registreringer av muting og skjerp i Kvalsund herred.»

120 år seinare skal selskapet Nussir realisere Norges største gruveprosjekt i moderne tid. Løynt i fjella Gumpenjunni og Nussir ligg eit stort koparfelt, mellom dei største i Norge og Europa.

Gumpenjunni, som er nordsamisk, har eit norsk namn, Ulveryggen. Ordet nussir er ute av nordsamisk, så kva det tyder er ikkje kjent.

Kopar trengst i enorme mengder når samfunnet skal elektrifiserast. Ein elbil treng tre gonger så mykje kopar som ein fossilbil - kring 80 kilo. Det grøne skiftet og auken i den globale middelklassa frå 1,8 milliardar i 2009 til 4,9 milliardar i 2030 vil doble behovet for kopar på mindre enn 20 år.

Det planlegges gruvedrift i fjellmassivet Nussir, som ligger på sørsiden av Repparfjorden, mellom Kvalsund tettsted og Fægfjord. Planene møter protester fra lokalbefolkningen og miljøbevegelsen mot planer om utslipp av gruveavfall i Repparfjorden.

Halvert folketal

«Til salgs»

Kjøpsoppmodinga er spikra fast på hushjørna. Heller ikkje i nabohuset er det lys i glasa. Stikkvegane inn frå riksvegen er ikkje brøyta.

Kvalsund står det på Vegvesenets blåkvite skilt. Fram til 2020 eigen kommune med kring 1.000 innbyggjarar. For 50 år sidan var folketalet 2.000. I dag ei bygd i Hammerfest kommune.

Coop-butikk, kyrkje, næringsbygg, kai, skule, hus.

– Der borte ved elva er me klare til å byggje nye bustadar. Men folketalet vil først vekse om me får sikre arbeidsplassar, seier Vegard Loke Rønning. Han viser veg gjennom bygda i Vest-Finnmark.

Blei politikar etter kyrkjekrav

Teologen og søringen kom til Kvalsund av éin grunn:

– Gud kalla meg til Finnmark og Kvalsund.

I 2015 blei soknepresten i Kvalsund lokalpolitikar fordi han bad Kvalsund kommune måle kyrkja. Kommunen sa nei. Rønning svarte med å stille på KrFs liste.

Rønning suste inn i kommunestyret. Kyrkja blei kvit. Kvalsund blei innlemma i nabokommunen i 2020. No sit han i Hammerfest kommunestyre.

Som KrF-politikar ivrar Rønning for å få sprengt tunnelar i Nussir og Gumpenjunni.

– Som sokneprest gravlegg eg bygder. Dei unge har flytta ut, berre dei gamle er att.

Vandringa nærmar seg den kvitmåla kyrkja. Sokneprest Rønning hentar fram tal frå årsrapporten til kyrkjelyden.

– Sist år gravla eg 20 - og døypte to.

– Difor helsar du Nussirs gruvedrift velkommen?

– Nussir vil gje rundt 200 faste arbeidsplassar, pluss ringverknadane av gruvedrifta. Me kan halde liv i bygdene.

Det planlegges gruvedrift i fjellmassivet Nussir, som ligger på sørsiden av Repparfjorden, mellom Kvalsund tettsted og Fægfjord. Planene møter protester fra lokalbefolkningen og miljøbevegelsen mot planer om utslipp av gruveavfall i Repparfjorden.

Vil styrkje sjøsamisk kultur

KrF-politikaren veit at ikkje alle ønskjer Nussir velkommen, men fleirtalet i dei sjøsamiske bygdene i kommunen er for gruvedrift, seier Rønning.

– Eg trur 75-80 prosent er for Nussir.

Vegard Loke Rønning stiller spørsmål ved Sametingets «einsidige engasjement», som han kallar det. Han finn det underleg at Sametinget står fjellstøtt på sida til gruvemotstandarane.

– Skal ikkje Sametinget også representere den sjøsamiske folkesetnaden her i Vest-Finnmark, dei mange som ønskjer Nussir og arbeidsplassar, spør KrF-politikaren.

Han meiner «det samiske er meir enn reindrift».

– Skal den sjøsamiske kulturen overleve, trengst det arbeidsplassar i dei sjøsamiske bygdene.

Direktøren i Finnmarkseiendommen, eller Finnmárkkuopmodat, (FeFo), forvaltar 95 prosent av grunnen i Finnmark, og er landets nest største grunneigar. Jan Olli seier seg samd med Rønning. Nussir kan styrke «samiske interesser gjennom økt bosetting i marginaliserte kystsamiske områder», skriv han i ein rapport.

Dei planlagde gruvene ligg i Fiettar reinbeitedistrikt.

Klager førte ikkje fram

29. november 2019 blei det endeleg avgjort. Det blir gruvedrift ved Repparfjorden. Høgres næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) avslo klagene frå Sametinget, to reinbeitedistrikt, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Vest-Finnmark Jeger- og fiskarlag.

Konsesjonen tok omsyn til både reindrifta, samisk kultur, næringsliv og samfunnsliv, sa statsråden, og understreka til at deponering av gruveavfall i sjødeponi er forsvarleg - og at gruva vil skape vekst og optimisme i Vest-Finnmark, og dermed auke folketalet.

Reindrifta er fornybar

Sametinget var svært usamde, og utlyste eit anbod på ein Nussir-konsekvensanalyse. Rapporten frå Stiftelsen Protect Sápmi, som blei etablert av Norske Reindriftsamers Landsforbund og Svenske Samers Riksforbund, seier at gruvedrift i Nussir og Gumpenjunni «vil halvere antall reindriftsutøvere i Fiettar reinbeitedistrikt».

Fordi: Kalvingsområdet blir påverka, beitelandet blir innskrenka, flytteleier blir endra og «de avbøtende tiltakene i gruvetillatelsen vil ikke sikre at reindriften kan videreføres med et fortsatt økonomisk utbytte».

«Avbøtende tiltak» inneber «nedskalert drift» i periodar som er kritiske for reindrifta.

– Kva er mest fornybart, gruvedrift eller reindrift?

Sametingspresident Silje Katrine Muotka har også svaret når ho får parkert bilen i eit område med høveleg dekning langs vegen:

– Koparen tek slutt etter 20-30 år, reindrifta har levd i hundreår og vil halde fram med å vere fornybar. Så i eit samfunnsøkonomisk perspektiv er reindrift mykje betre enn kopardrift.

Argumentet om arbeidsplassar bit ikkje på samanes fremste tillitsvalde. Ho viser til at naturgassanlegget på Melkøya i Hammerfest, som tek i land gassen frå Snøhvit-feltet, skaper så mange arbeidsplassar at kommunen fint klarar seg utan kopargruva.

Frå Melkøya har Hammerfest fått inn kring to milliardar kroner i eigedomsskatt, pengar som blir brukt på å ruste opp kommunen.

Det planlegges gruvedrift i fjellmassivet Nussir, som ligger på sørsiden av Repparfjorden, mellom Kvalsund tettsted og Fægfjord. Planene møter protester fra lokalbefolkningen og miljøbevegelsen mot planer om utslipp av gruveavfall i Repparfjorden.

Kjøparen heva milliardkontrakten

I 2020 drog gruveselskapet Nussir i land Norges-historiens største koparkontrakt. Leveringsavtalen med Aurubis var verdt kring ti milliardar kroner over ti år. Det tyske konsernet er Europas største koparprodusent.

Åra etter kom tilbakeslaga.

I august i fjor avslutta Aurubis intensjonsavtalen med Nussir. I ei pressemelding skreiv tyskarane at prosessen «måtte ta omsyn til sosiale tilhøve i tillegg til dei kommersielle». Berekraftskriteria må vere oppfylte, presiserte Aurubis.

Miljøomsyn og urfolksomsyn let seg ikkje kombinere med gruvedrift midt i eit reinbeitedistrikt, med avfallsdeponering i ein fjord.

Då Aurubis sa takk for seg, hadde aksjonistar hindra arbeidet med industrianlegget til Nussir ved Repparfjorden i ein månad.

Skal den sjøsamiske kulturen overleve, trengst det arbeidsplassar i dei sjøsamiske bygdene

—  Vegard Loke Rønning, KrF-representant i Hammerfest kommunestyre

Vil forby fjorddumping

I oktober kom neste tilbakeslag. Hammerfest kommune tok klagen frå Stopp Nussirgruva - Redd Repparfjorden, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom til følgje.

Opparbeidinga av industriområdet på Markoppneset var ikkje godt nok greidd ut, arbeidet blei stoppa – og demonstrantane reiste heim.

Klagesaka blei sendt til Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. I mars kom konklusjonen: Byggjeløyvet gruveselskapet Nussir fekk på Markoppneset frå Hammerfest kommune er oppheva. Kommunen må handsama saka på nytt.

Rett før jul blei det også kjent at Esa, Eftas overvakingsorgan, slo fast at Norge ikkje etterlever EUs mineralavfallsdirektiv ved å seie ja til dumping av gruveavfall i fjordar. Esa etterlyser betre planar for slik avfallshandtering. I februar melde Esa at det vil undersøkje om dumping i fjordar også bryt EUs vassdirektiv.

Sist veke la SV, Raudt, MDG og Venstre fram eit forslag i Stortinget. Forbod mot dumping av gruveavfall i sjøen. Forslaget seier også at eksisterande løyver blir trekte tilbake.

Har kjettingane klare

Difor er det svært god stemning på eit kontor i Oslo.

– Om eg trur Nussirs gruve kjem i drift? Eg vonar ikkje det, og no er eg svært optimistisk. Hadde du spurt meg for eit år sidan, ville eg ikkje vore like optimistisk, seier Gina Gylver, leiar i Natur og Ungdom.

Ho opplever at hindringane Nussir må klatre over blir mange og høge.

– Me er ikkje mot gruvedrift, seier Gylver.

Natur og Ungdom ser at verda treng metall og mineral for å elektrifisere samfunnet for å få ned klimagassutsleppa.

– Men me er mot dumping av gruveavfall i fjordar. Berre to land tillèt slikt. Norge er det eine, og det er slett ikkje bra.

Natur og Ungdom støttar forslaget om forbod mot dumping av gruveavfall i havet, og etterlyser strengere krav til gruveindustrien når det kjem til naturinngrep, urfolksrettar og kjemikaliebruk.

Blir det naudsynt med aksjonar på Markoppneset til sommaren, slik det var i fjor sommar, er Gina Gylver budd.

– Kjettingane ligg klare.

Natur og Ungdom jubler og pakker ned campen etter at de fikk medhold i at den omstridte driften på gruveområdet til Nussir blir stanset inntil klagesaken er vurdert.
Foto: Natur og Ungdom / NTB

Lovar liv i gruva

På eit kontor i Hammerfest er det sterk framtidstru.

– Det blir oppstart.

Øystein Rushfelt er administrerande direktør i Nussir. Han har vore sjef sidan 2009, og er sikker på at Nussir skal gje vel 200 faste arbeidsplassar til lokalsamfunnet vest i Finnmark.

– Og gruvedrifta vil indirekte gje endå fleire arbeidsplassar, for det blir ringverknader.

Rushfelt er oppteken av Nussirs plass i det grøne skiftet.

– Overgangen frå fossil til fornybar energi, blir krevjande. For å produsere energi frå vind og sol krev mykje kopar. Og snakkar me om havvind, som mange gjer no, er behovet for kopar endå større. Og det er underkommunisert.

Bergverksingeniøren fortel at det tek 18 år frå ein gjer drivverdige funn av kopar til gruva kjem i drift. Dei fremste unytta koparreservane ligg i dag i Chile, Peru, Mongolia og Kongo.

– Blir tilgangen av kopar kutta i dag, har verdssamfunnet berre kopar til tre dagars produksjon på lager, så nye gruver trengst.

– Er du budd på å møte demonstrantar ved Repparfjorden også til sommaren, om kommunen gjev Nussir grønt lys på nytt?

– Demonstrantar er ein del av demokratiet, svarar Øystein Rushfelt.

Det blir oppstart

—  Øystein Rushfelt, administrerande direktør i Nussir

Staten tapte i Høgsterett

Dommen i oktober var overraskande. Og knusande, for staten.

Høgsterett gav reineigarane på Fosen i Trøndelag medhald. Utbygginga av Storheia og Roan vindkraftverk er i strid med urfolksrettane, slo domstolen fast.

Konsesjonen til utbygginga er ugyldig. For utbygginga av vindkraftverka på Fosen krenkjer reindriftssamanes rett til kulturutøving etter FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 27, sa Høgsterett.

Statkraft eig 52 prosent av eigarselskapet Fosen Vind. Og staten ved Olje- og energidepartementet (OED) stilte opp som partshjelpar i Høgsterett.

Det planlegges gruvedrift i fjellmassivet Nussir, som ligger på sørsiden av Repparfjorden, mellom Kvalsund tettsted og Fægfjord. Planene møter protester fra lokalbefolkningen og miljøbevegelsen mot planer om utslipp av gruveavfall i Repparfjorden.

Saksøkjer staten

Tre månader før Høgsteretts-dommen kom, varsla Fiettar reinbeitedistrikt i Finnmark at dei går rettens veg for å stoppe koparutvinninga i Nussir og Gumpenjunni.

I brevet frå Dalan advokatfirma til Næringsdepartementet kom varselet om søksmål. Her blir det vist til same konvensjon som felte Fosen vind, og med det staten ved Olje- og energidepartementet:

«Det anføres at departementets driftskonsesjon til Nussir ASA, som senere er stadfestet av Kongen i statsråd, representerer en krenkelse av SP artikkel 27.»

Sametinget har løyvd 400.000 støttekroner til rettsprosessen.

---

Gruvedrift versus reindrift

  • 2014: Kommunaldepartementet godkjenner reguleringsplan for Nussir og Gumpenjunni/Ulveryggen.
  • 2016: Nussir ASA søkjer om driftskonsesjon til kopargruvedrift, får utsleppsløyve i Repparfjorden frå Klima- og miljødepartementet.
  • 2017: Synfaring med Direktoratet for mineralforvaltning.
  • 2018: Synfaring og konsultasjon med reinbeitedistrikt.
  • 2019: Konsultasjon med Sametinget.
  • 2019: Næringsdepartementet gjev Nussir driftskonsesjon, vedtaket blir påklaga, nye konsultasjonar med Sametinget og reinbeitedistrikt, endeleg konsesjon blir gjeve.
  • 2021: Nussir mistar milliardkontrakten med tyske Aurubis, Hammerfest kommune stoppar arbeidet med industriområdet ved Repparfjorden, Fiettar reinbeitedistrikt varslar søksmål mot staten, vil ha Nussirs konsesjon kjent ugyldig.

---

Statsråden forsvarar konsesjonen

Sidan Kongen i statsråd i 2019 avslo klagene mot konsesjonen til Nussir, er Jan Christian Vestre (Ap) blitt ny næringsminister. Han fortel Vårt Land at driftskonsesjonen til Nussir står ved lag, for departementet har vurdert han opp mot FNs konvensjon om sivile og politiske rettar.

– I saksbehandlinga fann Næringsdepartementet at gruveprosjektet vil påverke reindrifta, men at prosjektet kan bli gjennomført med fleire tilpassingar. Som følgje av ei rekkje avbøtande tiltak, er det vurdert at vedtaket ikkje vil hindre eller snevre inn utøvinga av reindrift i distriktet, forklarar Vestre.

– Korleis påverkar Fosen-dommen departementets vurdering av driftskonsesjonen til Nussir?

– Dette er ulike saker, som må vurderast konkret og kvar for seg, meiner Ap-statsråden.

– Nussir-saka blei behandla før eg blei næringsminister. Eg er likevel oppteken av å skape ei berekraftig mineralnæring, og har hatt god dialog og fleire møter med miljørørsla, sametingspresidenten, partane i arbeidslivet og sivilsamfunnet for å lytte og lære. Me legg fram ein ny mineralstrategi i år, og her vil me vise at me tek sosial og miljømessig berekraft på alvor.

Det planlegges gruvedrift i fjellmassivet Nussir, som ligger på sørsiden av Repparfjorden, mellom Kvalsund tettsted og Fægfjord. Planene møter protester fra lokalbefolkningen og miljøbevegelsen mot planer om utslipp av gruveavfall i Repparfjorden.

Auka press på reindrifta

I Tverrelvdalen, ei mils veg aust for Alta, har Nils Mikkelsen Utsi innedag på kontoret. Han er styreleiar i Fiettar reinbeitedistrikt, eller reinbeitedistrikt nummer 22. I Norge er det 82 slike distrikt.

– Statsråden veit ikkje kva han snakkar om når han trekkjer fram avbøtande tiltak. Gruvedrift går ikkje saman med reindrift.

Litt over 3.000 personar er knytt til den samiske reindrifta. Næringa er unik både i nasjonal og internasjonal samanheng. Ho er nomadisk, og styrt av vandringar mellom årstidsbeiter. Utsi minner om at reindrifta har stor verdi i samisk og lokal samanheng for økonomi, sysselsetjing og kultur.

Næringa rommar om lag 215.000 dyr i reinbeitedistrikt frå Innlandet til Finnmark. I kvart distrikt er det fleire siidaar – sijter i sørsamiske område.

I ein siida er det fleire reineigarar, familiegrupper eller arbeidsfellesskap, som samarbeider om drifta. I Fiettar er Nils Mikkelsen Utsi ansvarleg for 14 siidaar. Som leiar i distriktsstyret forvaltar han reinbeiteressursane.

– Reindrifta blir pressa frå alle kantar, hytteutbygging, friluftsliv, motorferdsel, vindkraft og med Nussir, gruvedrift. Areala som trengst blir stadig mindre.

– Korleis påverkar dette den yngre generasjonen i reindrifta?

– Det skaper uro og tvil; skal ein våge å ta over, er det verdt å ta over, seier Utsi, men fortel at i hans husstand er saka klar:

– Ungdommen vil føre reindrifta vidare.

Verna mot krenking

Alle spørsmål om samiske rettar var i eldre tider knytt til reinbeiteretten. Med Alta-saka kom eit større perspektiv inn i diskusjonen; generelle samiske rettar som eit urfolk.

Norge har ratifisert to konvensjonar. ILO-konvensjonen om urfolk og stammefolk i sjølvstendige stater og FNs konvensjon om sivile og politiske rettar, forkorta SP.

For samane er artikkel 27 i SP særs viktig:

«I de stater hvor det finnes etniske, religiøse eller språklige minoriteter, skal de som tilhører slike minoriteter ikke nektes retten til, sammen med andre medlemmer av sin gruppe, å dyrke sin egen kultur, bekjenne seg til og utøve sin egen religion, eller bruke sitt eget språk.»

Det er denne paragrafen som er krenkja på Fosen, seier Høgsterett.

Ungdommen vil føre reindrifta vidare

—  Nils Mikkelsen Utsi, styreleiar i Fiettar reinbeitedistrikt

Juristen kan samerett

På heimekontoret forklarar advokaten, samepolitikaren og reineigaren Nils Mikkelsen Utsi at rettssak blir siste utveg i den årelange striden mot kopargruva. Som jurist med spesialfelta samerett og reindriftsrett, er reineigaren sikker i sak.

– Konsesjonen til gruvedrift krenkjer SP artikkel 27. Han er ugyldig, seier Utsi og vippar på kontorstolen med armane i kors. Han meiner at akkurat som på Fosen vil staten tape i Repparfjorden.

Om nokre veker legg han vekk paragrafar og artiklar. Reinsdyra til reinbeitedistriktet startar trekket mot Repparfjorden. Kalvinga ventar.

– Viljen til å trekke ligg nedfelt i dei. Ingen treng jage dyra når det går mot vår. Eg følgjer berre etter.

Dei vil til beitelandet rundt Nussir og Ulveryggen.