– Kyrkja blir definert som eit trussamfunn, ikkje som kulturaktør

NOU: Landets største arbeidsplass for musikarar blir no bedd om å satse endå meir på musikk. – Dette må kyrkja snakke høgare om, seier Hans Olav Baden i Kirkelig Kulturversted.

NOU: Jan Christian Kielland og Hans Olav Baden seier dei er nøgde med at den nye NOU-en (Norges offentlige utredninger) heidrar Den norske kyrkje som musikkarena.
Publisert

 I Noregs første utgreiing om musikk blir ordet «kirke» brukt 195 gonger.

– Det er gledeleg at utvalet anerkjenner kyrkja si rolle i musikklivet, seier Jan Christian Kielland, nestleiar i avdeling for kyrkje og samfunn i Kyrkjerådet.

«Musikklandet. Flerbestemt musikkpolitikk for framtida» heiter den nye offentlege utgreiinga. Det er tydeleg at kyrkja spelar ei viktig rolle i denne utgreiinga. Både med tanke på kor viktig kyrkjekultur har vore for musikarar, og korleis kyrkja er ein gratis eller billeg arena som har gitt over 1,5 millionar menneske konsertopplevingar.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP