Vil ha kyrkjerådsleiar på fulltid

DEMOKRATI: Den norske kyrkjas «statsminister» jobbar i dag i femti prosent i vervet. No føreslår eit utval å kjøpe kyrkjerådsleiarane heilt fri frå sine vanlege jobbar, til hundre prosents innsats for kyrkja.

Leiar Kristin Gunleiksrud Raaum i Kyrkjerådet seier ho har forståing for at også ikkje-kristne vil bruke kyrkjer til gravferder. Foto: Ole Martin Wold / NTB / NPK
FRIKJØPT: Dagens Kyrkjerådsleiar, Kristin Gunnleiksrud Raaum, er frikjøpt i femti prosent frå stillinga som generalsekretær i Norske kirkeakademier. Utval ynskjer som hovudregel at den øverste demokratisk valgte leiaren i Den norske kyrkja skal ha vervet på fulltid.
Publisert Sist oppdatert

– Skal ein leie den største organisasjonen i norsk sivilsamfunn, så meiner eg det er heilt naturleg at eit så tungt og ansvarsfullt verv vert varetatt på fulltid, seier Harald Askeland.

Han er professor i verdibasert leiing, rådgivar i arbeidsgivarorganisasjonen KA og har nyleg leia utvalet Den norske kyrkja (DNK) sette ned for å undersøkje kyrkjedemokratiet og dei folkevalde si rolle i styringa av trussamfunnet.

Etter at DNK blei skild frå staten, står det framleis i den nye trussamfunnslova at DNK skal vere «en landsdekkende og demokratisk evangelisk-luthersk folkekirke».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS