Ny episode av Verdiduellen: Kva vil det seie å vere bibeltru i homofilispørsmålet?
Espen Ottosen og Halvor Moxnes er begge teologar og begeistra for Bibelen. Men dei klarar ikkje bli samde i korleis han skal lesast.
Espen Ottosen (t.h) saman med Halvor Moxnes for å diskutera mellom anna Paulus sitt syn på homofili.
David Sviland
Tidlegare i år gjekk det ein engasjerande debatt mellom Ottosen og Moxnes. «Espen Ottosen er ikke bibeltro», skreiv sistnemnde. Svaret let ikkje vente på seg. Same dagen gjekk Ottosen til tastaturet for å skriva eit nytt innlegg kor han skulda den pensjonerte teologen for å ta feil: «Jeg tror Moxnes tar feil om hva Bibelens tekster».
Etter fleire debattinnlegg frå begge to og fleire til, var det ingen som sa seg einige.
Høyr podkasten her: