Sak om Randi og Per Spilling. Per var blind og organist.(Foto: Marit Neset)

Dødsfallet til den blinde organisten blei både ei vandrehistorie og eit vitnesbyrd

FORTELJINGAR FRÅ KRISTEN-NOREG: Organisten Per Spilling song salmestrofa: «Lat meg i deg få leva, i deg få anda ut» under ei songstund. Så reiste han seg frå pianoet, og anda ut for siste gong. Kona ser på dødsfallet som eit vitnesbyrd.

Publisert Sist oppdatert

Det er ein mild septemberdag i 2013. Eit knippe menneske har samla seg i fellesstova på Tinnsjå burettslag. Dei ljosegule veggane, vedomnen og paraplypalma skaper ei lun atmosfære.

Namnet på bygget kjem av utsikta gjennom dei store vindauga ut mot Noregs tredje djupaste innsjø, Tinnsjøen, og fjella rundt.

Her kan eldre menneske kjøpe seg ein leilegheit og har kort veg til lege, helsehjelp og andre fasilitetar i sentrum av Austbygde, ei lita bygd i øvre Telemark.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP