Switch 2 gir ei fantastisk speloppleving
ANMELDELSE: Nintendos nye spelkonsoll imponerer på nesten alt. Men du treng ikkje nødvendigvis å switche frå førre modell allereie no.
GAMING: Nintendos nye spelkonsoll Switch 2 imponerer, med unntak av batterikapasiteten. Spelopplevinga er fantastisk, skriv vår meldar.
Richard Drew / AP / NTB
Den nye spelkonsollen frå Nintendo er ei
storhending i gamingverda. Det japanske spelselskapet opplyste å ha seld 3,5
millionar konsollar på dei første fire dagane etter lanseringa i starten av
juni. Mange vil altså ha Switch 2. Og etter å ha testkøyrt konsollen eit par veker,
forstår eg kvifor.
Men, la meg ikkje hoppe rett til konklusjonane.
Og la meg først forklare Switch-konseptet raskt for dei som ikkje måtte kjenne Nintendos
underhaldningssystem frå før.
Med ein Switch-konsoll, som først kom på
marknaden i 2017, kan du «switche» saumlaust mellom ei portabel spelmaskin –
handhalden eller for bordplata – og eit fullverdig spelmonster tilkopla
TV-en. Konseptet er praktisk, ikkje minst for familiar på farten.
Bestill abonnement her
KJØP