Religion

Forskar om Den norske kyrkja: – Ofrar kyrkjelydar på dåpens alter

DEN NORSKE KYRKJA: Teologiprofessor meiner Den norske kyrkja nedprioriterar faste kyrkjegjengarar og kyrkjelyden si utvikling gjennom dåpssatsing. – Heilt sentralt i det kristne fellesskapet å invitere nye inn, kontrar Kyrkjerådet.

– Ein skal ta imot menneske som ikkje har kunnskap til kyrkja eller gudstenestelivet, men ikkje viss prisen er å forstyrre gudstenestelivet til vanlege kyrkjegjengarar, meiner Werner Jeanrond.

Han er katolikk, født i Tyskland, men har budd i ei rekkje europeiske land. No er han teologiprofessor ved Det teologiske fakultet (TF) ved Universitetet i Oslo, og har nyleg publisert ein forskingsartikkel om dåp og kyrkjevekst i Den norske kyrkja (DNK).

Her tek Jeanrond til orde for at ein ikkje kan måle kyrkjevekst berre i talet på medlemmar eller deltakarar på sundagsgudstenester, men på kor mange som tek dåpen seriøst og som veks i trua.

Werner Jeanrond

Jeanrond seier til Vårt Land at dåpsfylgja gjer at talet på gudstenestedeltakarar blir høgare, men meiner det ikkje er representativt for reell kyrkjevekst.

– Ein må gje forsamlinga rom til å vekse, men ikkje berre i tal. Det er for lite fokus på kva som inngår i å fylgje Jesus, meiner Jeanrond.

– «Tek over» gudstenesta

Artikkelen kjem ut av eit forskingsprosjekt der Jeanrond og fleire andre forskarar besøkte fire kyrkjelydar i DNK i ulike delar av landet.

Alle fire var plukka ut på bakgrunn av at dei mellom anna hadde hatt vekst i gudstenestedeltakinga dei siste åra. Vårt Land har skrive om forskingsprosjektet før.

Forskarane deltok på gudstenesta 24. mars i 2019 i alle kyrkjene. I tillegg gjorde dei ei rekkje intervju med personar frå dei aktuelle sokna, studerte årsrapportar og anna skriftleg materiale, og besøkte også andre arrangement i kyrkjelydane i dagane før og etter sundagsgudstenesta.

– Fleire av dei me snakka med var opprørte over at dåpsfylgja «tok over» gudstenesta kvar gong det var dåp. Nesten kvar sundag måtte dei ta imot nye menneske som dei ikkje hadde nokon garanti for at kjem tilbake. Forsamlinga får ikkje sjanse til å utvikle seg, seier Jeanrond.

Kjent problemstilling

Avdelingsdirektør for kyrkjefag og økumenikk i Kyrkjerådet i DNK, Jan Christian Kielland, har lest Jeanrond sin artikkel.

Den meiner han kan vera nyttig for å reflektere rundt eigen praksis. Og det at dåpen kan ta opp ein stor del av sundagsgudstenestene er ei kjent problemstilling.

Likevel stiller han fleire spørsmål ved Jeanrond sine utsegn og refleksjonar. Utsegna om at ein «ofrar kyrkjelydar på dåpens alter» er ein av desse.

– Eg har inntrykk av at mange trufaste kyrkjegjengarar kjenner på ei oppriktig glede over at foreldra kjem med barna sine til dåp. Me har hatt fallande dåpstal ei god stund, og dei fleste forstår kor viktig det er å snu. Og eg trur ein mange stadar greier fint både å ta vare på fellesskapet og invitere nye. Det er i naturen til det kristne fellesskapet å invitere nye inn, seier Kielland.

Han åtvarar også mot å dra for mange konklusjonar ut av forsking på berre fire kyrkjelydar.

– Noko av det vanskelegaste som finst

Anne Berit Evang er sokneprest i Bøler i Oslo. På spørsmål om kor mykje tilpassingar ho gjer under gudstenestene med tanke på dåpsfylgje svarar ho at ho alltid prøvar å formidle slik at det treff dei menneska som er i kyrkja.

Bilder av Anne-Berit Evang  tatt ved Grønland Kirke i forbindelse med en sak om den svenske kirke nettverk.

– Det er uavhengig av om det er pensjonistar som har gått der heile livet, menneske med ein annan kulturell bakgrunn eller eit dåpsfylgje. All forkynning skjer i ein kontekst, og målet er at det skal vera både tekstnært og livsnært. Me kan ikkje skilje og seie at me skal tilpasse oss berre den eine eller den andre gruppa.

– Men går det an å tilpasse bodskapen slik at den treff alle?

– Det er noko av det vanskelegaste som finst. Berre prøv, utfordrar presten.

Ho meiner heile problemstillinga med om ein ofrar den eine eller andre gruppa til kostnad for den andre er søkt, og meiner det blir ei form for a- og b-lagstenking.

– Det driv ikkje eg med. Alle som kjem inn kyrkjedøra har like mykje rett til å få noko ut av å vera her.

Likevel kan ho skjøne at nokon meiner at DNK sentralt har fokusert vel mykje på at barn skal bli døypte dei siste åra.

– Ja, dåpen er viktig, men kyrkja består sjølv om folk ikkje blir døypte som barn. Me døyper til dømes ungdom som ynskjer å konfirmere seg. Det blir aldri for seint.

Ikkje lenger satsingsområde

Sidan 2010 har Den norske kyrkja hatt eit ekstra fokus på dåpen gjennom satsinga «Dåpsløftet». Dette kom som ein respons på stadig fallande dåpstal i kyrkjesamfunnet (sjå graf under).

I tillegg vedtok Kyrkjerådet at dåp skulle vera eit satsingsområde for heile DNK i perioden 2019-2021. Gjennom satsingane har ein mellom anna hatt fokus på rapportering, forsking og undersøkingar knytt til dåp, i tillegg til kompetanseheving og kommunikasjonskampanjar.

Etter årevis med stor nedgang såg ein teikn på at tala kunne stabilisere seg i 2019. Frå 2018 til 2019 gjekk delen av døypte ned berre éin prosent, frå 52 til 51 prosent.

Den massive satsinga til Kyrkjerådet og arbeidet det utløyste lokalt fekk æra. Utviklinga vekte forsiktig optimisme. Men det var før koronapandemien gjorde sitt inntog.

Ikkje uventa stupa dåpstala, og i 2020 var ein nede i at 45 prosent av dei fødde blei døypte i Den norske kyrkja. I september i år skreiv Vårt Land om korleis etterslepet gjorde at familiar stod i kø for å få døype barna sine.

Frå og med 2022 er ikkje lenger dåp definert som eit eige satsingsområde av Kyrkjerådet, opplyser Kielland.

Det ligg det ingen annan tanke bak enn at ein no har komme eit stykke i arbeidet med å få dåp høgare opp på agendaen, og at ein også treng andre satsingar, ifylgje han.

– Må leggje alt til rette for dåp

Kielland meiner dåpssatsinga har gjort tilsette og frivillige i kyrkja meir merksame på kor viktig der er å leggje til rette for dåp.

– Det skal ikkje vera praktiske omsyn som gjer at folk ikkje blir døypte. Det er utruleg synd viss det at kyrkjekontoret var stengt, eller at ein ikkje fekk dåp den dagen ein ynskte er det som hindrar nokon. Me har sagt at dåpen er inngangen til livet med Jesus Kristus. Då må me leggje alt til rette for dåp, seier avdelingsdirektøren.

Dåp av Balder og Bastian i Årstad kirke
Drop-in-dåp i Bergen

Ved dåp blir ein medlem i Den norske kyrkja. Det gjev også kyrkjesamfunnet rett til å sende informasjon til personen eller invitasjonar til mellom anna utdeling av 4-årsbok eller anna opplegg i regi av kyrkja.

Dette har blitt ekstra aktuelt då born av medlemmar i Den norske kyrkja etter 1. januar i år ikkje lenger automatisk blei registrerte i kyrkja sitt medlemsregister som såkalla «tilhøyrande».

For å få informasjon retta mot barnet må det no enten vera medlem sjølv, eller foreldra må aktivt gje namn og fødselsdato på barnet til kyrkja.

Trur DNK lurar seg sjølve

– Er det ikkje viktig at ein opprettar denne kontakten, Jeanrond?

Werner Jeanrond

– Jau, visst! Eg kjempar ikkje imot det gode i dåpen, men eg vil redde forsamlingslivet. Det er viktig også at kyrkjelyden veks i kjærleik, håp og tru. Kva skal me invitere nye inn til, viss det til slutt ikkje finst att noko? spør forskaren.

Han trur ei god løysing kunne vore eigne dåpsgudstenester, til dømes på laurdagar, som var opne for alle som ville. Det trur han ville vore betre for både dåpsfylgjet og kyrkjelyden.

– Det er ein umogleg situasjon for ein prest å både skulle døype seks barn og snakke til dåpsfylgja på ein måte dei forstår og gje ei preike som også er god for resten av kyrkjelyden, alt på under ein time, meiner Jeanrond.

Nokon treng meir

— Kan det ikkje bli litt repetitivt og enkelt for trufaste kyrkjegjengarar viss det meste frå talarstolen er retta mot menneske som kan lite om den kristne trua og kyrkjelivet, Kielland?

– Eg skjønar at nokon kan trenge meir enn det sundagsgudstenesta kan tilby. Heldigvis skjer det mykje anna i kyrkjelydane også, som bibeltimar, samtalegrupper og diakonale fellesskap.

For Kielland er einig i at ein vanskeleg kan tilpasse gudstenester så dei passar alle. Likevel er mangfaldet ein ser på sundagar i kyrkja noko av det han meiner særpregar ei folkekyrkje.

– Vanlegvis søkjer menneske stadar der dei møter likesinna. Gudstenesta og kyrkjekaffien er ein unik møteplass for mangfaldet av menneske i eit sokn.

Han påpeikar også at mykje har endra seg etter pandemien gjorde sitt inntog. Tidlegare i år skreiv Vårt Land om korleis eigne, mindre dåpsseremoniar pressa fram av korona blei til positive opplevingar for mange.

Vil strekke seg lenger

I årsrapporten for 2020 for DNK står det mellom anna at fleire har kjent seg meir vel med desse gudstenestene enn med erfaringar med dåp i kyrkjas hovudgudsteneste. Dei små dåpsgudstenestene gjev «ei kjensle av å høyre til», heiter det i rapporten.

– Det var ei løysing som kom ut av restriksjonar, men som blei noko positivt og spesielt. Eg trur mange er innstilte på å strekke seg litt lenger for å leggje til rette for denne typen seremoniar, meiner Kielland.

Likevel påpeikar han at ein ikkje kan forvente at tilsette i kyrkja skal jobbe mykje meir helg enn før.

For sokneprest Evang er det gledeleg å sjå at fleire familiar som kom i kyrkja på Bøler for fyrste gong då dei døypte barna sine har komme tilbake i ettertid.

– Det er ikkje noko som tilseier at dåpsfylgjet ikkje kan bli faste kyrkjegjengarar, meiner ho.

Marit Neset

Marit Neset

Marit Neset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land, og har jobbet i avisen siden 2021. Hun har to bachelorgrader, i journalistikk og interkulturell forståelse. Hun jobber mye med langstoff, menneskemøter og nyhetssaker fra Den norske kirke.

Mer fra: Religion