Religion

For éin månad sidan kom Morten Simonsen «heim». Då blei han katolikk

NY TRU: Den katolske kyrkja veks mest i medlemmar av alle trussamfunn i Norge. Ein som nyleg kom til, er Morten Simonsen, som etter eit vaksenliv i pinsekyrkja opplever å ha funne ei djupare og rikare kristentru som katolikk.

– Eg oppdaga ei kyrkje som var nærmast umogleg å finne. Dette låg ikkje i korta i det heile tatt, fortel Morten Simonsen, som for ein månad sidan blei tatt opp som medlem i Den katolske kyrkja.

Naturlegvis startar historia ei stund før hans første kommunion; den katolske nattverden. Det var langt frå gitt at Simonsen skulle kjenne at han i den augneblinken hadde komme fram til den djupaste og rikaste trua han har kjent.

– Det låg liksom utanfor horisonten min. Eg hadde fullstendig avskrive katolisismen som ei moglegheit.

– Du veit ikkje at du saknar det

Simonsen er blitt del av kyrkja som har opplevd størst vekst i Norge dei siste 14 åra – og som held fram med å bli større.

Fram til starten av 20-åra sat Simonsen relativt åleine som barn og ungdom i benkeradar i Den norske kyrkja (DNK). Litt etter litt opplevde han ei kyrkje som «dreiv han ut», slik han skildrar det. Simonsen kjente frustrasjon over dåpspraksisen og liberal teologi. Frustrasjonen blei med han i åra etter at han gjekk ut. Korleis kan ei kyrkje, i sitt vesen, ha «to syn» på Jesu lære?

Pinsesamanhengane han så trådde inn i, opplevde han som meir teologisk haldbare; i det minste hadde dei eit meir fornuftig dåpssyn og utan den utprega liberale teologien, slik han såg det. Meir enn noko han hadde reflektert eller lese mykje om, var det ei kjensle av at teologien var klarare – og slik fornuftig og bra.

– Der var eg i 25 år utan å kjenne at eg er pinsevenn, eller at eg identifiserte meg fullt og heilt med det. Men eg tok ikkje avstand frå det. Heller ikkje no.

– Likevel, ettersom åra gjekk, blei det gradvis klart for meg at det pinsekarismatiske jordsmonnet var litt skrint.

Morten Simonsen

Når Simonsen seier Den katolske kyrkja «var nærmast umogleg å finne», handla det ikkje om det synlege kyrkjebygget i Oslo sentrum. Det handlar om at han ikkje kjente nokon katolikkar som kunne presentere eit anna narrativ, ei forståing av trua si.

– Når du ikkje tenker på det som ei moglegheit, veit du ikkje eingong at du saknar det. At du treng det.

Fanga i framskrittet

Simonsen trur det finst mange mytar og usanningar om katolisismen der ute. Han har sjølv vore underlagt dei.

– På grunn av utviklinga dei siste 500 åra, ligg det nærmast eit teppe av desinformasjon som til saman verkar truverdig i vårt reformerte perspektiv her i nord – at reformasjonen var eit «innlysande framskritt».

– Når slike haldningar i liten grad blir diskuterte, blir dei sjølvsagde.

Tanken om framskrittet sit sterkt i det moderne mennesket, trur Simonsen. Det har han måtta jobbe med.

Morten Simonsen. St Olav domkirke. Den katolske kirke.

– Å ha komme til denne trua betyr ikkje at andre kristne ikkje trur sant i det sentrale. Eg opplever heller at katolisismen opnar meir av sanninga for meg. Trua mi er rikare, heilare og fullare.

Ein liten kamp

Kor tid byrja trua hans å dra i denne retninga? Simonsen kan ikkje fastslå eit spesifikt tidspunkt. Det har vore ein gradvis prosess, med innslag av teologiske diskusjonar med venner, eigenstudiar og googling.

For nokre år sidan fann Simonsen seg i ein livssituasjon desperat etter å søke Gud. Det var lite som heldt han tilbake, så med frie tøyler gjekk alt raskare enn det kanskje vanlegvis ville gjort.

– Det skal seiast at det var ein liten kamp òg. Som protestant er ein jo redd for avgudsdyrkeri, og spørsmål om pavestrukturen kunne gi meining, eller rolla til helgenar, var noko eg måtte bale med.

Men då han meldte seg på eit katolsk truskurs, var han ganske overtydd. For nokre veker sidan, før hans første katolske nattverd, landa alt.

Aksepterer hierarkiet

– Kva har du funne?

– Ei djupare og rikare forståing av kva kristenlivet er. Eg inngår i ei større eining med kristne – ikkje berre her, men bakover i historia. Vi er ikkje berre eitt i notida, men vi deltar i noko som alle kristne har deltatt i.

– Eg opplever òg ei større ærbødigheit overfor Gud og det heilage.

Simonsen har bevega seg frå å tenke at den aller beste kyrkjelyden er antihierarkisk, med maks 200 menneske. Då har ein ingen politisk påverknad, og avgjerder blir gjort i lag med folk som kjenner kvarandre.

Morten Simonsen. St Olav domkirke. Den katolske kirke.

No er han del av éi kyrkje – i verda og æva, opplever han.

– Eg har akseptert autoriteten i hierarkiet, fordi det liknar meir på kven Gud er, når alt kjem til alt.

Gud er éin – og tre

Fleire gonger nemner Simonsen ordet fellesskap. Han får spørsmål om kva det vil seie, i den store forstand.

– Det er at vi legg oss under det same. Viss menneske berre skal prate saman, vil vi aldri bli einige, eller lande på eit minste felles multiplum.

– Fellesskapet ligg i nettopp det å seie at kyrkja er vår mor, og at vi underlegg oss hennar autoritet. Då blir vi eitt.

Morten Simonsen. St Olav domkirke. Den katolske kirke.

Gud er éin – og Gud er tre. Funder litt på det, ber Simonsen.

– Det betyr at du og eg skal vere kvar oss, men at vi likevel kan vere eitt i Gud. Eg ser meir og meir at denne eininga; det er slik Gud er.

Tilgiven

– Kva har trua gjort med livet ditt?

– Det som er utruleg… Magisk, så å seie, er den freden eg kan ha med Gud. Aldri før har eg opplevd det slik.

– Det er nokre få ord, men rommar eit heilt liv. Det ha fred med Han, er å ha fred med alt –alt som skjer, om ein lever eller dør, om jobben går dårleg… Alt det kan eg ha heilt ro for. Kva meir kan ein ønske seg?

Det betyr ikkje at han ikkje bryr seg om verdslege ting eller menneskelege relasjonar, skundar han seg å presisere.

– Å oppleve seg elska av Gud på denne måten skal eg ikkje tilskrive Den katolske kyrkja åleine. Det handlar om å ha søkt Gud meir, og at kyrkja gir meg ei større verktøykasse for trua. Den likar eg godt, tanken om at eg får så mykje hjelp til å halde meg på den smale vegen.

Morten Simonsen. St Olav domkirke. Den katolske kirke.

– Korleis var det å bli tatt opp?

– Det største var absolusjonen, skriftemålet. Det var så stort at eg nærmast kan grine berre av å tenke på det. Der sit eg og skriftar for 48 år, og så får eg tilgiving.

– Eg har bede om tilgiving før, men det å få det tilsagt, det er heilt… Det er ting eg ikkje trudde var mogleg å vinne over.

Les mer om mer disse temaene:

Ruth Einervoll Nilsen

Ruth Einervoll Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion