Særs mange vil døype barna sine når kyrkja opnar
KØ: Kyrkjetilsette jobbar iherdig for å få gjennomført alle dåpane som står på vent. Til dei som ikkje får det til, er beskjeden frå kyrkjerådsdirektøren: – Då kjem eg og døyper.
GJENOPNING: Fordi mange foreldre har venta med barnedåp til etter koronapandemien, er det no stor pågang i Den norske kyrkja.
Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad/NTB
«Eit gledeleg etterslep» kallar kyrkjerådsdirektør Ingrid Vad Nilsen situasjonen rundt barnedåp i Kyrkje-Noreg no.
– Det er veldig, veldig positivt at folk kjem tilbake til kyrkja. At etterspurnaden er større enn vanleg, er heilt openbert, seier ho.
Sjølv om direktøren ikkje sit på oppdaterte tal på kor mange dåpsfamiliar som står i kø, fortel ho at auka pågang er ei oppleving kyrkjer i heile landet rapporterer om i desse dagar.
Bestill abonnement her
KJØP