Leiter etter vald i heimen

Dei fleste kjem til eit familievernkontor for å snakke om andre ting enn vald. Per Øystein Steinsvåg utviklar metodar for å finne fram til det familien ikkje vil snakke om.

Per Øystein Steinsvåg forventar at familievernet vil avdekke meir vald i nære relasjonar etterkvart som alle familievernkontor i landet blir betre rusta til å snakke om vald.
Publisert Sist oppdatert

– Det er vanleg at eit par kjem til familievernet med ønskje om å få hjelp til kommunikasjonsproblem og å styrke forholdet. Så kan ein part seie, midt i samtalen, noko om ein heftig krangel. Då er det viktig at terapeuten veit og forstår at det bak ordet «heftig krangel» kan ligge forhold til skade for borna i familien, seier Per Øystein Steinsvåg, og forklarer korleis familieterapeutar skal gå fram for å avdekke valdsproblematikk.

Steinsvåg og fire kollegaer utgjer familievernet sitt spisskompetansemiljø på vald i nære relasjonar. Deira oppgåve er å sørgje for at alle dei 39 familievernkontora i landet har god nok kompetanse til å handtere valdsproblem.

LES MEIR: Barneombodet vil hjelpe farlege foreldre

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP