KrF mangla 130 røyster – De Kristne fekk 514
KrF-profilen Line Henriette Hjemdal mangla 130 røyster på å bli attvalt. Partiet De Kristne fekk 514 røyster i Østfold.
Inn på Slottet, ut fra Stortinget: Line Henriette Hjemdal og Hans Olav Syversen fekk nei frå veljarane.
NTB scanpix
Fire KrF-representantar blei brutalt sendt heim av veljarane. Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Geir Toskedal og Anders Tyvand fall alle ut av Stortinget.
Katastrofevalet barberte KrFs stortingsgruppe. Fram til måndag var dei ti, no skal Knut Arild Hareide leie ein tropp som tel åtte representantar, inkludert han sjølv.
LES MEIR KrF-gruppe vil skrote Erna-avtale