Frp: Dei som skal ut av Norge vil reise til Vestland
PAPIRLAUSE: Vestland fylkeskommunes innsats for papirlause gjev von om betre tider, seier flyktningorganisasjon. Fullstendig uansvarleg av Sp, meiner Framstegspartiet.
FRP-TOPP: Terje Søviknes frå Framstegspartiet har vore ordførar og statsråd samt nestleiar i partiet. No er han folkevalt i Vestland fylkesting.
Lise Åserud
– Dette er totalt uakseptabelt. Me kan ikkje ha ein nasjonal politikk på området og ein heilt annan regionalt. Sett på spissen kan det føre til auka tilstrøyming av asylsøkjarar til Norge – og så, i neste omgang, fleire papirlause, asylsøkjarar med endeleg avslag til Vestland, seier Frp-politikar Terje Søviknes til Vårt Land.
Han har fartstid som ordførar i den gamle Hordaland-kommunen Os og som statsråd i Solberg-regjeringa, og sit no i Vestland fylkesting.
Vårt Land fortalde måndag at medan regjeringa krev at dei som får asylavslag reiser heim, vil Vestland fylkeskommune no hjelpe papirlause med fleire tenester og tilbod, som til dømes helse og utdanning.