Nyheter

Regjeringa krev at papirlause reiser heim. Vestland vil gje dei meir hjelp

URETURNERBARE: Regjeringa krev at dei som får asylavslag reiser heim. Vestland fylkeskommune skal hjelpe papirlause med helse og utdanning. Både justisministeren og fylkesordføraren kjem frå Senterpartiet.

I mars blir det klart kva konkrete tiltak Vestland fylkeskommune skal tilby gruppa som har fått samleomgrepet «papirlause flyktningar» – personar som ikkje har lovleg opphald i Norge.

I Vestland lovar dei meir hjelp til dei som Støre-regjeringa – og Sps justisminister Emilie Enger Mehl – vil ha ut av landet.

– Me vil utfordre den nasjonale politikken på området, for i dag har me ikkje ein god politikk. Norge bryt menneskerettane ved å ikkje tilby papirlause betre hjelp, seier fylkesordførar Jon Askeland til Vårt Land.

Han kjem frå same parti som justisminister Mehl, Senterpartiet.

Grunnleggjande menneskerettar

I haust vedtok fylkestingsfleirtalet, Senterpartiet, Arbeidarpartiet, SV, Høgre, Venstre, KrF, MDG og Raudt, å gje papirlause flyktningar fylkeskommunale tenester og tilbod, særleg innan helse, utdanning og kollektivreiser. Mot røysta Frp, Pensjonistpartiet, Folkets Parti FNB og to uavhengige.

Askeland forklarar at med dette vedtaket anerkjenner Vestland fylkeskommune at papirlause flyktningar har helseutfordringar og ikkje tilgang til grunnleggjande menneskerettar i Vestland og Norge.

Han minner om at FN har kritisert Norge for brot på menneskerettane ved å ikkje tilby papirlause helsehjelp på line med resten av befolkninga.

SP

Tel opp papirlause

Dette gjer Vestland:

  • Utarbeide ein oversikt over papirlause migrantar i Vestland og utfordringane deira.
  • Ei arbeidsgruppe skal utarbeide ein plan for å styrkje fylkeskommunale tenester og tilbod til papirlause, denne skal leggjast fram for fylkestinget i mars.
  • Fylkesdirektøren kan rulle ut strakstiltak for å betre levekåra til papirlause.

Fylkesordførar Askeland forklarar kvifor Vestland stiller opp for akkurat denne gruppa:

– Dette er gjerne folk som ofte slit med både somatisk og psykisk sjukdom, stress og einsemd. Å leve utan lovleg opphald er svært vanskeleg, og den utrygge situasjonen skaper stress og held oppe helseproblem. Difor meiner vi det er svært viktig at vi som offentleg instans gjer det vi kan for å betre rettane til denne gruppa, seier han:

– Det er snakk om ei mindre gruppe, som ikkje skal vere i Norge for alltid.

Me vil utfordre den nasjonale politikken på området, for i dag har me ikkje ein god politikk

—  Jon Askeland (Sp), fylkesordførar i Vestland fylkeskommune

Vil endre Europa

I saksframlegget til fylkestinget melde fylkesdirektør Rune Haugsdal at Vestland fylkeskommune har store vyar for arbeidet med papirlause. Dei vil endre politikken i heile Europa.

– Har du som senterpartipolitikar tatt Vestlands arbeid med å endre papirlauspolitikken opp med din partikollega Mehl i Justisdepartementet?

– Nei, eg har ikkje drøfta saka med Emilie endå, fortel Askeland.

Politikken til Vestland fylkeskommune står i skarp kontrast til den regjeringa fører, med justisminister Mehl i front.

I Hurdalsplattforma lovar Sp og Ap at dei som søkjer asyl i Norge, men får endeleg avslag, skal bli skyssa tilbake til heimlandet. Støre-regjeringa skal «opprettholde tilliten til asylordningen gjennom et effektivt returarbeid» samt freiste fleire til å vende heim: «styrke ordningen med returstøtte».

Vårt Land fortalde i november at rundt 140 personar søkte om å få opphald på bakgrunn av eingongsløysinga Solberg-regjeringa etablerte. 83 har fått avslag, 42 har fått mellombels opphald i eitt eller to år og 24 har fått varig opphald.

Få dagar seinare utfordra Raudt regjeringa ved justisminister Mehl, i ein spørjetime i Stortinget:

«Hva ønsker hun å gjøre for å løse situasjonen som disse menneskene, lengeværende papirløse og ureturnerbare menneskene, befinner seg i?»

port

Har fått utreisefrist

Kvar gong justisminister Mehl blir utfordra på regjeringas politikk i møte med papirlause, er svaret hennar at dei som ikkje har lovleg opphald i landet, skal reise frå Norge.

I november svarte ho Raudt:

«Det er ikke planlagt noen ny såkalt engangsløsning. Det er viktig at personer som ikke har rett til å være i Norge, forlater landet, og at vi har klare rammer rundt det.»

I eit svarbrev til Stortinget, også i november, gjorde Mehl det klart: Asylsøkjarar med endeleg avslag og utreisefrist, er ulovleg i Norge om dei ikkje forlèt landet.

Ho understreka vidare at «de fleste av de som mange omtaler som «ureturnerbare», i realiteten ikke er det». Det er fullt mogleg å vende heim, meiner justisministeren.

I 2021 skreiv Mehl eit brev til biskopane i Den norske kyrkja, om eldre, lengebuande ureturnerbare. Her understreka statsråden at ho ikkje ønskjer ordningar som «stimulerer til at folk motset seg retur».

Det er viktig at personer som ikke har rett til å være i Norge, forlater landet

—  Emilie Enger Mehl (Sp), justisminister

---

Papirlause

  • Nøyaktig kor mange som lever som papirlause i Norge, veit ingen eksakt. Organisasjonen Mennesker i Limbo, som over år har følgt gruppa, meiner det er snakk mellom 1.500 og 2.000 lengeverande, ureturnerbare personar. Av desse er 600-700 registrerte hjå utlendingsforvaltninga.
  • Ved utgangen av desember budde det 473 personar med utreisevedtak på norske asylmottak, opplyser Utlendingsdirektoratet.
  • Mange papirlause har komme til Norge som asylsøkjarar, fått endelege avslag, men har valt å bli verande. Fleire er ureturnerbare; dei kan ikkje vende tilbake til heimlandet, til dømes seier nokre land til å ta i mot borgarar som har flykta, andre manglar godkjent ID. Andre er illegale migrantar som oppheld seg i landet utan opphaldsløyve.

---

Skal få akutthjelp

Sidan 2012 har papirlause berre hatt rett til akutt helsehjelp – eller det som heiter «øyeblikkelig hjelp» – frå det offentlege. Dette er regulert i forskrift om rett til helse- og omsorgstjenester til personer uten fast opphold i riket, frå 2012, og inkluderer helsehjelp før og etter fødsel, svangerskapsavbrot og smittevernhjelp.

Vårt Land har kontakta Justisdepartementet med spørsmål til justisminister Emilie Enger Mehl. Departementet hadde ikkje høve til å svare måndag.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter