Møter stengd Nav-dør på Vestlandet

Våren 2015 kartla Fylkesmannen i Hordaland opningstidene til Nav-kontor. Oversikta gjeld Nav-kontor i det tidlegare fylket Hordaland, som i dag er del av Vestland fylke.

Vårt Land har sjekka korleis det står til med opningstidene på Nav-kontor i dette området i dag. Resultatet viser nokre tydelege tendensar:

  • Det er blitt 13 færre Nav-kontor i området.
  • Kontora har fått kortare opningstid. Dagens 27 Nav-kontor held ope 237,5 timar i veka. I 2015 heldt 40 Nav-kontor ope 943 timar i veka. Nedgangen er på 75 prosent.
  • I 2015 heldt ingen av kontora ope fire timar eller mindre i veka. I dag har nesten halvparten – 13 kontor – ei opningstid på fire timar eller mindre.

Eg tenker det er eit samfunnsproblem at folk ikkje kan få snakka med ein kundebehandlar når dei treng hjelp.

—  Kristin Kvåle Kjeilen, dagleg leiar i Voss Frivilligsentral

30.000 innbyggarar har åtte drop-in-timar i veka

Sidan 2015 er fleire av Nav-kontora blitt slått saman. Men større einingar har ikkje ført til lengre opningstid. Tvert i mot: Dei samanslåtte Nav-kontora har alle kortare opningstider i dag samanlikna med 2015.

Eit døme er Alver kommune i Nordhordland i Vestland fylke. Kommunen såg dagens lys 1. januar 2020, då kommunane Lindås, Radøy og Meland vart slått saman til Alver.

At tre Nav-kontor har blitt til eitt, har ikkje hindra kutt i opningstidene for dei 29.920 innbyggarane i den nye kommunen.

I 2015 hadde Nav-kontoret på Lindås ope kvar dag mellom 10 og 15, til saman 25 timar i veka. I dag er opningstidene til nye Nav Alver nede i åtte timar i veka.

Tel drop-in-timar

Kartlegginga til Fylkesmannen i Hordaland frå 2015 og den som Vårt Land gjorde i mars i år, viser opningstid med drop-in-timar. Dette er timar der besøkande ikkje treng ha ein avtale på førehand.

Helsetilsynet skriv i ein rapport frå 2022 at nokre personar kan av ulike årsaker ha behov for å møta opp på Nav-kontor utan timeavtale:

«De kan for eksempel mangle språkferdigheter, ha kognitive utfordringer eller ha svak digital kompetanse. De kan også mangle tekniske virkemidler som BankID, tilgang til PC eller mobiltelefon med nok penger til å ringe.»

– Ei uheldig utvikling som rammar dei svakaste

Voss er ei populær skibygd på Vestlandet. Voss herad har i dag rundt 15.000 innbyggarar etter samanslåinga med Granvin i 2020.

I 2015 hadde Nav-kontoret på Voss ope 30 timar i veka, medan kontoret i Granvin var ope 15 timar i veka.

f

I nye Voss herad er opningstida krympa til 4 timar i veka. Vossingar og gravensarar som treng hjelp frå Nav utan timeavtale, må koma innom kontoret tysdag eller torsdag mellom klokka 12 og 14.

– Dette er ei uheldig utvikling som rammar dei svakaste. Ikkje minst rammar dette folk som ser og høyrer dårleg, og folk som treng hjelp ein-til-ein.

Det seier Kristin Kvåle Kjeilen, dagleg leiar i Voss Frivilligsentral. Ho opplever at mange eldre og uføretrygda slit med å nå fram både til Nav, bank og legekontor.

– Eg tenker det er eit samfunnsproblem at folk ikkje kan få snakka med ein kundebehandlar når dei treng hjelp.

f

Nav skal yta hjelp til folk som står på bar bakke og til dømes treng økonomisk sosialhjelp eller ein stad å bu. På Nav sine nettsider blir folk vist til ei innloggingside der ein må bruka elektronisk ID for å søka hjelp.

Kristin Kvåle Kjeilen er bekymra for dei som er avhengige Nav sine drop-in-timar. Ho peiker på at mange slit med elektronisk innlogging.

– Mange eldre har gamle telefonar og kan ikkje logge seg på Nav sine heimesider med BankID. Me har den siste tida fått fleire førespurnader frå folk som treng datahjelp.

To timar køyretur til næraste Nav-kontor

Samanslåtte Nav-kontor betyr også lengre reiseveg for mange.

Fedje ligg langt uti havgapet på Vestlandet. Kommunen med rundt 500 innbyggarar hadde i 2015 eit eige Nav-kontor med sjenerøse opningstider: Kvar dag frå 9.00 til 14.30 kunne innbyggarane stikka innom kontoret utan timeavtale.

r

I dag er Nav-kontoret på Fedje lagt ned, og næraste kontor ligg ein to timars køyretur unna. Nav Fensfjorden ligg i Hosteland i Masfjorden. Dette er eit felles Nav-kontor for kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden og Modalen. Turen frå Fedje på rundt 50 kilometer inkluderer to ferjer kvar veg.

I 1989 held sosialkontoret ope i vanleg kontortid

Dei korte opningstidene står i stor kontrast til tidlegare tider.

I 1989 slo Sosialdepartementet fast at sosialkontora skal ha ope i vanleg kontortid fem dagar i veka. I rundskrivet peika departementet på at sosialkontora har ei rolle som sikkerheitsnett, noko som krev stor grad av tilgjengelegheit.

Dette rundskrivet frå 1989 gjeld ikkje lenger. I dag finst det ikkje retningslinjer for når Nav-kontora skal halda ope.

Mars 2021 prøvde Senterpartiet i opposisjon å få med seg Stortinget på eit krav om at lokale Nav-kontor må ha minst like lange opningstider som kommunens rådhus. Forslaget vart stemt ned, mot stemmene til SV og Sp.

Stortinget enda heller med å be regjeringa fremma forslag om nasjonale retningslinjer som sørger for at dei svakaste brukarane er sikra eit tilgjengeleg og ope Nav.

Fekk kritikk av Helsetilsynet

I fjor kom Helsetilsynet med flengande kritikk mot korte opningstider etter å ha undersøkt 70 Nav-kontor over heile landet.

Av 70 undersøkte kontor var 11 heilt stengd, 22 hadde ope fire timar i veka. 61 av 70 kontor hadde opningstid på 10 timar eller mindre i veka.

I rapporten skriv Helsetilsynet at dei meiner Nav-kontoret er del av kommunanes beredskap, på lik linje med legevakt.

«En legevakt med samme åpningstider som Nav-kontoret, ville ikke blitt vurdert som forsvarlig beredskap for personer med akutt behov for helsehjelp.»

---

Slik fann me desse tala

  • I 2015 kartla Fylkesmannen i Hordaland Nav-kontora sine opningstider for drop-in timar. Hordaland var eit fylke fram til 2020, då vart det slått saman med Sogn og Fjordane og vart til Vestland fylke.
  • Vårt Land har systematisert tala til Fylkesmannen og funne oppdaterte tal for kontora i dette området via nettsida https://www.nav.no/sok-nav-kontor.
  • Mange Nav-kontor frå 2015 er i dag slått saman. For å finna dagens tal på opningstider, tel me dei samanslåtte Nav-kontora ein gong kvar. Nav Ullensvang er ei eining men har to publikumsmottak – eit i Odda og eit i Kinsarvik. Desse kontora blir telt ein gong kvar.
  • Nav Etne er i dag del av Nav Vindafjord-Etne og er under Nav Rogaland.

---