Verdidebatt

Tru på kjærleikens Gud, ikkje på Bibelen

SAMLIV: Når Alexis Lundh uttalar at «alle bibelsteder som omtaler homofilt samliv, omtaler det som noe som er i strid med Guds vilje,» så råkar han meg og alle mine skeive medarbeidarar i Den norske kyrkja.

Ja, ikkje berre oss, men kristne i alle aldrar.

Eg har sett to bolkar av det nye undervisningsopplegget om seksualitet og identitet til Normisjon, Misjonssambandet, Indremisjonsforbundet, Tro & Medier, Laget (NKSS) og Ungdom i Oppdrag. Like begeistra som eg er over klokskapen til Tormod Kleiven etter å ha sett bolken om seksuell grenseoverskriding, like bekymra og uroleg er eg etter å ha mottatt «undervisning» om homofili og det bibelske ekteskapet av Vegard Tennebø og Alexis Lundh.

Umogleg å vere bokstavtru

Undervisningsopplegget har eitt felles utgangspunkt, seiset det: Det er undervisning av og til menneske som «trur på Bibelen». Eg vil derfor her seie noko om bibelbruken. For meg som luthersk teolog, gir det liten meining å seie at «eg trur på Bibelen». Eg trur på den treeinige Gud, og har som alle ordinerte prestar lova «å forkynne Guds ord klårt og reint, som det er oss gjeve i Den heilage skrifta, og som vår kyrkje vitnar om det i vedkjenninga si».

Alle som les Bibelen, tolkar. Bibelen er eit stort bibliotek. Teologar har lese gresk og hebraisk og veit at vi har å gjere med ei mengde manuskript, kopiar og fragment. Det er derfor umogleg å vere «bokstavtru». Bibelen må lesast grundig, kritisk og varsamt. Vi kan ikkje forstå tekstane utan å sjå dei i samanheng med den tida og kulturen dei blei skrivne i, ei tid som på mange måtar var heilt ulik vår tid.

Kari Veiteberg fotografert for Vårt Land Forlag ifb. med ny bok der hun besvarer spørsmål hun har fått fra ungdom

Ekteskap er ein verdsleg ting

«Er det ikkje noko som står fast då?» «Og tar dei som er for likekjønna ekteskap Bibelen og det kristne evangeliet på alvor?» Eg vil svare: «Ja».

Kvifor? I Bibelen kan vi lese at Gud har skapt verda, at Gud elskar oss og kallar oss til å elske tilbake, at vi skal elske nesten vår som oss sjølv, at frelsa er ei gåve vi får ved tru, ikkje av gjerningar. For Martin Luther var ekteskap ein verdsleg ting. Det er det for oss også. Eg er glad for at kyrkja no dei siste åra har opna dørene for at menneske av same kjønn skal kunne gifte seg i kyrkja. Kyrkja skal vere ein stad ein kan stille seg framfor Guds åsyn med liva sine, finne fotfeste og håp og bli omgjeve av bøn og forbøn.

Det er kjent at Martin Luther såg på nokre av skriftene i Det nye testamentet som mindre verdifulle enn andre. Hovudsaka for Luther var «ob sie Christum treiben» – om det driv til Kristus. Eller som han sjølv skriv i fortalen til eit av dei nytestamentlige skriftene: «Det er også den rette prøvesteinen, som alle bøker skal bedømmast etter, om dei driv til Kristus eller ikkje.»

Jesus som bibelfortolkar set sjølv ord på kva evangeliet handlar om: «Han opna bokrullen og fann den staden der det står: Herrens Ande er over meg, for han har salva meg til å forkynna ein god bodskap for fattige. Han har sendt meg for å ropa ut at fangar skal få fridom og at blinde skal få sjå, for å setja undertrykte fri og ropa ut eit nådeår frå Herren» (Luk 4,17-19).

Kva slags ekteskap?

I opplegget om ekteskapet og homofili, blei det fleire gonger hevda at Bibelen er eintydig når det gjeld at ekteskap er mellom mann og kvinne. Ja, Lundh seier til og med: «Ekteskapet mellom kvinne og mann går som en rød tråd fra skapelsen og gjennom alle Bibelens 66 bøker.» Dette var nytt for meg.

Det vart ikkje sagt meir om kva slags ekteskap vi kan lese om i dei bibelske tekstane. Vi treng vi ikkje bla så mange sidene før vi oppdagar at ekteskapet ikkje er noko einsarta. Det framstår i mange ulike former, både i dei bibelske skriftene og oppover i historia. Frå Det gamle testamentet kjenner vi til patriarkar med følgjekoner, til dømes Abraham med Sara og Hagar. David hadde 18 kvinner, sonen Salomo hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre følgjekoner (1. Kong 11,3). Er det dette som er det bibelske ekteskapet?

Eg kan ikkje anbefale dette opplegget til bruk i Den norske kyrkja. Det skadar meir enn det byggjer opp og det driv ikkje til Kristus

Vi veit at det var snakk om ordningar der kvinna var totalt underordna mannen. Dette kjem også til syne i Lundhs undervisningsopplegg der vi fekk høyre om korleis brevlitteraturens bilete av Kristus som kyrkjas hovud, også kan lesast for å seie noko om kva ekteskapet mellom kvinne og mann er og alltid har vore. Ein slik måte å lese bibeltekstar på, står i fare for å skildre ekteskapet i vår tid ut frå eit underordningsspråk, og i tillegg å seksualisere forholdet mellom Jesus og kyrkja.

Skadar meir enn det byggjer opp

Tolkinga vår av bibelen er alltid er prega av den forståinga vi til ei kvar tid har av menneskeverd og samkvem menneske i mellom. Det er ikkje mykje kjernefamilie i Det Gamle Testamente, og Paulus såg aller helst at ein ikkje gifta seg, for ikkje å bekymre seg meir for ektefellen enn for Kristus.

Det store problemet med den tilsynelatande bibelsk baserte undervisninga i opplegget om homofili og ekteskap, er at det hardnakka held fast på at ekteskapet berre er mellom kvinne og mann, og underforstått også at seksuelt samliv før ekteskapet er mot Guds ord.

På det viset kan ein formidle både skuld og skamkjensle til dei mange som kjenner og har erfaring med kjærleik til menneske av same kjønn, og samtidig til det store fleirtalet av cis-folk som har seksuelle erfaringar eller er sambuarar før dei giftar seg. Eg synst det er svært problematisk at dette er eit undervisningsopplegg godkjent og anbefalt av sentrale kristne organisasjonar i Norge.

Når Lundh seier at«(a)lle bibelsteder som omtaler homofilt samliv, omtaler det som noe som er i strid med Guds vilje, jf. Rom 1,27ff.», så rammar han skeive kristne i alle aldrar. Eg kan ikkje anbefale dette opplegget til bruk i Den norske kyrkja. Det skadar meir enn det byggjer opp og det driv ikkje til Kristus.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt