Verdidebatt

Når ungdomstrua blir nedvurdert

THE SEND: Brørne Ingebrigtsen haustar jubel når dei går «all in». Men kristen ungdom får visst ikkje den same tilliten.

Misjonskonferansen The Send, som er planlagt komande juni, og er eit svært breitt samarbeid mellom ulike aktørar i Kristen-Noreg, har i det siste skapt ein viktig debatt om unge kristnes engasjement. Debatten får dessverre også fram ei side ved den skepsisen som ofte vert kristne ungdomar til del. Mykje tyder nemleg på at dei ikkje får same tilliten og armslaget som ungdomar i andre miljø.

Debatten har også gitt oss eit slags djupdykk i uttrykket å gå «all in». Det kan høyrast ut som om dette er ei spesialdesigna grøft for kristne ungdomar, endå alle som har vore unge veit at det er eit allment fenomen (og slett ikkje berre er dumt). Unge har ei eiga evne til å gi seg heilhjarta i kast med ting, anten det er miljøvern, musikk, politikk eller poesi.

Eller gudstru. Det er ikkje slik at dei vaksne si ferdigpolstra forsiktigheit er det som freistar mest når ein er 17.

Sofie Braut

Nedvurderande tankegang

Innvendingane til forskar Espen Gilsvik mot det han kallar ein unyansert «høykonstnadsreligiøsitet» (VL 26/10), lyser omsorg og klok livserfaring langan lei. Likevel blir dei litt hjelpelause i møte med kristne tenåringar som treng å gjera seg erfaringar og lengtar etter å gi seg over.

Det er heller ikkje til å underslå at dei ber preg av ein velmeint, men like fullt nedvurderande tankegang knytt til unge si tru. «Hvordan vet de unge hva de tror på?», spør MF-stipendiaten retorisk og avslører ei haldning som sjeldan unge med engasjement knytt til politikk, miljø eller idrett blir møtt med.

Få rynkar panna over det einsidige fokuset på suksess, kropp og trening.

—  Sofie Braut

For når brørne Ingebrigtsen på stadig medaljejakt lever etter heilt eigne rutinar og reglar døgnet rundt, vert det fascinerande stoff for populære tv-seriesesongar. Få rynkar panna over det einsidige fokuset på suksess, kropp og trening. Likeins, når Greta Thunberg med ungdommens apokalyptiske harme får med seg eit hav av unge på kompromisslaus klimaprotest, haustar ho jubel framfor uro.

Unge politikarar, som vår ferske justisminister Emilie Enger Mehl, står med sin djupe dedikasjon fram som ein rollemodell, sjølv om ho naturleg nok har følgt eit nokså smalt spor knytt eitt enkelt parti og halde seg tett på politiske familietradisjonar.

Kvifor er det eit større problem når The Send ut frå misjonsglød «ønsker å hjelpe unge kristne til å finne sin plass, hvor de kan si «nei» til likegyldighet og passivitet og «ja» til å bli sendt hvor som helst og når som helst»?

Åndsfattig sekulærkultur

Rett nok ligg det kanskje meir til rette for kristne enn for andre å gå «all in». Går ein til Bibelens første bod, ser vi snart konturane av eit heftig krav om eksklusivitet: Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.

Hos Jesus er dei gamle skriftene ein integrert og opplagt del av læra: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av alt ditt vit og av all di makt», seier han. Det høyrest ikkje ut som eit utprega moderat program med ein omstendeleg kost-nytte-analyse i botn. Det høyrest unekteleg ut som «all in».

Det er neppe religiøs maksimalisme som i første rad trugar unge kristne i verdas mest sekulære land

—  Sofie Braut

Inneber dette automatisk begeistring for svære misjonsarrangement som The Send? Ikkje nødvendigvis. Men kva om unge kristne rett og slett treng litt meir enn eit kvardagsleg åndeleg minimum innimellom? Ein kan skjøna at unge kristne som lever kvardagen i ein åndsfattig sekulærkultur treng slike møte, treng å få pusta ei litt anna luft enn det den moderate, gudlause mediekulturen tilbyr.

The Send gir rom for å løfta blikket, rom for å dela gløden og gleda over at ein faktisk lever eit liv i Guds rike. Slikt blir aldri hundre prosent risikofritt, men kva møteplass for unge er det?

Der ein Roskildefestival eller eit russetreff tilbyr ein type friplass som i lita grad vert problematisert, høyrest det ut som om kristne friplassar er langt «farlegare». Det er pussig.

Den verkelege fallgruva

Både frå MF-forskar Espen Gilsvik og fleire andre får vi inntrykk av at faren for unge kristne i Noreg i dag er «religiøs maksimalisme», djupe sår og ei plyndra sjel. Men det er neppe religiøs maksimalisme som i første rad trugar unge kristne i verdas mest sekulære land.

Med über-forsiktig tilnærming og stadige uro for amerikanske tilstandar, gløymer ein tilsynelatande å ta inn eit vesentleg kristent perspektiv; nemleg at den verkelege fallgruva er å leva som om Gud ikkje finst.

Den verkelege fallgruva er å leva som om Gud ikkje finst.

—  Sofie Braut

Dessutan: kor blir det av tilliten til at den store breidda av samarbeidspartnarar som står bak norske The Send, sikrar arrangementet ei høveleg forankring og ramme i vår kontekst? Visst møtte Jair Bolsonaro opp på The Send i Brasil, men at trope-Trump besøker eit rekordstort ungdomsarrangement i eige heimland, gjer han verken til premissleverandør eller programansvarleg – verken i Brasil eller Noreg.

Mistenkeleggjering av kristen tru

Det er sikkert godt meint når middelaldrande kristne vil skjerma dei unge mot alle tenkelege nedsider ved å brenna for Jesus. Men ein bidreg samtidig til å skapa eit inntrykk av at det er farlegare med kristent engasjement enn andre typar heilhjarta dedikasjon.

Dessutan forsterkar ein trendar i eit samfunn som alt mistenkeleggjer kristen tru og seier at det er betre å vera «all in» for seg sjølv eller for alle andre saker enn å elska Gud heilhjarta.

Er bekymring betre enn brennande hjarte? Tvilsamt.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt