Verdidebatt

Ei varsla krise for norske sjukehus

Normalsituasjonen i Norge er fulle sjukehus. Det er eit dårleg utgangspunkt i pandemitid. Difor treng vi ein ny debatt om beredskap og lokalsjukehus.

Kjersti Toppe

Stortingsrepresentant Senterpartiet

Koronapandemien har ramma Norge og ført landet ut i ein unntakssituasjon. Krisa er stor, både helsemessig og økonomisk. Men den var ikkje uventa. I 2019 la Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap fram sin rapport om alvorlege hendingar. Pandemi og legemiddelmangel blei vurdert som dei to mest sannsynlege katastrofane som kunne ramme Norge. Pandemi blei sett på som ein større risiko enn både terror og jordskjelv. Det er ikkje mange år sidan Norge sist blei ramma av pandemi, i 2009 under svineinfluensaen. Det er garantert ikkje mange år til neste gong. Då er det avgjerande med ein grundig politisk debatt om kva som må til for at helsevesenet og samfunnet elles er budd på å handtere slike scenario.

I dag fins det litt over to sjukehussenger per tusen innbyggjarar. Dette er blant det lågaste i Europa, skriv Kjersti Toppe (Sp).

Sjukehusa er allereie fulle

Ein ting er sikkert. Eit sterkt offentleg helsevesen med god reservekapasitet og evne til å mobilisere i krisesituasjonar, vil vere avgjerande. Talet på sengeplassar, intensivplassar og respiratorbehandling er bestemmande for kor mange alvorleg sjuke pasientar helsetenesta til ein kvar tid klarar å behandle. Det kan igjen vere avgjerande for kor dødeleg epidemien blir. Det som bekymrar, er at norske sjukehus i normalsituasjonen allereie er fulle. I dag fins det litt over to sjukehussenger per tusen innbyggjarar. Dette er blant det lågaste i Europa (NTB, Gisvold 25/3-2020). I 1980 var det 22.000 sengeplassar ved norske sjukehus. I dag har vi i underkant av 10 000 senger i offentlege sjukehus. Altså ei halvering. I same periode har befolkninga auka med 1,3 millionar.

LES OGSÅ: Berit Aalborg: «Norske myndigheter har nedprioritert smitteberedskapen. Det betaler vi for nå»

Lokalsjukehus skapar tryggleik

Helseminister Bent Høie har rett i at kutt i døgnbehandling og sengeplassar er ein trend i alle land (Debatten NRK 24.3.) Men dette er ikkje heile forklaringa. Kutt i døgnbehandling og liggjetid skjer også fordi at sjukehusa våre må spare pengar. Senterpartiet meiner at nedbygging av sengeplassar på norske sjukehus har gått altfor langt. Resultatet er eit altfor høgt pasientbelegg, der mange avdelingar stadig har fleire pasientar enn dei har sengeplassar. Når nye sjukehus vert opna, er dei gjerne overfylte frå dag ein. Dømer på dette er Kalnes i Østfold, Ahus i Akershus og nye Kirkenes sykehus i Finnmark. På tross av ein nullvisjon for korridorpasientar, så ligg rundt ein prosent av innlagte pasientar til ei kvar tid på gangen på norske sjukehus. Og det skjer i fredstid. I pandemitid, er det klart at dette er eit dårleg utgangspunkt. Etter korona treng vi ærleg debatt om kapasiteten i norsk spesialisthelseteneste. Fulle sjukehus i kvardagen gjer beredskapen sårbar i krisetider.

Etter korona treng vi og ein ny debatt om beredskap og lokalsjukehus. For fem år sidan opna regjeringa for at halvparten av sjukehusa i Norge skulle kunne miste akuttkirurgisk beredskap om ikkje dei hadde større befolkningsgrense enn 60.000. Men Stortinget sto opp mot sentraliseringa, og sikra at ingen lokalsjukehus mista akuttkirurgisk beredskap og ingen lokalsjukehus vart lagt ned. Då Helsedirektoratet onsdag den 25. mars kom med si tilråding av prioritering av helsehjelp i Norge under koronakrisa, var dei tydelege på lokalsjukehusa si rolle i smittesituasjonen. Direktoratet rår til at pasientar i størst mogleg grad blir behandla på sitt lokalsjukehus. Berre alvorleg sjuke pasientar som ikkje kan gis forsvarleg helsehjelp lokalt, skal tilvisast til høgare spesialiseringsnivå. Sjukehusa må vere førebudd på å avlaste kvarandre. Nettopp. No kan vi vere glade for at lokalsjukehusdebatten i 2015 enda som den enda. Fleire fullverdige lokalsjukehus i heile landet er med å skape tryggleik i den nasjonale smittekrisa.

LES OGSÅ: Finland har bygd opp kriselager – Norge har bygd ned

Beredskap «lønar» seg ikkje

Nasjonal beredskap er det offentlege helsevesenet sitt mest vesentlege ansvar. Spørsmålet er om vi har ein helsepolitikk som tek dette på alvor. Etter korona treng vi ein grunnleggjande debatt om innretninga på spesialisthelsetenesta, på marknadsrettinga, på individfokuset og effektivitetsjaget. Vi treng eit oppgjer med den stadige sentraliseringa av beredskapstenester. Vi treng ein tydeleg politikk for å sikre vårt offentlege helsevesen og helsevesenet sitt beredskapsansvar. Til no har eit av dei fremste måla i rådande sjukehuspolitikk vore kortare ventetider på planlagt behandling. Regjeringa har innført Fritt behandlingsval for å gi fleire private tilbydarar rett til å konkurrere om pasientbehandling med offentlege sjukehus. Innsatsstyrt finansiering er auka og utvida. Det skal løne seg for sjukehusa å behandle flest mogleg pasientar med færrast mogleg ressursar. Beredskap «lønar» seg ikkje i dette systemet.

Fredag kom dei første helseforskriftene til den nye kriselova. Då er det nettopp pasientane sin rett til Fritt behandlingsval, og retten til kort ventetid for helsehjelp som ikkje er livsnaudsynt, som blir midlertidig oppheva. Når ein i krisetid må leggje vekk fleire av hovudgrepa i den nasjonale helsepolitikken og regjeringas visjon om «pasientens helseteneste», tyder det på at beredskap har vore nedprioritert.

Det handlar om tryggleiken

Koronapandemien har vist oss at ingen er trygge før alle er trygge. Den har og synleggjort at vår solidariske offentlege helseteneste representerer noko mykje meir enn summen av pasientbehandlingar og individuelle pasientrettar. Det handlar om tryggleiken i velferdssamfunnet vårt, om grunnleggjande beredskap for liv og helse både i kvardagen og ved nasjonale kriser.

LES MER:

Helsemyndigheter bommet på korona-anslag

Sykepleiere i frontlinja mangler utstyr: – Vi vet at vi nå går inn i en situasjon hvor vi vil være i risiko for smitte

Danby Choi: «Jo, selvfølgelig fungerer ansiktsmasker, FHI»

---

Fakta:

---

Les mer om mer disse temaene:

Dana Wanounou

Dana Wanounou

Dana Wanounou er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land. Hun har også vært nyhetsleder og debattleder i avisen. Har du tips om saker, send mail til danawano@vl.no.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Verdidebatt