Over 20 jenter sakna frå kristen sommarleir i Texas. 9-åring er funne omkomen

FLAUM: Elva Guadalupe flauma over og minst 24 personar er døde. Foreldre leiter desperat etter sakna born som var på leir. 

SØK: Patricio Levesange og barnebarnet Benjamin Levesange på 10 år står saman med ein brannkonstabel frå Kerrville brannvesen. Dei ser etter menneske i elva Guadalupe.
Publisert Sist oppdatert

Laurdag ettermiddag norsk tid melder CNN at ei ni år gammal jente, som gjekk på kristen sommarleir er omkomen. Det er mor hennar som stadfestar dette, ifølge den amerikanske nyheitskanalen.

Fra før er minst 24 menneske stadfesta omkomne, ifølge delstatsmyndigheitene i Texas. Framleis er minst 20 jenter som var på den råka sommarleiren, sakna. 

Natt til fredag kom ekstreme mengder nedbør – heile 25 centimeter kraftig regn i løpet av nokre få timar. Regnet kom sentralt i fylket Kerr i Texas og førte til at elva Guadalupe flauma over. 

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP