– Andre land har vore ute etter Finlands store beredskapslager.

På ein pressekonferanse i Helsinki avslørte landets statsminister, Sanna Marin, at no ser mange til landet lengst aust i Norden. Særleg festar dei blikka på ­Finlands store beredskapslager av legemiddel.

– Finlands situasjon er ­monaleg betre enn andre land ettersom me har ein buffer, fortel Johanna Nystedt, direktør i Fimea, til Hufvudstadsbladet. ­Fimea tilsvarar norske Legemiddeleverket.

For å sikre råderetten over beredskapslagra med legemiddel, fatta den finske regjeringa eit hastevedtak som stoppar sal og eksport frå Finland.

LES OGSÅKnut Vollebæk er koronasmittet: – Viruset vil forandre verden, forhåpentligvis til det bedre

Finland alltid budd

Beredskap er viktig i Finland. Etter andre verdskrig blei den krigsherja nasjonen liggjande avsondra midt mellom aust og vest, i eit grenseland mellom Vesten og Sovjet­unionen. Dei første tiåra etter 1945 måtte landet betale store krigserstatningar til Sovjetunionen.

– Me lærde å lage ting som me aldri hadde lagd før, som til dømes isbrytarar, fortel Soilikki Vettenranta, professor emerita ved NTNU, til Vårt Land.

LES OGSÅ: For ensomme eldre gir det en fellesskapsfølelse at alle er isolert

Sterk forsvarsvilje

Beredskapstanken står fjellstøtt i Finland, forklarar ho som er spesialist på mediepedagogikk og krisekommunikasjon:

– Ein har alltid budd seg på utryggleik, tanken er «betre føre var».

I 1991 blei Sovjetunionen oppløyst – og den kalde krigen som hadde vore varm i vel fire tiår, kolna. Medan nabolanda Sverige og Norge byrja å byggje ned beredskapslagra av samfunnsviktige vareslag, heldt Finland krisetenkinga i hevd.

– Det ligg innebygd i finnar; ein kan alltid bli overraska. Difor er viljen til å forsvare nasjonen sterk, fortel Vettenranta.

LES OGSÅ: Ikke alle verdensreligionene tar smittefaren like alvorlig

Forbruk for mange månader

Difor har finske legemiddelstyresmakter i dag ei liste med 1.400 medisintypar som blir lagra på såkalla omsetjingslager: Ein skal til ei kvar tid ha nok til seks til ti månaders forbruk.

Dette betyr at produsentar, grossistar og sjukehus har plikt til å ha rullerande lager. Normalforbruket blir rekna ut frå fjor­årets forbruk.

Norge har valt ei anna løysing. Fram til EØS-regelverket blei norsk lov, hadde Norge store beredskapslager organisert av statlege Norsk Medisinaldepot (NMD). Men etter at EØS-avtalen trådde i kraft i 1994, skifta grossistselskapet NMD karakter; frå statleg, til halvstatleg, til privatisert. Statsmonopolet blei avvikla fordi det var i strid med EØS-lovverket, avgjorde Stortinget.

Vedgår store manglar

Dermed er beredskapslagra blitt skalerte ned, og ansvaret spreidd på mange aktørar. I ein rapport frå i fjor, Nasjonal legemiddelberedskap, vedgår Helsedirektoratet store manglar:

• «Mange aktører med forskjellig ansvar for legemiddelberedskap i Norge gjør landskapet uoversiktlig.»

• «Kun en marginal andel av lege­midlene som forbrukes i Norge produseres i Norge.»

• «Beredskapslagrene i Norge er i stor grad konsentrert på det sentrale Østlandsområdet, og har også mangelfullt innhold».

• «Spesialisthelsetjenestens innkjøpsordninger er lite robuste med tanke på legemiddelberedskap.»

• «Mange kommuner har ikke sikret beredskapsforsyning av legemidler for helsetjenestene de yter.»

• «Det er lav bevissthet blant befolkningen rundt viktigheten av å ha et lager av nødvendige legemidler hjemme.»

Avvikla også i Sverige

Sverige vedgår også at beredskapslager er blitt erstatta av tanken om at det meste kan kjøpast når det trengst. Total­försvarets forskningsinstitut leverte i fjor ein analyse av Sveriges forsyningsberedskap:

– Det blir sagt at Finland ­kopierte Sveriges tidlegare modell for totalforsvarsplanlegging, og utvikla han vidare, medan Sverige avvikla han, oppsummerer forskarane bak rapporten. Mellom anna peikar dei på brist i beredskapslagra av legemiddel.

I Sverige blei beredskapsarbeidet kraftig endra etter at landet blei medlem i EU i 1995.

Kutta kornlager

Finland har også store beredskapslager med andre viktige krisevarer, drivstoff, daglegvarer, såkorn, korn, metall og reservedelar til landbruket. Drivstofflagra skal til ei kvar sikre opp mot fem månaders forbruk. Kornlager er viktige i Finland: Dei skal vare i seks månader.

I Norge blei beredskapslagra med korn lagt ned i 2003. I dag har me berre korn til tre vekers forbruk. I 2014 la Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking fram ein rapport som sa at kornlagra var veike.

Stør seg på matimport

Då Solberg-regjeringa la fram statsbudsjettet for 2020, kom det fram at Høgre, Frp, Venstre og KrF meiner at det ikkje er behov for nasjonale beredskapslager for korn, fordi Norge kan kjøpe korn frå utlandet. At forsyningslinjene blir fullstendig avsperret «over noe tid blir ikkje sett på som realistisk», melde landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i budsjettdokumentet.

Åtvaring etter ekstremtørke

Etter ekstremtørke­sommaren i 2018 åtvara Ola Hedstein, administrerande ­direktør i interesseorganisasjonen Norsk landbrukssamvirke, mot å gjere seg avhengig av matimport. Til NTB sa Hedstein: «Jeg tror det er naivt å ta for gitt at rike nordmenn alltid får kjøpt det vi trenger av andre.»

LES MEIR:

• Koronalivet: «Vi som er eldre, er bedre rustet»

• Valgforskere: Ap og Høyre vil «tjene» på koronakrisen