Kunstnerisk kommentar
Biskop Halvor Nordhaug støtter hvite prester som ikke vil samarbeide med afrikanske prester (Vårt land 16.9.) Men pyttsan. Han skriver egentlig bare om kvinner.
Gyrid Gunnes er ordinert prest i Den norske kirke. I denne kunstneriske kommentaren illustrerer hun det hun mener er en absurd samtale om kvinners prestetjeneste.
Alf Simensen
Gyrid Gunnes
Ordinert prest i Den norske kirke
Fleire konfirmantforeldre i Sogndal, og mange andre i Bjørgvin, har blitt opprørte over at ein kvit prest som ikkje er tilhengar av afrikanske prestar, og at han heller ikkje vil gjere presteteneste i ei gudsteneste saman med ein prest som er afrikanar. Eg er samd med desse foreldra i at menneskjer med svart og kvit hudfarge skal ha lik tilgang på alle tenester og tillitsverv i kyrkja vår. I dag er da også stoda eintydig slik at Den norske kyrkja seier eit rungande JA til afrikanarar si presteteneste. Talet på afrikanske prestar aukar jamt, og i bispekollegiet er allereie halvparten afrikanarar. Denne utviklinga er gledeleg!