Kommentar

Barna må få smake på det beste

BARNEKULTUR: Denne helga blir Noregs største kulturfestival for barn arrangert i Oslo. Miniøya si satsing på dei minste blant oss, bør inspirere mange.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Vi er på full fart inn i sommaren. Med pandemiske restriksjonar på trygg avstand, er det sikkert mange som kjem til å besøke ein musikkfestival eller eit stemne dei neste par månadene. I hovudstaden kan du denne helga delta på kulturfestivalen Miniøya, vel å merke dersom du er i følgje med ein «mini». Miniøya har øvre aldersgrense på 16 år og er Noregs største kulturfestival for barn. Vaksne får lov til å bli med barna sine, men må stumpe røyken og sløkke tørsten med andre drikkar enn øl. På det røyk- og alkoholfri arrangementet er det barna som står i sentrum på alle vis.

Det gjer dei utan at det blir kompromissa på kvalitet. Tvert om. Miniøya er blant aktørane her til lands som har satsa tungt på at barn har like stor rett til gode kulturopplevingar som vaksne. Barnefestivalen sprang ut av Øyafestivalen, som sidan oppstarten i 1999 vaks til å bli ein av Noregs største musikkfestivalar, og som allereie frå dei første åra hadde eigne barneaktivitetar og familievenleg program på dagtid laurdag.

Det var dermed folk med nase for kvalitet som starta opp Miniøya, som Linn Catrine Lunder og Claes Olsen. Ved oppstarten i 2009 kunne initiativtakarane fortelje at dei hadde planar om å overraske barn og vaksne med både kjente og mindre kjente kvalitetsartistar. Og slik har det også vore. Musikktilbodet på Miniøya har vore til glede både for foreldre og barn. «Den beste festivalen som er ferdig til klokka seks», skreiv eg i Vårt Land for åtte år sidan.

Stabile rammer for framtida

Frå i år er Miniøya eigd av Stiftelsen Miniøya, som gjer rammene endå meir stabile for vidare drift. Etter to nedstengde år under pandemien, var festivalen oppe å stå igjen i fjor, og til arrangementet i helga er det venta rundt 13.000 publikummarar. Programmet freistar med artistar som Darling West, Musti, Kamara og Marit Larsen, og aktivitetar som teaterleik, danseverkstad og baby-hiphop.

Framleis er ambisjonen om å utvikle barnekulturen vidare, til stades i festivalen. Han blir i dag leia av Solveig Riiser, med initiativtakar Lunder som ein aktiv bakspelar og tilretteleggar. Miniøya vil utfordre konvensjonelle oppfatningar om barnekultur og flytte grenser for å løfte kvalitetskultur for barn.

Denne tenkinga, og evna til å omsette henne i praksis, er svært viktig for Kultur-Noreg. Kultur for barn er ikkje noko annanrangs. Tvert om er barna blant dei viktigaste kulturbrukarane i samfunnet, og blant samfunnsborgarane der kunsten kan ha sterkast positiv innverknad. Tenk berre sjølv tilbake på kulturopplevingar som gjorde inntrykk på deg i barndommen! Det er sannsynleg at somme av desse opplevingane framleis sit i ryggmargen din og har vore med på å danne deg til den personen du er i dag.

Kultur for barn er ikkje noko annanrangs

—  Alf Kjetil Walgermo

Skaper arena for fellesopplevingar

Miniøya har forstått dette, og lukkast samtidig med å skape ein arena der barn og vaksne får oppleve saman. Å gi barna kvalitetssterk kulturell innputt er med på å utvide barnesinnet og skape fellesarenaer på tvers av alder. I tillegg aukar det føresetnadene for å gå inn i vaksenlivet med interesse for kunst og kultur. Om nokre år er barna store, og skal etter kvart sjølv få barn som dei skal ta med på ulike typar kulturopplevingar.

I botnen av tenkinga som Miniøya er bygd opp på, kan vi utleie ei enkel, men viktig grunnsetning: Barna må få smake på det beste. Dette er ei haldning som i endå større grad bør gjennomsyre kulturtilbodet i dei mange kommunane i landet vårt, og ikkje minst i skuleverket. Miniøya bør såleis vere til inspirasjon for mange, også på mindre stader enn hovudstaden. Budsjettet er ofte knapt, javisst, men det treng ikkje å innebere at barna får kulturelle knappar og glansbilete. Få kvalitetskunsten inn i skulen! Ha kompetente personar til å drifte skulebiblioteket! La barna få høyre musikk frå øvste hylle og sjå teater spelt av prisvinnande skodespelarar!

Inga sjølvfølge at barna blir prioriterte

Sjølvsagt er det få stader forunnt å ha marknadsgrunnlag, kompetanse og ressursar til å skape kulturtilbod som Miniøya i Oslo. Men viljen til å gi barna det beste, må vere der. Denne har også det tverrfaglege nettidsskriftet Periskop, som nettopp har fått ny ansvarleg redaktør. Når Mette Dybwad Torstensen tek over redaktørstolen i august, tek ho over ansvaret for eit tidsskrift som er leiande i samtalen om kunst og kultur for barn. Periskop gjer grunnleggande sett det same som Miniøya, nemleg å ta barn på alvor. Og der barn blir tatt på alvor, er samfunnet komme mange steg vidare.

Ta barna på alvor! Det høyrest enkelt ut, men i praksis har dei fleste samfunn ein tendens til det motsette. Om vi går eit par tusen år attende i tid, snudde Jesus frå Nasaret samfunnsstrukturane på hovudet då han sette barnet høgst – til stor forbausing hos læresveinane hans.

I 2023 er det heller inga sjølvfølge at barna blir høyrde og prioriterte. Vaksne har ein tendens til å gløyme kvar dei kom frå. Men la oss stadig minne kvarandre på det: Barna må få smake på det beste. Så kjem alt dette andre attpå.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar