Kommentar

«Tala er så dårlege at ein nesten kan høyre klirrelyden frå Ap og Sps skjelvande ordførarkjeder»

Dersom Vårt Land og Dagbladets kommunebarometer slår til, vil Jonas Gahr Støre måtte halde ei sørgmodig tale på valvaka etter lokalvalet i september – trass i betre tal lokalt enn nasjonalt.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Stortingsmålingane ned mot 14 prosent har naturlegvis fått Ap-folk til å fortvile. Likevel har dei hatt eit håp om at kommunevalet i haust skal gje partiet ro og ein naudsynt opptur. Spørsmålet er om partiet kan gle seg over at Dagbladet og Vårt Lands kommunebarometer viser 23 prosent til Ap. Det er jo vesentleg betre enn 14 prosent, men ville også vore partiets dårlegaste val nokon gong.

Der stortingsvalet i 2025 er fleire år unna, er det få månader att til lokalvalet i september. Det er nesten så ein kan høyre klirrelyden frå Ap og Sps skjelvande ordførarkjeder. Likevel ser veljarane ut til å like lokale Ap- og Sp-folk betre enn partia sine representantar på riksplan.

Høgresida kan gle seg til 2025

La oss prøve å sjå for oss scenarioet der denne målinga blir valresultatet. Stemninga på valvaka der partiet får 23 prosent oppslutning blant veljarane. Kanskje makta partiet å legge personstrid og intern splid bak seg på landsmøtet i mai. No må likevel Støre opp på talarstolen og snakke til eit parti som har gjort historiens dårlegaste val. Også den førre rekorden kom under Støres leiarskap, så seint som i 2019.

Ikkje berre det, men høgresida har gjort det så godt at vegen til Kongens bord i 2025 ligg open utan hindringar for dei. Erna Solbergs Høgre ligg i følge Vårt Lands kommunebarometer an til å få auka oppslutninga si med ein tredel frå 2019.

Mange vil spørre seg, slik dei har gjort lenge: Var det Støres feil, eller var han uheldig? Uavhengig av svaret på det første, kan vi ganske sikkert slå fast at svaret på det siste er ja. Jonas Gahr Støre var uheldig. Vil partiet la han halde fram?

—  Emil André Erstad, kommentator

Sjølv om både KrF og Venstre ligg an til å gjere relativt dårlege kommune- og fylkestingsval, vil eit resultat for Høgre på over 30 prosent skape eit sterkt press for regjeringsskifte i 2025. Høgre vil med eit så sterkt resultat sannsynlegvis klare å ta makta i fleire av dei store byane i Norge, som til dømes Bergen og Oslo.

Sosialdemokratiets tid forbi?

Tilbake til Aps valvake, nær midnatt 11. september 2023. 23 prosent lyser på storskjermen i Folkets hus. Mange vil spørre seg, slik dei har gjort lenge: Var det Støres feil, eller var han uheldig? Uavhengig av svaret på det første, kan vi ganske sikkert slå fast at svaret på det siste er ja. Jonas Gahr Støre var uheldig. Vil partiet la han halde fram?

Han tok over som partileiar for eit parti som hadde hatt si storheitstid gjennom heile etterkrigstida i Norge, som hadde gjennomført eit historisk samarbeid på raudgrøn side under Jens Stoltenberg og som hadde ei sjølvforståing at det skulle attende i regjering.

Den regjeringa vart ganske annleis enn det både Ap-veljarar og tillitsvalde hadde sett for seg. Sosialdemokratiet såg annleis ut enn det vi hadde blitt kjend med gjennom fleire tiår med Ap-styre. Hadde Erna Solberg i løpet av dei åtte åra ho styrte landet, klart å erstatte Arbeidarpartiets posisjon som det største og viktigaste partiet i norsk politikk?

Støre kan klare å mobilisere

Viss Dagbladet og Vårt Lands kommunebarometer slår til, tyder mykje på at svaret er ja. Det er vanskeleg å sjå kva som i så fall skal løfte Arbeidarpartiet fram mot 2025. Spesielt ettersom Senterpartiet også fell frå valresultatet på 14,4 prosent til 8,6 prosent. Det er eit fall på 5,8 prosentpoeng, og dermed nok til å gjere vegen mot valsiger i 2025 nær sagt umogleg.

Vil Jonas Gahr Støre klare å rydde unna den betente nestleiarstriden ved å skape plass til Hadia Tajik i regjeringa si før landsmøtet startar? Slike grep kan roe strid, skape samling og dei naudsynte prosentane partiet treng for å gjere det betre enn i 2019.

—  Emil André Erstad, kommentator

Det blir ikkje betre viss vi ser på tala frå Dagbladet og Vårt Lands stortingsmåling, tatt opp i same tidsrom som kommunebarometeret. Der klarar dei to regjeringspartia å kapre knappe 43 mandat. Ap på 17 prosent og Sp på 5,5 prosent ville ikkje hatt sjans på å stable på beina ei levedyktig regjering.

Det kan sjølvsagt hende at Støre og kompani klarar å mobilisere inn mot lokalvalet i september. Strategien dei styrer etter no, er å snakke meir som eit styringsparti med nærleik til næringslivet enn som eit parti på venstresida i konkurranse mot Raudt og SV. Etter nyttår har retorikken blitt moderert, i eit forsøk på å stogge Høgres fortelling om at regjeringa skapar uføreseilege vilkår for næringslivet i Norge. Næringsminister Jan Christian Vestre har fått jobb som posterboy for den fortellinga.

Tajik inn i regjering

Eit anna spenningsmoment er kva som skjer før og på Ap-landsmøtet i mai. Vil Jonas Gahr Støre klare å rydde unna den betente nestleiarstriden ved å skape plass til Hadia Tajik i regjeringa si før landsmøtet startar? Slike grep kan roe strid, skape samling og dei naudsynte prosentane partiet treng for å gjere det betre enn i 2019.

I så fall kan Støre slå seg på brystet med å ha snudd trenden, og skape ein heilt annan optimisme enn partiet har no. Det skal ikkje mykje til.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar