– Eg skulle ynskje at eg kunne fortelje deg alt eg kjenner til frå tida i Kyrkjerådet, fordi den var veldig spesiell, er svaret Vårt Land får i samtale med ein tidlegare tilsett i Kyrkjerådet.
Denne samtala fann stad hausten 2024. Men personen vågar ikkje å snakke.
– Skriv du ei sak der noko av kritikken kjem frå meg, då tvilar eg ikkje på at Kyrkjerådet vil saksøkje meg for brot på teieplikta.
Vedkomande verkar nervøs, og understrekar fleire gonger kor viktig det er at det ikkje kjem ut noko som kan vera eit brot på sluttavtala hen fekk.
Vårt Land bruker pronomenet hen for å ikkje identifisere kjønn.
Den tidlegare tilsette blei sagt opp og enda opp med ei sluttavtale med fleire punkt som handlar om teieplikt.
Skriv du ei sak der noko av kritikken kjem frå meg, då tvilar eg ikkje på at Kyrkjerådet vil saksøke meg for brot på teieplikta
— Tidlegare kyrkjerådstilsett
Hen ynskjer å vera anonym på grunn av påkjenninga den tidlegare kyrkjerådstilsette opplever det vil innebera å stå fram. Vårt Land har møtt personen, og har også sett sluttavtala mellom hen og Kyrkjerådet.
Les svaret frå Den norske kyrkja lengre ned i saka.
Hemmelege avtaler
På torsdag skreiv Vårt Land om at HR-seksjonen i administrasjonen til Kyrkjerådet har vore prega av uro, varsel og gjennomtrekk av tilsette.
Vårt Land har bedt om innsyn i alle sluttavtaler inngått i heile administrasjonen til Kyrkjerådet mellom 2017 og 2024.
Det er snakk om sju avtaler til ein samanlagt verdi på 3,4 millionar kroner, og Vårt Land har fått innsyn i seks av dei sju avtalene.
Fire av avtalene har punkt som bind tidlegare tilsette til å teie.

Vårt Land er kjent med at det i minst éi av dei andre avtalene låg inne forslag om teieklausul, men at det blei forhandla ut av avtala.
Alle dei tre avtalene har punkt som seier at ein ikkje kan dela intern informasjon eller forretningsløyndomar.
Men i tillegg har dei formuleringar som går lengre i å avgrense kva dei tidlegare tilsette kan seie:
- To av avtalene har heilt like punkt om «Konfidensialitet og omtale». Her kjem det mellom anna fram at både arbeidsgjevar og arbeidstakar forpliktar seg til å omtale kvarandre nøytralt og sakleg etter dei har underteikna avtala, og at partane «er einige i at sluttavtala og tilhøva rundt avslutninga av tilsetjingsforholdet skal handsamast konfidensielt».
- I den tredje avtala står det at partane skal teie om innhaldet i avtala, men ho nemner ingenting om korleis ein skal omtale kvarandre.
Den fjerde avtala med teieklausul har Vårt Land ikkje fått innsyn i, mellom anna fordi den personen avtala gjeld, ikkje har gjeve samtykke til det.
Advokat: – Uheldig
Jon Wessel-Aas reknast som ein av dei leiande advokatane på ytringsfridom i Noreg. Han understrekar at det ikkje nødvendigvis er gale i seg sjølv at kyrkja har teieklausular i sluttavtaler, men at det kjem an på kva dei omfattar:
– Å «kjøpe» seg fri frå kritikk av kyrkja i all framtid, ville ikkje stått seg, seier Wessel-Aas som også kallar det uheldig å ha ein slik nøytral-omtale-klausul.

Advokaten har tidlegare gått ut og sagt til NRK at «dei klausulane ikkje er verdt papiret dei er skrive på», om liknande teieklausular i offentleg sektor.
Men det gjeld for tilsette i stat og kommune. Etter at Den norske kyrkja blei lausriven frå staten er ho ikkje lenger eit statleg organ. Som eit ledd i denne prosessen, tredde den nye trussamfunnslova i kraft januar 2021, og etter dette har ikkje Den norske kyrkja vore underlagt Offentleglova. Men kyrkja har likevel sjølv bestemt at kyrkjelege organ skal fylgje lova.
– Det blir meir nyansert her enn i det offentlege, men kyrkja er ein kvasi-offentleg etat, der mange av dei same argumenta som ein brukar for innsyn i det offentlege elles gjeld. På grunn av offentleg finansiering er det til sjuande og sist skattebetalarars pengar. Og ikkje minst bør medlemmane vita korleis kyrkja forvaltar midlane dei får, seier advokat Wessel-Aas.
Han meiner det har offentleg interesse å vita kor mykje pengar DNK har bruka på å «kvitte seg med tilsette som dei elles kunne sagt opp viss dei meinte at dei hadde sakleg grunn til det».
– Då kan ein diskutere om ein brukar for mykje pengar på å kvitte seg med ubehag.
---
Offentleglova
- Offentleglova gjev alle rett til innsyn i saksdokument, journalar og liknande register for alle organ som er omfatta av lova.
- Lova gjeld for alle statlege organ, kommunane og fylkeskommunane.
- I utgangspunktet gjeld lova òg for alle sjølvstendige rettssubjekt (selskap, stiftingar osv.) som er kontrollerte av statlege organ, kommunar eller fylkeskommunar. Slik kontroll kan skje gjennom eigarskap eller rett til å velja eit fleirtal av styremedlemane i rettssubjektet. Her finst det ein del unntak, mellom anna for rettssubjekt som i hovudsak driv næringsverksemd i konkurranse med private.
Kjelde: regjeringen.no
---
Wessel-Aas understrekar at det heller ikkje er «fritt fram» for teieklausular sjølv om ein er utanfor offentleg forvalting. Den grunnlovsfesta ytringsfridomen gjeld alle, også tilsette utanfor offentleg sektor.
– Me har mykje rettspraksis på at den også gjeld avtalefesta avgrensingar. Går dei for langt kan dei ikkje handhevast. Men slike klausular vil kunne ha den uheldige verknaden at dei som har skrive under trur at dei er avtalebundne til å aldri fortelje om kritikkverdige ting frå tida dei jobba i kyrkja. Slike klausular kan aleine med sin eksistens ha ein nedkjølande effekt på ytringsfridomen.
Dei som har skrive under trur at dei er avtalebundne til å aldri fortelje om kritikkverdige ting frå tida dei jobba i kyrkja
— Jon Wessel-Aas, advokat
Ueinige om kven som ynskte teieplikt
Kyrkjerådet har ikkje ynskt å stille med nokon til munnleg intervju, men assisterande kyrkjerådsdirektør, Jan Rune Fagermoen, har svart på e-post.
Han leia avdelinga som HR-seksjonen høyrde til, fram til 2024.
På spørsmål om kvifor ein har slike teieklausular i avtalene skriv Fagermoen at dette er ein praksis dei no har endra, fordi dei ynskjer å vera opne.
– Me har ikkje lengre slike formuleringar med i avtaler.
– Frå leiinga si side har konfidensialitetsklausular handla om å imøtekome arbeidstakarar som ynskjer konfidensialitet om kvifor arbeidsforholdet har blitt avslutta, for ikkje å gjere det vanskelegare å få eit nytt arbeidsforhold, legg Fagermoen til.

Men som tidlegare nemnt har Vårt Land snakka med ei kjelde som seier hen forhandla vekk forslaget om teieklausular i si sluttavtale, fordi personen ikkje ynskte å ha restriksjonar på kva hen kunne seie.
To andre seier at det heller ikkje var eit ynskje frå deira side å ha med slike klausular, men at det var arbeidsgjevar som ville ha det i avtala.
Ei fjerde kjelde takka nei til sluttavtale fordi vedkomande ikkje ville ha teieplikt.
I eit oppfylgingsspørsmål spør Vårt Land om når Kyrkjerådet slutta med å ha slike formuleringar med i sluttavtaler, og kva som utløyste endringa. Det svarar dei ikkje på.
Seier avtalene ikkje gjeld lenger
Sommaren 2024 avdekte Dagens Næringsliv at det har vore utstrekt bruk av såkalla hysj-avtaler mellom staten og tilsette.
Det kom sterke reaksjonar både frå politisk hald og frå fagforeiningar. Det blei uttrykt uro for at slike klausular kunne leggje ein dempar for at viktige historier og sakleg kritikk nådde ut i det offentlege.
I etterkant av dekninga i DN bad Helsedepartementet sjukehusa kontakte alle eks-tilsette som har inngått teieavtaler, og seie at dei ikkje gjaldt lenger.
– Gjeld teieplikta framleis for dei som har teikna sluttavtale med Kyrkjerådet?
– Kyrkjerådet vil ikkje halde dei tidlegare tilsette til ein konfidensialitetsklausul i desse sluttavtalene, melder Fagermoen.
Vårt Land fortel at personar ein har snakka med er redde for å fortelje om tida dei var tilsette i Kyrkjerådet, på grunn av teieklausulane, og at éi kjelde også fryktar å bli saksøkt.
– Har dei grunn til dette?
– Nei, det er det ingen grunn til, forsikrar den assisterande direktøren.
Kyrkjerådet vil ikkje halde dei tidlegare tilsette til ein konfidensialitetsklausul i desse sluttavtalene
— Jan Rune Fagermoen, assisterande kyrkjerådsdirektør
Fortel om dårleg leiing
Vårt Land tek med seg lovnaden tilbake til kjelda som var redd for å snakke med avisa. Den tidlegare kyrkjerådstilsette seier hen har snakka med sine nærmaste om det som skjedde.
– Men tankar om at dette burde bli skrive eller snakka om i vidare forstand, har blitt skrinlagt på grunn av teieklausulane. Men det er ekstremt bra at dette blir skrive om no, og det er så bra at nokon har varsla.
Vårt Land kjem til å skrive meir om uroa i Kyrkjerådet i tida framover.
Den tidlegare tilsette fortel om mangel på forventingsavklaring, og dårleg leiing, eller rett og slett fråvær av leiing.
Hen skildrar også eit arbeidsmiljø prega av det hen meiner kan vera typisk for ein del kristne krinsar: nemleg at ein ikkje tørr å ta tak i vanskelege ting og konfliktar. Og ikkje minst meiner hen det var manglande vilje til å leggje til rette for ulike livssituasjonar og helsetilstandar.
I tida etter har hen spurt seg sjølv kvifor hen ikkje gjekk lenger opp i systemet for å seie ifrå om ting.
– Eg har tenkt fleire gonger at eg burde ha gjort det.
Dette svarar Kyrkjerådet
Kyrkjerådet har sett kritikken om dårleg leiing og arbeidsmiljø, og får spørsmål om dette er skildringar ein kjenner set att i, og om kva ein tenkjer om at ein tidlegare tilsett har opplevd arbeidsmiljøet slik.
Fagermoen understrekar at svaret er på generelt grunnlag, før han påpeikar at dei i Kyrkjerådet ynskjer seg ei verdibasert leiing.
– Det krev at leiinga tek tak i saker på ein skikkeleg måte, og at me som arbeidsgjevar strekkjer oss langt for å leggje til rette for menneske i ulike livsfasar og situasjonar.
---
Kva er Kyrkjerådet?
- Kyrkjerådet er eit folkevalt organ som fungerer som eit styre eller ei «regjering» for Den norske kyrkja. Rådet har 17 medlemmar og dei har blitt valt til vervet for fire år om gongen. Det er Harald Hegstad som no er kyrkjerådsleiar.
- Rådet styrer skuta mellom dei årlege kyrkjemøta, som kan samanliknast med ei generalforsamling, eller kyrkja sitt «Storting».
- Kyrkjerådet har ein administrasjon, eller eit sekretariat om du vil, der det vil jobbe om lag 80 personar når den nylege nedbemanninga er fullført. Desse er vanlege tilsette, ikkje folkevalde, og dei jobbar i ulike avdelingar for mellom anna økonomi, kommunikasjon, HR og kyrkjefag. Dei aller fleste i administrasjonen held til på Kirkens hus i Oslo.
- Ole Edvard Wold-Reitan er no kyrkjerådsdirektør, og dermed øvste leiar for administrasjonen til Kyrkjerådet. Denne saka handlar om forhold i administrasjonen til Kyrkjerådet, ikkje i det folkevalde rådet.
- I 2024 og 2025 har det blitt kutta over 40 stillingar ved kyrkjerådsadministrasjonen. Årsaka er fleire år med store underskot i Den norske kyrkja, mellom anna på grunn av stor vekst i pensjons- og lønskostnadar.
---
Han skriv at medarbeidarundersøkinga frå 2023 viser gode resultat kring leiing, mellom anna på tydeleg kommunikasjon rundt forventingar og at leiarar støttar sine medarbeidarar. Det skal vera ein oppgang samanlikna med undersøkinga i 2021.
Fagermoen viser til resultat for heile administrasjonen til Kyrkjerådet.
– Eg har respekt for at arbeidstakarar er forskjellige og kan ha ulike meiningar og opplevingar, sjølv om dette er det generelle biletet, skriv Fagermoen.
– Ein slik klausul vil sjeldan halde i lengda
Advokat Jon Wessel-Aas trur mange har ei forventing til at Den norske kyrkja skal vera open og transparent. Likevel understrekar han at dei også har eit ansvar for å ta omsyn til personvernet til tilsette.
– Kyrkjerådet seier formuleringar om konfidensialitet kom til etter ynskje frå arbeidstakar. Kan slike klausular også beskytte arbeidstakarar?
– Absolutt. Det kjem heilt an på den enkelte avtala. I tilfelle der det har vore ting som også er sensitive for arbeidstakar, og ein kanskje er oppteken av kva som skal bli formidla utad, ser eg ikkje noko problem med det.
Men han påpeikar likevel at han har vanskar for å sjå ein legitim grunn til at sjølve innhaldet i ei sluttavtale skal bli halde hemmeleg av omsyn til arbeidsgjevar, altså viss arbeidstakar sjølv ikkje har ynskje om det.
Generelt seier Wessel-Aas at det er visse krav til presisjon i teieklausular. Han seier dei bør tilpassast til kvar situasjon og ikkje trekkast lengre enn det er grunnlag for i saka.
– Viss det ikkje er gjennomtenkt, er faren at det blir ei standard-formulering som omfattar for mykje, mellom anna negativ omtale av arbeidsgjevar. Det er ikkje å anbefale, og ein slik klausul vil sjeldan halde i lengda, seier advokaten.

Konvolutt på døra
Den tidlegare tilsette fekk eit alvorleg helseproblem, og blei etter kvart sjukmeldt.
Éin dag har brent seg fast i minnet, fortel hen:
Det var nokre dagar ut i sjukmeldinga, og den tidlegare kyrkjerådstilsette hadde akkurat smurt seg to brødskiver og brygga ein kaffikopp, då det ringde på døra. Då hen opna sto det eit bod med ein stor konvolutt i neven. Den unge mannen bad hen signere.
Inne att på kjøkenet blei det klart kva som låg i konvolutten. Det var verkeleg ikkje noko hen hadde forventa: eit førehandsvarsel om oppseiing.
Då ektefellen kom heim, fortalde den tidlegare tilsette om brevet.
«Dette skal me klare», sa ektefellen og la armane rundt hen.
– Kyrkja meinte at eg ikkje har halde mål
Hen seier det gjekk kort tid frå sjukmeldinga blei sendt inn, til beskjeden om at arbeidsgjevar ynskte å avslutte arbeidsforholdet kom.
– Meiner du at det er ein samanheng mellom helsetilstanden din og ynsket om å seie deg opp?
– I alle fall kom det eit varsel om oppseiing kort tid etter. Men kyrkja meinte nok også at eg ikkje har halde mål. Det har eg svelgt. Fleire gonger i løpet av tida mi der, formidla dei at eg var éin dei ikkje ynskte.
Fleire gonger i løpet av tida mi der, formidla dei at eg var éin dei ikkje ynskte
— Tidlegare kyrkjerådstilsett
Kyrkjerådet, ved Jan Rune Fagermoen, har fått lesa kritikken frå kjelda. Han skriv at ingen arbeidsforhold hjå dei er avslutta med sjukmelding eller helsetilstand som grunngjeving.
– Sjukefråvær gjev ikkje sakleg grunn til oppseiing i seg sjølv. Det forheld Kyrkjerådet seg til som arbeidsgjevar.
– Utover dette vil eg generelt ikkje kommentere kva saklege årsaker som ligg til grunn for at eit arbeidsforhold blir avslutta, då det er ein del av dialogen mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar, skriv Fagermoen.
Vil ikkje kommentere enkeltsak
Den tidlegare kyrkjerådstilsette seier det blei lagt fram grunnar til at kyrkja ville seie hen opp, men at hen meiner desse ikkje stemte.
– Det er minst to sider av saka.
Vårt Land har lagt fram denne kritikken frå kjelda for Kyrkjerådet. Fagermoen svarar slik:
– I Noreg er det høg terskel og store krav til dokumentasjon for å avslutte arbeidsforhold. I ein slik prosess er det vanleg at arbeidstakar og arbeidsgjevar legg fram si side av saka i drøftingsmøte, slik at den er så godt belyst som mogleg. Det er viktig for å sikre at arbeidstakarar blir rett ivaretatt. I slike møte blir det oppfordra til å ha med tillitsvalt, verneombod eller advokat for å sikre at grunnlaget for å avslutte arbeidsforholdet er sakleg, korrekt og blir forstått av partane.
Han skriv til Vårt Land at dei ikkje vil kommentere det enkelte arbeidsforholdet, då kjelda er anonymisert.

– Eg er heilt ferdig med kyrkja
Den tidlegare tilsette trur opplevingane hen hadde med å jobbe i kyrkja blei ekstra vonde fordi hen hadde høge forventingar til dei som arbeidsgjevar.
– Då eg såg stillingsannonsen kjente eg ei sterk kjensle av at det var eit kall. Eg tenkte at kyrkja måtte vera den beste staden å jobbe.
Det gjorde skuffelsen ekstra stor, for forventingane blei ikkje innfridde.
– Det var ekstra ille, fordi kyrkja representerer så høge ideal. Jesus er førebiletet.
Hen har i tida etterpå slite med at hen «ikkje var god nok».
– Eg trur sjølvtillit og sjølvforståing er viktige premiss for å levere godt, alltid.
Eg tenkte at kyrkja måtte vera den beste staden å jobbe
— TIdlegare kyrkjerådstilsett
Den tidlegare kyrkjerådstilsette har også bruka tid på å tenkje gjennom kva hen kunne gjort annleis og vore betre på. Difor har hen motvillig kjent seg letta då andre har fortalt om at dei også opplevde tida som tilsette i Kyrkjerådet vanskeleg.
Likevel har erfaringane sett spor.
– Etter tida mi i Kyrkjerådet er eg heilt ferdig med kyrkja.
– Trur du framleis på Gud?
– Eg er heilt overtydd om at det finst ein Gud. Fordi eg overlevde det året, fortel hen, og siktar til året med sjukmelding og oppseiing.
– Det sprengde alle grensene mine. Det året var sjokkarta.