– Han var mitt livs store kjærleik, seier Cecilie Hellestveit.
Ho, som nesten kontinuerleg lar orda renne ut av munnen på sine mange flytande språk, er stille, lenge.
Ho snakkar om han som ho skulle gjere til ektemann og få barn med. Mannen som ho mange år seinare skildrar som draumemannen alle kvinnene i Bergen ville ha, men som ho fekk – og mista.
Den store kjærleiken i Cecilie Hellestveits liv heitte Knut André Danielsen og var fotograf i TV2. Med base i det gamle trehuset på Nordnes i Bergen skulle dei forandre verda, saman, stjerneakademikaren og TV2-fotografen.
Det er ikkje denne mannen Hellestveit bur og har barn med i dag.
Ho møtte Knut André Danielsen midt i 90-talseuforien mellom sju fjell, universitetsstudiar og framveksten av ein heilt ny TV-kanal. Han var pen og smart. Dessutan hadde Danielsen vald bort legestudiet for å bli filmskapar. Han brann for rettferd og var streng mot dei harde.
Heftig oppvekst
Sjølv hadde ho ein omflakkande oppvekst. Cecilie hadde sjeldan tid til å slå røter ein stad, før dei flytta igjen. Ho hadde ingen søsken, og kjende seg konstant rastlaus. Etter kvart introduserte mora henne for politiske flyktningar frå Latin-Amerika som gjorde at Hellestveit lærte seg spansk og bestemte seg for å bli geriljasoldat i Guatemala. Ho skulle kjempe, men visste ikkje då at det var lovparagrafar som skulle bli våpena hennar. Då ho var tolv, skilde foreldra lag.
– Oppveksten var heftig, seier ho.
For Cecilie Hellestveit var det å møte Knut André Danielsen som å komme heim. I huset dei kjøpte på Nordnes var det fire soverom, to bad og plass til mange barn.
– Vi var forlova og skulle gifte oss.
Mektig rebell
Då Vårt Land møtte henne til intervju ved Karl Johans gate førre veke, låg det som skulle symbolisere døde palestinarar på Løvebakken. Aktivistane kravde at Norge skulle hindre eksport av militært materiell til Israel og trekke Oljefondet ut av investeringar på okkupert, palestinsk grunn.
Nokre gonger kjennest det ut som at eg har levd i 180 år
Og nettopp det spørsmålet er eit av dei Hellestveit har makt til å gjere noko med, som medlem av Etikkrådet – dei som bestemmer skjebnen til verstingselskapa Oljefondet overvakar og vurderer å utelukke frå investeringsporteføljen si. Det er berre eitt av mange verv og jobbar ho har.
– Eg representerer makta, men alle som kjenner meg vil kalle meg ein rebell. Eg har ein posisjon der eg kan utfordre dei vedtekne førestillingane våre.
Mange har høyrt Cecilie Hellestveit snakke på innpust og utpust om storpolitikk og krig, Midtausten og Russland, Putin og Netanyahu. Ekspertisen hennar er krigens reglar, og kva som skjer når desse blir brotne. Sjeldan har folk høyrt henne snakke om korleis det pregar henne som menneske, å jobbe slik med det som i ytste konsekvens er døden.
Cecilie Hellestveit kallar det rustningen sin. Ikkje mange menneske slepp innforbi.
Ho var nyleg på ein av sine mange turar til den ukrainske hovudstaden Kyiv for å skrive rapport om sivile ukrainarar i russisk krigsfangenskap. Ho undersøkte mellom anna påstandane om systematisk tortur. Bilete, vitnesbyrd og forteljingar utanfor det menneskelege.
– Eg er glad menneska er forgjengelege.
Dei som opplever krigens herjing gjennom dehumanisering, hat og grufulle opplevingar, slepp å vere med oss så lenge, argumenterer ho.
– Eg finn trøyst i at lidinga ikkje varer evig.
Har levd i 180 år
Ofte når Cecilie Hellestveit seier noko, blir det lytta til. Andre gonger ristar folk på hovudet, lar seg irritere, provosere og oppildne. Det er blitt ein slags livsfilosofi for henne.
– Det finst nesten ingen som lever eit så spennande liv som meg.
Ho blir henta inn av styresmakter, selskap og statsleiarar over heile verda, som ein respektert ekspert på Midtausten, folkeretten og krigsbrotsverk. Ho snakkar flytande russisk, spansk, fransk, arabisk. Ho har tusen tankar i hovudet samstundes. Mange av dei får politiske konsekvensar.
– Nokre gonger kjennest det ut som at eg har levd i 180 år.
For inni Cecilie Hellestveit finst det noko som har det travelt med å leve og virke.
Meir krig i verda, betyr travlare dagar for Hellestveit – som jobbar alle dei vakne timane. Hellestveit har vore flittig brukt som ekspert på konflikten i Midtausten, utan at ho har signalisert støtte til ein av partane.
– Enkelte skal du ikkje kunne sette i bås. Ingen skal kunne plassere meg. Eg skal vere fri. Det er ein metode eg har utvikla for å beskytte meg sjølv, seier ho.
Hellestveit ser seg sjølv som ein kanarifugl i gruva. Ho vil frigjere seg frå noko i det norske samfunnet som ho meiner er så konsensusorientert at det grensar til det ekstreme.
– Vi har ein så sterk hang til felles narrativ. Min jobb er å stille spørsmål, bringe inn andre perspektiv og alltid vere kritisk.
---
Fakta:
- Cecilie Hellestveit
- Alder: 52
- Yrke: Akademikar
- Frå heile Norge
- Bur på Grunerløkka i Oslo
- Sambuar med Erik og har tre gutar
- Ekspert på konflikten i Midtausten
---
På 1990-talet, då Cecilie Hellestveit trudde ho endeleg hadde funne ein heim, vart ho utplassert som fredsobservatør i Hebron på Vestbreidda. Den jula kom Knut André Danielsen på besøk.
Hellestveit hugsar korleis dei på julaftan stod stimla saman med turistar, diplomatar og palestinske kristne i Fødselskyrkja i Betlehem.
Eg er religiøs. Eg er ei lita brikke i eit stort maskineri. Mine behov og rettar er ikkje det viktigaste. Eg er del av noko større
I Betlehem den kvelden var òg den nyleg heimkomne palestinske motstandshelten Yasir Arafat. Det var kamera, blits og verdspressa på slep. Der og då var det så trongt i kyrkja at Hellesveit ikkje kjende nærværet av noko guddommeleg. Det var berre klamt, varmt og ho kalla eit surrealistisk sirkus på heilag grunn.
– Eg vart veldig lei meg, fordi eg hadde så høge forhåpningar, seier ho.
Seinare har Hellestveit hatt fleire sterke religiøse opplevingar i den same kyrkja og andre kyrkjer. Også i moskear og synagoger – verda over.
– Eg klarar ikkje sette ord på det som er trua mi. Og sånn vil eg at det skal halde fram. For det eg trur på er så stort at orda ikkje strekk til.
– Har du opplevd ting som ikkje lar seg forklare?
– Ja, eg er religiøs. Eg er ei lita brikke i eit stort maskineri. Mine behov og rettar er ikkje det viktigaste. Eg er del av noko større.
– Kva er det du har opplevd?
– Det er nokre samanhengar som eg ser, som eg ikkje kan forklare.
Saman med Arafat i Betlehem
Cecilie Hellestveit fornektar det vonde. Sjølv om ho er ekspert på krigens reglar og har sett groteske eksempel på kva det inneber å bryte desse reglane.
– Eg trur genuint at menneska er gode i botn. Med tilgang på rett informasjon, tar dei gode val.
Etter oppstyret i Fødselskyrkja i Betlehem, hugsar Hellestveit resten av juleferien i 1997 som ei fin tid. Ho og Knut André køyrde rundt i nabolandet Jordan og såg på steinformasjonane i Petra, flaut på det salthaldige vatnet i Dødehavet og åt på strandrestaurantane i Aqaba.
På veg til nyttårsfeiringa i den israelske raudehavsbyen Eilat opplevde dei å komme først til ei trafikkulukke. Mercedesen dei møtte var knust. I vegen låg kroppsdelar og i lufta var det død.
To dagar seinare sat dei under stjernehimmelen på stranda, medan kalenderen kryssa grensa til 1998.
– Vi sat der og snakka om kor skjørt livet er, men dette er vårt liv. Vi planla det perfekte livet saman.
I starten av desember året etter skulle Knut misse livet – på oppdrag for TV2 i Irak.
– I den augneblinken kjende eg noko som ikkje lar seg forklare.
Tolv månader etter stunda på stranda i Eilat, måtte Cecilie Hellestveit gravlegge draumemannen.
Ho fall inn i eit mørke og mista trua på kjærleiken. Ho prøvde å stogge mørkeret ved å jobbe mykje og reise verda rundt. Ho jobba i Midtausten, i New York, i Tyskland og i Paris. Den hektiske, travle Cecilie Hellestveit vart endå meir hektisk, endå travlare.
– Det er heilt ubegripeleg om det ikkje er nokon som styrer der oppe, seier ho og vender blikket oppover.
Fann livsledsageren
Ein kveld var ho attende i den franske hovudstaden etter ei doktorgradskollovkvie i Tyskland. Ho stilte seg framfor spegelen og såg nøye. Der såg ho sine første gråe hår. Ho var 32 år.
– Eg tenkte at eg måtte ut og finne mannen min. Så eg drog ut og dansa.
Cecilie Hellestveit drog til eit telt utanfor Gare de l’est. Ho fekk auge på ein fotograf som svirra rundt på dansegolvet med kamera.
– Han var veldig pen, og eg tenkte sånn: Kven er dette?
Det viste seg at han var halvt norsk, halvt tysk og budde i London – og dei hadde felles vener. «Ja vel, då blir du med meg heim», tenkte Hellestveit. Søndagen etterpå var dei eit par.
Fotografen i Paris var Erik Hannemann, som Cecilie Hellestveit seinare fekk tre barn med. I dag bur dei saman på Grünerløkka i Oslo.
– Knut André var den store kjærleiken, men Erik Hannemann er mannen i mitt liv.
Borna har spurd Hellestveit om ho skulle ønske at Knut André ikkje hadde døydd. Hellestveit har forstått hintet og bestått testen kvar gong. Eit eksistensielt spørsmål frå barnemunn.
– Då må du på ein måte sei at nei, det var sånn det skulle vere.
Ho skryt hemningslaust av Hanemann. På eit tidspunkt jobba han saman med forfattaren og historikaren Terje Tvedt og budde med Hellestveit. Hellestveit og Tvedt er begge kjend for å ta mykje plass.
– Då sa folk at Erik – han er ein mann som held ut.
Ho tenker ofte på Knut André Danielsen og ber han med seg i alt ho gjer. Heimen som ho har saman med Erik Hannemann er full av møblane Knut André og ho hadde i huset på Nordnes.
Cecilie Hellestveit var på utveksling i Sovjetunionen då den kollapsa. Ho var i Palestina då Yasir Arafat kom attende. I 2001 skulle ho intervjue Taliban til ei oppgåve ho skreiv for PRIO, då flya trefte tvillingtårna i New York.
– I livet mitt er det mange sånne historiske hjul, der eg plutseleg har hamna i storpolitikkens maskineri, seier ho.
Alt det ho har opplevd kan ikkje vere tilfeldig, tenker ho, og er bevisst si eiga rolle. Ho ser det som ei livsoppgåve å spele rolla som rebellen, den som ikkje spelar på lag, den som bryt forventinga, den som ikkje lar seg plassere i bås, den som løftar glastaket.
– Det kan ikkje berre vere plass til dei snille og flinke og lydige.
På bokhylla heime har ho alle dei religiøse bøkene stabla ved sidan av kvarandre. Fleire av dei – som Koranen på klassisk arabisk – har ho lese mykje i.
– Eg har aldri hatt anlegg for ateisme, men eg har søkt i alle religionane.
I Jerusalem har Hellestveit alltid kjend mykje religiøs energi, heilt frå første gongen ho kom til byen i 1994.
– Den byen har ein heilt spesiell stad i livet mitt, i bevisstheita mi, fordi eg har hatt så sterke opplevingar der. Som på 90-talet då alle trudde det skulle bli fred. Og så er eg veldig sensitiv for religiøs energi.
Den einaste staden Hellestveit kjenner seg like audmjuk, er i dei norske fjella.
---
4 raske
- Gud er: Hinsides orda
- Eg klarar meg ikkje utan: Argentinsk tango
- Boka alle må lese: Den norske grunnlova
- I gravferda mi vil eg ha denne låten: Gracias a la vida, sunge av Mercedes Sosa «live in Argentina»
---
Det er ein av grunnane til at ho dansar tango, ein dans med mykje energi.
Ho som i ungdommen bestemte seg for å reise til Guatemala for å kjempe mot amerikansk imperialisme som geriljasoldat. I staden skreiv ho landets første doktorgrad i krigens folkerett. Vi er vane med å sjå henne: bustete på håret, upolert, knivskarpe analysar som slår i alle retningar.
Ingenting er tilfeldig
Ho er hard med dei harde, som Fantomet, som Knut André Danielsen. I desember i fjor var det 25 år sidan han reiste frå henne for siste gong.
– Eg tenker at han lever vidare gjennom meg. At eg har tatt med meg enkelte av hans karaktereigenskapar.
Igjen er Hellestveit stille, lenger enn vanleg, utan rustningen.
– Spørsmålet er korleis du best skal utnytte den korte perioden du er her i verda.
Ho synst det er vanskeleg å tenke på at ho ikkje ville hatt det livet ho har i dag, om ikkje alt skjedde slik det gjorde.
Cecilie Hellestveit trur ikkje på tilfeldigheiter.