Kommentar

Kvar vart det av konsentrasjonen?

Svekka konsentrasjon er ikkje berre er eit personleg problem, men ein kollektiv konsekvens av smarttelefon, varslingar og ein alltid ventande meny av nytt, fengande innhald.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

På forsommaren snakka dei to teologane Patrik Hagman og Joel Halldorf engasjert saman om konsentrasjonen i podkasten Läsarpodden hos den svenske avisa Dagen. Boka dei tok fram, heitte Stolen Focus, med undertittel Why You Can’t Pay Attention, av journalisten Johann Hari.

At tankane vandrar når du vil fokusere på ei oppgåve, er ikkje eit nytt fenomen. Det er berre ikkje så artig å snakke om. Det kjennest som veikskap. Kanskje kan vi plukke opp nokre råd eller triks, men skotsikker blir konsentrasjonen sjeldan.

Det som gjorde dei to teologane så engasjerte, var at Hari i boka kasta lys over korleis svekka konsentrasjon ikkje berre er eit personleg problem, men ein sannsynleg konsekvens av våre nye levemåtar med smarttelefon, varslingar og ein alltid ventande meny av nytt, fengande innhald.

Hagman og Halldorf gjorde dette ekstra interessant ved å gå inn på korleis våre felles konsentrasjonsproblem også kan bidra til krig, slik vi har sett i Ukraina, og til at vi lar store samfunnsproblem få gå sin gang utan å få gjort noko med det.

Dårlegare evne til konsentrasjon kan gjere oss mindre i stand til å avsløre manipulerande forteljingar

—  Turid Sylte, journalist

Kvar var vi?

Hagman går nærmare inn på det ved å snakke om korleis teknologien speler inn på både vår menneskelege «hardware» og «software». Han viser til at Russland har gått i retning av ein slags etnonasjonalisme, som blir brukt til å grunngi krigen mot Ukraina. Hagman kallar dette eit skifte i «software», i haldningar og syn.

Samtidig har det skjedd endring i vår «hardware», i evnen til konsentrasjon. Kan denne endringa i vår «hardware» gi utslag på kva vi står for og meiner? Dårlegare evne til konsentrasjon kan gjere oss mindre i stand til å avsløre manipulerande forteljingar om kva som er røynda, eller til å sjå at røynda har nyansar, som igjen kan endre konklusjonar, ståstader og handlingar. Det kan også gå ut over vår samla evne til å ta tak i store problem som klimakrise og global matkrise, som krev at vi går saman og kan halde merksemda over tid.

Det kan kjennast lettare å lese berre overskrifter, eller det stoffet som underheld eller overraskar. Tunge, viktige spørsmål blir sett på vent. Sosiale medium som Facebook gir ytterleggåande ytringar meir vind i segla enn det som er mindre sensasjonelt og sprøtt.

Hagman er også oppteken av at konsentrasjonsevne og empati heng saman. Venner vi oss av med å leve oss inn i korleis andre menneske har det, fryktar han at vi manglar motivasjonen som trengst for å løyse problem som klimakrisa.

Gjenkjenneleg

Johann Haris bok Stolen Focus kom i januar. Den har blitt lesen med ekstra kritisk blikk, fordi Hari i 2011 vart suspendert frå avisa The Independent, skulda for å ha brukt sitat frå skriftlege kjelder og framstilt det som at han sjølv hadde gjort intervju med kjeldene. Hari erkjente ikkje alt, men vedgjekk at han hadde gått fram på ugreit vis mot fleire journalistar som hadde kritisert han.

Det kan sjå ut som Hari prøver hardt å ta lærdom. Ein dansk forskar, Sune Lehmann Jørgensen, skriv på sin blogg at han vart intervjua av Hari til boka, og at forskinga hans og intervjuet er referert samvitsfullt og sakssvarande. Jørgensen understrekar at han har lest berre det eine kapitlet der han er omtalt.

Hari kan også ha ein alarmistisk stil. Somme kritikarar meiner han tilfører lite nytt. Med alt dette sagt, er spørsmåla han tek opp, verd å dvele litt ved, og noko mange av oss kjenner igjen.

Fokusert i tre minutt

Når studier finn at kontortilsette i snitt held merksemda på éi bestemt oppgåve i berre tre minutt i strekk, meiner Hari at det ikkje handlar om svak vilje, men om store, teknologiske, invaderande krefter som legg føringar for livet vi lever, skriv han i eit essay i avisa The Guardian.

Sune Lehmann Jørgensen og kollegar følgde populære Twitter-taggar over fleire år, og fann at den kollektive merksemda om ein bodskap, skifter raskare. Det som er nytt og får fart på Twitter, lever kortare i merksemda der ute enn tidligare i Twitter-historia. Vi går raskare over til noko anna nytt og spennande.

Eit håp

Hagman viser til ei erfaring på ein tidagars taus retreat som håpefull. Den første tida gjekk hjernen på høggir, klar til å ta imot stadig ny informasjon til prosessering. Å meditere i 45 minutt og prøve å halde på nokre tankar, var ikkje enkelt. Mot slutten av dei ti dagane, gjekk det derimot langt enklare. Det meiner Hagman tyder på at om vi endrar miljøet rundt oss, vil konsentrasjonsevnen kome sterkare tilbake.

Kanskje kan kristne tradisjonar som bøn, stille stunder med pause frå aktivitet, og gudstenester med handfaste ritual som nattverd, vise seg ekstra verdifulle i lys av uroa for kva forstyrringane gjer med vår «hardware» som menneske.

Sommar og ferie kan opne for å hekte seg litt av det teknologiske merksemdkjøret. Kanskje kan det gi ein peikepinn viss konsentrasjonen sit betre etter å ha lufta hovudet i natur, opplevingar og relasjonar i nokre sommarveker.

Les mer om mer disse temaene:

Turid Sylte

Turid Sylte

Turid Sylte er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar