Kommentar

Underordning hindrar evangeliet

Debatten om kvinneleg underordning kjennest så utdatert at det burde vere unødvendig å gå inn i han. Men kva står det eigentleg i Bibelen om temaet?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Dei seinaste tre vekene har det kvervla opp ein debatt som dei færraste i det norske storsamfunnet trudde det var rom for i 2022.

Det massive fleirtalet av alle som gjekk i 17. mai-tog og vifta med norske flagg denne veka, er for likestilling mellom menn og kvinner. Likevel finst det framleis ein del konservative religiøse i Noreg – både kristne, muslimar og andre – som støttar tanken om at kvinner skal underordne seg menn.

Mest truleg meiner dei dette fordi dei ønsker å ta dei religiøse skriftene på alvor. Nettopp derfor kan det vere nyttig for ein kristen å sjå nærmare på kva som står i Bibelen om temaet.

Dei sentrale versa om underordning finn vi i brevlitteraturen i Det nye testamentet. Det heiter mellom anna at mannen og kvinna i eit ekteskap skal underordne seg kvarandre, i ærefrykt for Kristus. Er dermed problemet løyst, så vi kan rekne gjensidig underordning som eit kurant ekteskapsråd, at det handlar om å elske kvarandre og vise kvarandre respekt – «her er ikkje mann og kvinne»? Dessverre er det ikkje slik.

I dei aktuelle bibelversa blir det gong på gong understreka at kvinna skal underordne seg mannen i alle ting. Fleire av resonnementa viser attende til Det gamle testamentet. Dei nytestamentlege forfattarane vi kjenner som Paulus og Peter skriv innanfor ein jødisk skrifttolkingstradisjon, og tolking av dei gamle skriftene var eit viktig element i deira litteratur. Paulus viser såleis i 1. Korintarbrev til Guds straff over Eva i Edens hage når han kjem med påbodet om at kvinnene skal underordne seg mannen.

Etter syndefallet

Dei berømte orda til kvinna i 1. Mosebok lyder slik: «Etter mannen din skal du trå, og han skal herska over deg». Men er dette ein dom over alle kvinnene i historia, eit uttrykk for korleis kvinner i eldre tid blei oppfatta som mannens eigedom, eller eit litterært bilete på korleis Evas liv skulle fortone seg utanfor paradiset? Gjennom historia har mannlege maktpersonar klamra seg til det førstnemnde perspektivet, at kvinna skal underordne seg mannen i alle ting. Desse har funne god støtte i Paulus-breva, men er argumentasjonen i breva udiskutabel?

I resonnementet i 1. Timoteusbrev blir det vist til at det var Eva som lét seg lokke og som braut bodet, ikkje Adam. Poenget er tvilsamt, for ifølgje teksten i 1. Mosebok var det Adam som braut Guds bod – jorda blei forbanna for hans skuld. Og om Eva lét seg lokke, gjorde sanneleg også Adam det.

Dersom ein i vår tid held fast på at kvinner skal underordne seg menn, er ein i realiteten med på å hindre Guds rikes vekst

—  Alf Kjetil Walgermo

Dei to døma viser at sjølv skrifttolkinga til autoritetar som Paulus må underkastast eit granskande lys. Døm sjølve, som apostelen også seier. Dessverre har somme også i våre dagar vore redde for å vurdere sjølve på grunn av det Paulus skriv om kvinners underordning i 1. Korintarbrev, at det er eit «Herrens bod». «Den som ikkje godtek dette, blir sjølv ikkje godteken», heiter det bryskt. I mange eldre handskrifter står det i staden: «Om nokon ikkje skjønar, får han la det vera».

Mykje på grunn av den harde retorikken i delar av brevlitteraturen er kvinneleg underordning framleis eit tema blant ein del konservative kristne. Den uunngåelege trongen til å vri på kva underordning inneber, er likevel større enn den fundamentalistiske pliktkjensla til å følgje alle punkta i bibelteksten: Det er svært få i dag som hevdar at kvinner ikkje eingong kan tale i den kristne forsamlinga, som Paulus skriv, men heller spørje mannen sin når ho kjem heim. Bibelverset i 1. Korintarbrev gjer det nærmast umogleg for ei kvinne å ytre seg utanfor heimen.

Dette synet har det vestlege, moderne samfunnet forlate for lengst – også konservative kristne.

Det første vitnet

Alle forstår med andre ord at bibelversa om at kvinner skal nektast å tale, ikkje er gyldige for kristne i vår tid. Somme omdefinerer problematikken til eit spørsmål om kvinnelege prestar, eller om kvinner kan ha åndeleg læreansvar. Sjølv om det moglegvis er gjort med dei beste intensjonar om å vere bibeltru, blir likevel sluttresultatet gale når ein framleis tviheld på restriksjonar for kvinnene.

Tenestedeling burde i kristen samanheng handle om å dele på å dele den gode bodskapen, at Kristus er stått opp, ikkje om å lage båsar for kvarandre. Konservative kristne burde i utgangspunktet ha føresetnadene til å lese alle bibelord i lys av Kristus, som gav det viktigaste læreoppdraget – å forkynne oppstoda – til ei kvinne. Skulle Maria Magdalena ha vore hindra i å vitne om den oppstadne Kristus for disippelflokken?

Vi er også nøydde til å prøve apostelen Peters argument i breva som etter gammalt er skrivne av han. Korleis brukar han Det gamle testamentet i argumentasjonen for kvinneleg underordning?

Her er det også ein del diskutable tolkingar å finne. 1. Petersbrev fortel til dømes at Sara var lydig mot Abraham. I bibelforteljinga om Sara og Abraham er det ikkje akkurat Saras lydnad som trer klarast fram – snarare tvert om. Det var Abraham som var lydig mot Sara, kona si, ikkje berre éin, men fleire gonger. Han lystrar når Sara ber han om å gjere Hagar gravid. Og han lystrar når ho ber han om å sende Hagar og sonen Ismael bort.

Sjølv Gud seier til Abraham: «Du skal høyre på alt det Sara seier til deg». Når Peter brukar Sara-forteljinga som argument for kvinneleg underordning, snur han det meste på hovudet. Tolkinga held ikkje mål i møte med det bibelske materialet ho bygger på.

Underordning hindrar vekst

Peter og Paulus skreiv breva sine inn i ei samtid med fundamentalt andre samfunnsstrukturar enn vi har i vår tid. Paulus gjorde alt for evangeliets skuld og gjorde samtidig nokre strategiske vurderingar som fungerte den gongen, og ikkje i dag. Det same med Peter.

Når det står om underordning i 1. Petersbrev, handlar det om å ta vare på samfunnsstrukturane i samtida for at evangeliet skulle vekse og gro. Peter, som Jesus peikte ut til kyrkja sin grunnvoll, og Paulus, som blei den kristne truas viktigaste ambassadør, hadde kyrkjevekst i tankane – og takk for det! Den same innstillinga må vere til stades i dag, at vi må ha auge for kva slags samfunnsstrukturar som gagnar evangeliet. Dersom ein i vår tid held fast på at kvinner skal underordne seg menn, er ein i realiteten med på å hindre Guds rikes vekst.

Underordning er ikkje eit Guds bod til kvinner. Både kvinner og menn er kalla til å elske Gud og elske kvarandre. Det gjer vi best på like fot.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar