Kommentar

Lov og grov urett

Kvar blir det av orsakinga frå det norske rettsvesenet for alle bidraga til det norske Holocaust?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Den norske kyrkja har, gledeleg nok, sett i gang eit grundig arbeid om tilhøvet til jødane. Det kan føra til orsaking nummer to. Bispemøtet beklaga for snart ti år sidan at kyrkja under krigen var taus, fram til det var for seint. Då protesten kom, 10. november 1942, var hundrevis av jødar klargjorde for Auschwitz. Kyrkja vil finna meir ut av årsaka til at ho var taus.

Andre har minst like stor grunn til å gå inn i historia. For det kyrkja var taus om dei to første krigsåra, var det andre nordmenn som utførte: Inndraging av jødiske radioar, registrering av jødar, inndraging av verdiar og arrestasjon av uskuldige. Alt på grunn av rase.

Likvidasjon

Den viktigaste boka i haust er Likvidasjonen. Synne Corell dokumenterer at folk som skulle forvalta lov og rett, følgde Quislings lov, utan å stilla spørsmål. Den økonomiske likvidasjonen vart gjennomført fordi jødane skulle avlivast. Dette var eit norsk prosjekt – beordra av og utført av nordmenn.

Quisling-regimet vedtok lov om inndraging av jødiske formuar, 26. oktober 1942 – same dagen som jødiske menn blei arresterte. Bustyrarar reiste frå heim til heim. Dei var utdanna for å forvalta døds- og konkursbu. No gav dei seg friviljug i kast med å ribba levande uskuldige for alt dei eigde.

Vi som borgarar må vera trygge på at juristar og rettsvesen står vakt når grunnleggjande menneskerettar står på spel. Eit godt tidspunkt for ei orsaking er 26. oktober neste år, 80 år etter den svarte dagen i 1942.

—  Johannes Morken, gjestekommentator

Verdiane gjekk til statskassa, bortsett frå edelt metall som okkupantane ville ha. Dei som har sett bustyraren putta verdiar i lomma hos familien Braude i filmen Den største forbrytelsen, vil – etter å ha lese Corell – leggja bort tanken om at dette var unntak.

Skattevesenet var nazifisert, påpeikar Corell. Og Riksrevisjonen ytte ingen motstand då opplegget for å gjera jødiske verdiar om til pengar vart godkjent på nokre få timar 20. november 1942.

Urettsstatens historie

Jødebuoppgjeret i 1998 gjorde, så langt råd, opp for økonomisk urett. Men boka til Corell bør føra til eit juridisk oppgjer med urettsstatens historie.

Skarpnes-utvalet som i 1997 førte fram til jødebuoppgjeret, kunne vore eit langt viktigare bidrag enn det blei. Men fleirtalet som representerte juss og okkupasjonshistorie, tviheldt diverre på at mandatet berre var å rekna ut skilnaden mellom det som vart registrert og det som vart tilbakeført etter krigen.

Verdiane som vart borte i korrupsjon, skulle ikkje ettergåast. Det vart lite plass til den store forteljinga om økonomisk likvidasjon som del av den fysiske. Gledeleg nok lytta Stortinget til mindretalet.

Staten tok oppgjeret. Juss- og rettsvesenet flest har ikkje gjort det.

Slapp lett unna

Juristen Christopher Harper har som forskingsassistent gjort eit viktig arbeid. I artikkelen «Det ufullstendige oppgjøret» har han gått gjennom landssviksakene mot alle som deltok i konfiskasjonen. Tittelen spelar på boka Det vanskelige oppgjøret som professor Johs Andenæs skreiv om landssvik-oppgjeret. Men Andenæs gjekk ikkje inn på bidraga til Holocaust.

Harper viser kor lett dei som deltok i konfiskasjonen, slapp unna. Dei strengaste straffene gjaldt NS-medlemskap, eit alvorleg landssvik. Men ved berre å døma for «bistand til fienden», bidrog rettsvesenet til avsporing av kva konfiskasjonen handla om – deltaking i folkemord, påpeikar Harper.

Skampletten

Då er vi komne til eit lågmål for rettsstaten – frifinninga av politiinspektør Knut Rød. Som avdelingsleiar i Statspolitiet hadde Rød det øvste og utøvande ansvaret for arrestasjonane av jødane i Oslo og Aker. I Eidsivating lagmannsrett blei han berre tiltalt for «bistand til fienden», han slapp tiltale for «ulovlig frihetsberørvelse». Med attestar frå kollegaer og Heimefrontens beste menn, som Gunnar Sønsteby, om viktige bidrag i motstandskampen, vart Rød frifunnen og fekk jobben tilbake.

NS var klar på kor viktig juristane var for å byggja eit arisk samfunn. Mange juristar stilte opp, også i sviket mot jødane.

—  Johannes Morken, gjestekommentator

Georg Fredrik Rieber-Mohn, som både har vore riksadvokat og dommar i Høgsterett, har iherdig forsvart frifinninga. Rieber-Mohn har godteke alle premissane til lagmannsretten. Ein av dei var at Rød, som sat døgnet rundt for å organisera arrestasjonane, sytte for omfattande varsling. Skal vi tru dommen, var det nærast Røds ære at mange hundre jødar kom seg unna. Det er det ikkje ført prov for.

Treng orsaking

Advokatforeningen gav HL-senteret 50 000 kroner til undersøkingane som Harper gjorde. Det bør ikkje stogga der. Saman med til dømes Dommerforeningen, Riksadvokaten og Høgsterett bør Advokatforeningen ta eit grundig oppgjer.

NS var klar på kor viktig juristane var for å byggja eit arisk samfunn. Mange juristar stilte opp, også i sviket mot jødane.

Vi som borgarar må vera trygge på at juristar og rettsvesen står vakt når grunnleggjande menneskerettar står på spel. Eit godt tidspunkt for ei orsaking er 26. oktober neste år, 80 år etter den svarte dagen i 1942.


Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Kommentar