Kommentar

Regjeringa famlar med krisene

Det kan nesten verke som Ap/Sp-regjeringa ikkje var førebudd på krisene som skulle treffe Norge.

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

Omikron-viruset herjar Norge samstundes som straumprisane får sjølv dei verste frysepinnane til å skru ned varmen. Vi må heile 25 år tilbake i tid for å finne ei verre straum-krise enn den vi opplever no. Omikron-varianten av covid-19 er ein uviss fiende som helsestyresmaktene framleis strevar med å forstå, og som trugar regjeringa til å gjennomføre ytterlegare nedstengingar.

Bakpå i handteringa

Alt dette ville vore mykje for kven som helst å handtere, men det festar seg no eit inntrykk av at Ap/Sp-regjeringa hamnar bakpå i møte med krisene.

Eit eksempel på famlinga er den utydelege kommunikasjonen frå regjeringa:

Det er vel og bra at regjeringa og statsministeren tenker seg om, men famlinga frå regjeringa gir gode kår for opposisjonen som med klokkeklar retorikk kan etterlyse kraftfulle tiltak. Som då Frp-leiar Sylvi Listhaug før helga kravde at regjeringa bladde opp og gir norske straumkundar fleire tusenlappar tilbake før jul. SVs Lars Haltbrekken har også kravd ei utbetaling til straumkundane før samfunnet tar juleferie.

Forplantar seg

Konsekvensane av straumkrisa blir spesielt ille viss vi ser dei i samanheng med dei etter kvart store og langvarige konsekvensane av koronapandemien. Prisen på varer og tenester veks raskare enn folk klarar å betale for. For eksempel kunne Nationen melde at prishoppet på straum no truga med å gjere maten dyrare, fordi bønder og gartnarar allereie har måtte tole ei kraftig prisauke på gjødsel og bygningsmateriell. Småbrukarlaget rekna tidlegare i haust med at dei galopperande straumprisane kunne gje bøndene minst ein halv milliard i ekstraordinære kostnadar. Spesielt utsett er dei som produserer tomatar, agurk og julestjerner.

Veljarane forventar at dei som har tatt ansvaret med å styre landet, navigerer samfunnet trygt gjennom kvardag og kriser. Støre-regjeringa må vise veljarane tydelegare at dei var førebudd på å styre Norge.

—  Emil André Erstad, kommentator

Eksempelet viser at konsekvensane av krisene forplantar seg i heile samfunnet.

Vi veit at bøndene ikkje er åleine om å fryse og slite. Alle dei som har dårleg råd frå før, mange av dei jobbar i sektorar som har vore hardt ramma av restriksjonane frå pandemien, får no endå større problem med å betale rekningane som skyt i været. Vi ser òg at utryggleiken rundt konsekvensane av den nye omikron-varianten skapar ei uviss førjulstid for mange næringar, for eksempel utelivsnæringa som risikerer at store delar av julebordssesongen går fløyten.

Utgreiing, ikkje somling

Ei regjering skal avvente, vurdere og så treffe tiltak som passar situasjonen. Utgreiingsinstruksen er ein berebjelke i det norske styringssystemet. For eksempel er dette med ei eventuell kontantutbetaling til straumkundane eit komplisert spørsmål som ikkje berre kan avgjerast ein ettermiddag i SVs fløy på Stortinget. Regjeringa må ta stilling til ei rekke spørsmål: Kor fort kan utbetalinga skje? Kva grupper skal den omfatte, for å sikre at dei som slit med å betale straumrekningane får den hjelpa dei treng? Har NAV system som kan sørge for at utbetalinga kan skje før jul? Det er mange kompliserte element som krev avklaring.

Likevel står fram Støre-regjeringa som litt for avventande og vurderande. Då får folk ei oppleving av at det ikkje finst noko plan, at det ikkje finst noko strategi. Det skapar ei kjensle av manglande leiing i ei tid der mange opplever krise. Det er i tider som dette folk treng stødig leiarskap, ikkje unnvikande svar.

Manglande autoritet

Den same kjensla får vi når det gjeld tiltak mot smitte og omikron-varianten. Helseminister Ingvild Kjerkol verkar i det heile tatt usikker i møte med både viruset og eigne fagfolk. Der Bent Høie snakka til befolkninga med autoritet og sjølvsikker tru på eigne vedtak, verkar Kjerkol meir utydeleg og famlande i svara sine. Vi får ei uunngåeleg kjensle av at styresmaktene er bakpå.

Det er forståeleg at regjeringa slit. Utfordringane den står overfor no, er store. Det er ikkje daglegdags at ei norsk regjering står overfor så samansette og omfattande kriser samstundes. Likevel visste Jonas Gahr Støre, Arbeidarpartiet og Senterpartiet kva dei gjekk til. Både koronaviruset og dei høge straumprisane truga i bakgrunnen då Norge gjekk til valurnene i september.

Kriser kan styrke

Viss vi samanliknar med då Erna Solberg tok over styringa av Norge i oktober 2013, er det heilt tydeleg at Støre-regjeringa har fått ein tøffare start. Samstundes er det eit velkjend fenomen i statsvitskapen og politikken at dei som styrer kan styrke seg på kriser, dersom krisene vert handtert på ein god måte. Erna Solberg og Høgre styrka seg på den kontante og effektive handteringa av pandemien våren 2020. Støre og Ap/Sp-regjeringa kan oppnå same effekt, dersom det vert meir leiing og mindre famling.

No merkar veljarane famlinga godt, noko vi har sett klare utslag på meiningsmålingane frå november. Dei siste tiåra har det vore sjeldan at det største regjeringspartiet har gått tilbake på målingane dei første månadane etter at partiet kom i regjering. Arbeidarpartiet har no ein klart fallande tendens på målingane.

Veljarane forventar at dei som har tatt ansvaret med å styre landet, navigerer samfunnet trygt gjennom kvardag og kriser. Støre-regjeringa må vise veljarane tydelegare at dei var førebudd på å styre Norge gjennom krisene.


Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kommentar